Skip to content
14/08/2009 / kjersti70

Fiskesuppe som også barn likar

I går sto fiskesuppe på menyen. Eg har ikkje tidlegare laga dette så ofte og har inga god oppskrift. Så eg googla, og fann ei oppskrift som eg tok utgangspunkt i. Suppa blei veldig godt mottatt, sjølv om ungane mine er skeptiske til alt som har med fisk å gjere (sørgelig men sant). Det hjalp nok på at dei var skubbsultne etter 3, litt våte, timar i blåbærskogen.

Oppskrifta under er basert på denne oppskrifta hos Aperitif, men med litt justeringar etter vår smak.

fiskesuppe

2 gulrøtter
1 purre, det kvite og litt av det grøne
2 persillerøtter
2 stilkar selleri
1 pressa kvitløksbåt
1 ss meierismør
200 gr Philadelphiaost eller annan nøytral smørbar ost
1,5 l vatn + 2 terningar fiskebuljong (sjekk at det ikkje er gluten i)
2 ss creme fraiche, om du vil
2 ss maizena rista ut med 1 dl. matfløyte
2 ss saft frå sitron
Fisk, så mykje du vil ha. Kombiner gjerne laks med kvit fisk
Reker, så mykje du vil ha
Salt, pepper og eventuelle grønne krydder

Kutt alle grønsaker smått; eg skar dei ned til ca. 1×1 cm. Fres grønsaker i smør nokre minutt. Ha i buljong og ost. La det koke opp. Ha i creme fraiche, blandinga av maisenna og fløyte, samt sitronsaft. Kok opp på ny og smak til med salt og pepper. Rens fisken og skjer i små terningar, ca. 2×2 cm. Slå varmen av panna og ha fisken i. La den stå på ettervarmen nokre minutt til fisken er gjennomkokt (det går veldig fort). Legg rensa reker i suppeskålene og ha suppa over. Server gjerne med kvitløksbrød til.

Som sagt, ungane åt mykje. Eldste fiska også opp fiskebitar, medan minsten nøya seg med å dyppe brød i suppa og å ete med skei. Utruleg nok klaga dei ikkje på dei grøne purreløkbitane. Kanksje var dei for små til at dei brydde seg om det. Dette blei masse suppe, så det er rikelig til to voksne og to barn.

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. Teresa / Aug 21 2009 15:04

    Hei Kjersti

    No har arkitekten oppdaget denne bloggen din også. Var tilfeldigvis innom byggebloggen og då kom eg over denne. Her var det både fine tanker, nydelige bilder og tiltalende oppskrifter. Sistnevnte skal nok prøves ut. Veldig inspirerende. 🙂

    Snakkes.

    t

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: