Gå til innhald
02/10/2011 / kjersti70

Kan ho ete salat?

Ja, det har eg blitt spurt om av nervøse foreldre som skal ha jenta mi på besøk. Nå er ho blitt 8 ( snart), og stadig vekk er det aktuelt å bli med små venner på besøk etter SFO. Da er det enkelte familiar som får noko å gruble på. Ikkje berre skal maten vere god, den må og vere glutenfri. Sunnhets-aspektet må eg ærlig innrømme blir satt litt til sides ved besøk hos andre, med mindre ho skal overnatte og ikkje har folk rundt seg som kan takle ei karbohydratbombe i natta. Så vårt fokus er at ho får glutenfri mat, først og fremst. Elles ønsker vi ikkje å blande oss opp i den andre familien sitt middagsvalg. Eg veit at mange blir svært glade for å få tips om lette løysingar. Dei fleste familiar har ofte middagsrettar basert på ferdigmat som ikkje er glutenfri. Det er ikkje utan vidare enkelt når ein plutselig og spontant får ein cøliaker til middagsbordet. For den som lurer, her følgjer ei liste på raske, lette middagar som krev minimalt med kokkekunnskaper. Så enkelt at den forelderen som alltid serverer tomatsuppe frå pose, som aldri har laga omelett, kan greie det. Kriteria er:

Glutenfritt
Finst i nærbutikken
Raskt å lage («ferdigmat», eller hakket før)
Enkelt å lage
Ikkje direkte usunt i forhold til diabetes. E-stoff-problematikk tar vi ein annan dag.

Steikte fiskekaker, fiskepudding eller steikt laks med grønsaker, salat, ris eller potet

Pølser. Ja, dei er glutenfrie. Eg har aldri funne pølser med gluten. Grønsaker, salat, ris eller potet til.


Lys lapskaus på boks frå Trondhjem. Sjølv bestefar på 80 taklar denne. Den smakar heilt … sånn passe ingenting. Mine barn sin favoritt er eg redd, men ikkje så ofte vi har det. Blir tatt fram når det er 20 minutt til fiolintimen.

Grillkylling med tilbehør. Ikkje alle nærbutikkar har dette, men hos nokon er det aktuelt. Enkelte cøliakere et ikkje grillkylling då krydderet KAN ha gluten. Vi har aldri merka nokon reaksjon på dette hos vår jente.

Kjøttboller av ein del vanlige merker, bl.a. Gilde (NB – IKKJE Gilde sine svenske kjøttboller) og Coop (medlemstilbud 1 kilo kjøttboller til 30 kroner). Coop sine er ikkje steikt i palmeolje! Serverast med salat, grønsaker, ris eller potet, fetaost, ketchup m.m. Mine eigne heimelaga kjøttboller går alle desse kjøttbollene ein høg gang, men eg krev ikkje at andre foreldre skal lage mat frå grunnen av.

Wok med kjøtt, kylling eller fisk, men utan saus. Ris eller risnudler til (ikkje vanlige nudler). Dei utan cøliaki kan ha saus på ved bordet.

(bilde frå dinmat.no)

Pytt i panne original frå Findus. Usj, seier nå eg, men den er i alle fall glutenfri. Serverast med speilegg og salat. NB – må vere den som er merkt med «original»! (fløtestuet har gluten).

Eg kunne nok ha føyd på ein del meir her, men lar det bli med dette. Har du gode tips så følg på!

2 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Martin / Nov 4 2011 16:53

    Hei.
    Jeg er pappa til en cøliakergutt. Ville bare kommentere det du sier om pølser. Jeg tror ikke du skal ta for gitt at alle pølser er glutenfrie. Vi bruker Gilde sine produkter, men vi har opplevd at blant annet svenske pølser kan inneholde gluten.
    Ellers vil jeg bare oppmuntre deg til å skrive mer om cøliaki og andre allergier. Jeg har ihvertfall blitt veldig inspirert til å lage mat fra bunnen av, og da glutenfritt. Har blant annet en deilig potetstappe som alle liker veldig godt.
    Stå på.
    Hilsen Martin Ege

  2. kjersti70 / Nov 18 2011 10:23

    Nettopp! Eg har verkeleg lurt på kor pølsene med gluten i er! Vi handlar jo aldri i Sverige, så vi har vel unngått glutenpølser da kanskje? Eg veit at det var snakk om at IKEA sine pølser hadde gluten, så dei har vi unngått.
    Du må gjerne dele oppskrifta på potetstappe 🙂 (Sjølv om potetstappe er ein «killer» for blodsukkeret…. godt er det likevel).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: