Gå til innhald
04/10/2011 / kjersti70

Matpakke-post

Her kjem eit innlegg dedikert til matpakken! Like før skulen begynte igjen bestilte eg to matboksar frå Junaiten – spent på om det var eit godt kjøp eller ei. Vi har vore svært godt fornøgd! Grunnen til at eg valgte desse var at her var fleire små rom, at ein kan sende med noko flytande, at dei var i metall , og at dei kan vaskast i oppvaskmaskin. I praksis har dei oppfyllt alle desse kriteria, og har ein del tilleggsbonusar som vi ikkje tenkte så mykje over, t.d. at metall leder kulde, og at det er plass til eit tynt kjøleelement i veska. Boksane kjem frå Plantetbox og kostar med dagens kurs like under 200 norske kroner for kun boksen, og ca 350 norske kroner for full pakke med veske og små tilleggsboksar. Med denne summer kjem ein altså over 200 kroner, og må betale moms i tillegg – det er 25% av dei 350 kronene + 25% av frakta. Det blir nokre kroner, men ikkje slik at ein blir ruinert av det… Vi kjøpte  fullt sett til begge ungane, og tok heile leveransen i same pakke. Ein kan godt leve med berre boksen – den sklir heilt fint ned i ein sekk. Våre ungar syns det er stas å ha dei i ei eiga veske, og da får ein også plass til ein liten kjølepose.

Slik ser min morgon ut. Boksane blir henta frå oppvaskmaskinen (dei går veldig fint inn i maskina), og eg fyller i. Det største rommet er det nede til høgre i boksen. Her får ein plass til tre brødskiver i stabel. Glutenfrie skiver er alltid små, og får god plass. Gutungen som får vanlig brød har plass til skiver av formbakte brød.  Store brød må eg kanskje kutte litt i kanten for at dei skal få plass (må forresten beklage elendige Iphone-bilder!!)

Her er jentungen sit matpakke. Brødskiver, plommer og nektarin, ein pølsesnabb, fiskekake og agurk, nøtter og mandler, tomater og ein boks med makrell i tomat. Ho får med seg ein kniv i ei lomme som er på veska matboksen ligg i.

Og her er poden sin matboks – nokså lik. Skiver, ei skorpe med ost, plommer og nektarin, nøtter og mandler, og fiskekake med agurk.  

Slik ser dei ut når dei er pakka ned i veskene! Denne dagen hadde dei også flasker med, men vi har droppa dei nå sidan det er melk på skulen.

Slik er boksane tomme. Det er veldig bra metall i dei syns eg. Solid vare.

Her er den såkalla «big dipper». Den passar ned i det største rommet, og vil nødvendigvis stele den mest opplagte plassen til skivene. Eg har brukt den litt – hatt yogurt og havregryn i f.eks. Da har eg sendt med litt mindre brød og delt dei i to slika at dei går ned i eit par av dei mindre romma. Boksen er ikkje tett i seg sjølv, men har ei silikonplate i lokket slik at boksen blir pressa saman når den ligg inne i hovedboksen. Det gjer at ingenting lekk ut. Også denne er veldig lett å  halde rein. Heile silikonplata i lokket er lett å ta ut. I pakken eg kjøpte fulgte det også med ein mindre metallboks som går inn i eit av dei små romma. Her er det også plass til litt yogurt (bl.a. alt innholdet i dei minste frå Danonino), men egnar seg veldig bra som dip for grønsaker, dressing eller saus.

Moms, toll og frakt seier du? Ja, det kjem i tillegg. Nett no er dollaren slik at prisen for boksen aleine er under 200 kroner (utan bag og ekstra boksar). Da slepp ein unna med kun frakt. Men stadig vekk vippar dollaren over 200 igjen og da vil moms, frakt og toll komme i tillegg. Det gjer ikkje store forskjellen for meg – boksane har vore verdt pengane hos oss i alle fall, og dei ekstra kronene betyr ikkje all verden. Eg syns dei er kjekke å bruke, maten ser bra ut, og det gjer det litt lettare å tenke kreativt på morgonkvisten.

Boksane er i utgangspunktet blanke, men ein kan få kjøpt magnetar til å legge på. Vi kjøpte eit sett til kvart barn, men stort sett forblir dei på kjøleskapet. Dei var stas i starten, og friskar jo opp boksen. Der er bra utvalg, både for voksne og barn. Under er eit døme. Bildet er frå www.planetbox.com

4 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. underveis / Nov 23 2011 12:43

    wow! Ser kjempefint ut. Min gluten- og melkefrie femteklassing får 15 minutter til å spise på skolen – da er utfordringen å gjøre maten enkel nok så han faktisk får nok i seg. Ikke frukt, Mamma, det har jeg ikke tid til. Jaja. Da tar vi frukten hjemme….

  2. Hanna / Feb 7 2012 10:30

    Jeg håper ikke du har sluttet å blogge? Hilsen leser som gleder seg over inspirerende og viktige blogginnlegg fra deg.

  3. kjersti70 / Feb 7 2012 10:36

    Nei, men eg er midt i husbygging, så bloggen er blitt lagt midlertidig til sides 🙂 Burde nok ha lagt igjen ein beskjed om det. Men tenker ofte på at ditt og datt skulle ha vore blogga om. Det kjem, det kjem 😀

  4. Hanna / Feb 7 2012 13:31

    Det var godt å høre. Lykke til med husbygging! Jeg gjemmer bloggen din og ser frem til nye innlegg når tiden og overskuddet til den er der igjen:-)

Kommenter innlegget