Gå til innhald

Kontroll

«Kontroll» er eit viktig ord i vår familie. Kontroll med kva som er i alle produkt. Kontroll over rutinar på kjøkkenet for å unngå smitte av gluten. Kontroll med kva som blir servert kor. Og ikkje minst Kontroll av blodsukker, Kontroll med insulindosar og Kontroll av fiber. Korleis vi konkret vurderer insulindosane hennar kan du lese meir om i denne posten. Under skriv eg meir om tankane rundt dette å ha kontroll og det å mestre sjukdommane.

Eg tenker på det av og til når eg tuslar rundt i butikken for å handle mat. Eg ser andre foreldre kastar nedi matvarer heilt fritt, utan å stille spørsmål. Dei kan velge å kjøpe kva det måtte vere i butikken, alt etter om det passar smaksløkar og lommebok. Og ja, etter at eg blei bevisst på korleis ulike type matvarer påverkar blodsukker i kroppen, er eg skeptisk til kva enkelte har i handlekorgene. Diabetes og cøliaki har gjort meg til ein matsnobb. Eg vil ha minst mulig karbohydrat, mest mulig fiber og ingen gluten. Prisen gir eg meir eller mindre blaffen i. Eg har slutta å sjå på prislappen når eg handlar. Og rubbel og bit av det vi får av stønad for sjukdommane går til mat. Det er det verdt!

Vi har hatt to hovudmål heile tida:

A) At jenta vår skulle oppleve matglede, og ikkje føle at sjukdommane begrensa henne

B) At vi skulle ta kontroll over sjukdommane, ikkje omvendt.

Nå har vi levd med diabetes og cøliaki som «nisse på lasset» i snart tre år. Så langt syns vi at vi har greid å oppnå måla våre. Det skuldast dels vår eigen innsats, men like mykje at jenta har vore påverkeleg. Ho har vore nysgjerrig på ny mat og har vore villig til å smake (noko bror hennar ikkje er). Ho er glad i mat og har god appetitt. Ho har blitt litt uvanlig i matvegen, men likar også det som alle andre barn elskar, søtsaker inkludert 😀 Og det er lov! Eg må seie at jenta et like mykje søtsaker som vi hadde gitt henne om ho ikkje hadde diabetes. Ho får is i butikken, lørdagsgodt, kake / vafler i familiebesøk, ein sjokoladekjeks på ein vanlig onsdag, kakao på tur, sjokolade på kino og risengrynsgraut med vanlig, søtt sukker. Ho et kanskje mindre søtsaker enn mange andre norske barn, men det skuldast ikkje diagnosen hennar; det skuldast at vi som foreldre ikkje syns at søtsaker høyrer heime i kvardags-kosthaldet.


Matglede

Vår vesle uhøgtidlige matfilosofi vart i grunn utvikla gjennom to trinn. Først fekk vi påvist diabetes, og hadde time hos ein hyggelig ernæringsfysiolog på sjukehuset. Budskapet var ja til fiber, reduser på stivelse og sukker. Grønsaker var flott og godt, grovt brød var ein av dei viktigaste byggesteinane. Vårt problem var at jenta ville ikkje ha brød. Ho hadde alltid holdt seg til middagsmat, yogurt og havregraut. Stakkaren hadde nok merka at ho blei dårlig av gluten, men var for liten til å fortelle om plagene. Det vart mykje middagsmat og havregraut det neste halve året, men ernæringsfysiologen kunne trøste oss med at havregraut var veldig bra og at interessa for brød ville nok komme etter kvart. Vel, så kom resultata frå rutinetesten på cøliaki. Og den hadde utslag! Vi blei forbausa, men ting begynte då å falle på plass; aversjonen mot brød, det vekslande humøret, dei fryktelige bleiene (helsesøster meinte ho reagerte på fiber i epler). Sjølv før biopsien som vart tatt fleire månader seinare var eg heilt innstild på at jenta hadde cøliaki. Første glutenfrie brødet bakte eg før biopsien; eg måtte finne ut korleis det smakte og om ho ville like det.

glutenfritt-brord

Og brødet blei godt mottatt! Eg måtte ta bilde av henne; er sit diabetikeren med cøliaki og et brødskive med blåbærsyltetøy! 😀 Javisst går det an, heilt utan problem også 🙂

One Comment

Kommenter innlegget
  1. Vigdis (Blossom) / Feb 11 2009 08:50

    Hei

    dette var en virkelig interessant blogg for en som har ei frøken som virkelig sliter med maten og reaksjoner på gluten/melk/egg … og vi får ikke noe diagnose… må til legen med henne igjen – men her skal jeg suge til meg mer inspirasjon for vi må få lagt om hele kostholdet vårt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: