Matfilosofi
Vi har ein matfilosofi i vår familie. Den er ganske rund; dvs vi følger ingen diett eller har spesielt strenge regler. Det syns vi er viktig, særlig når vi har med barn å gjere. Likevel; vi har ein matfilosofi, og kostholdet i familen har endra seg mykje etter at jenta vår fekk diagnosane. Det har blitt dreid bort frå kostholdet vi hadde, til noko som er mykje meir spennande! Eg vil nesten sei at vi aldri har ete så masse god og deilig mat som etter at diabetes og cøliaki kom inn i vår familie.
For å ta starten først:
Når jenta vår fekk påvist diabetes blei vi fortalt at det var viktig med fiber slik at blodsukkeret kunne fordele seg over tid. Mykje grønsaker var viktig. Karbohydrat måtte ein også ha; det er viktige byggesteinar for kroppen. Det gir høg blodsukkerstigning, men kombinert med mykje fiber vil dette fordele seg over tid. Brød var ei super kjelde her; og naturlig sidan vi bur i Norge der vi er veldig glade i brød, og brød blir servert over alt. Yes. Topp. Supert! Vi gjekk i gang med liv og lyst, men sleit litt med at jenta som snart var 3 aldri ville ete brød. Så rart?
Forklaringa var nok at ho merka at ho blei dårlig av det, men klarte ikkje formidle det til oss. Vel, tross mangelen på brød syns vi at vi fekk til eit ganske bra kosthold for henne. Det var i grunn det same som vi alltid hadde hatt. Mykje havregraut, frukt, tomater og middag.
Så kom cøliakien eit halv år etter. Av sjukehuset (ikkje eit vondt ord om folka der; vi er veldig fornøgde) viste oss kva produkt vi kunne bruke; at vi kunne bake glutenfritt brød og i bunn og grunn fortsette kostholdet som før, men bytte ut vanlig mjøl med glutenfritt mjøl. Eg må seie at eg då begynte å tenke litt. Eg kom meg aldri på bakekurs med Cøliakiforeningen (det vil eg gjerne), men begynte å lure på kvifor alle snakka om «brød» så snart ein nevnte «cøliaki». Kanskje lurte eg på dette fordi eg er arkeolog og veit godt at folk har levd veldig godt i tusenvis av år utan jordbruksprodukt. Dei levde på grønsaker, bær, nøtter, urter og røtter, fisk og skjel, kjøt og egg. Dei var friske og sunne, og dødde av heilt andre årsaker enn underernæring. Sidan den tid har vi biologisk sett ikkje endra oss. Dette burde da tyde på at vi kan greie oss veldig bra utan gluten?
«Må vi ha brød?» tenkte eg da.
Medan desse tankane fekk modne hos oss, så kjøpte vi oss flott kjøkkenmaskin til å elte deig, og kjøpte inn på alsken rare ting av pofiber, fiberhusk, rismjøl og ting eg aldri har høyrt om før. Vi begynte å bake, vi syns det smakte godt, og jenta åt brød for første gong i sitt liv. Men AKK! Blodsukkeret steig deretter. Det var IKKJE lett å dytte nok fiber inn i desse glutenfrie brøda. For ikkje å snakke om den glutenfrie ferdigmaten; baguetter, pizza og kjeks (som er propp fulle av sukker for å gi god smak). Vi syns maten var det reine søppel og mykje av det smakte papp! Sidan ho steig så mykje på denne maten måtte vi gi større dosar insulin, noko som i hennar tilfelle ga større fare for føling seinare.
«Enn lite karbo da» ? tenkte mor, søkte på nettet, og fann at der var ein stor disputt mellom fagpersonar om karbohydrat var bra eller dårlig for diabetikere, om Fedon var eit geni eller ein sjarlatan, om brød var bra eller dårlig osv osv osv. Det var ikkje lett å orientere seg, men eg sat igjen med ei forståing for at det finst andre måtar å takle diabetes og cøliaki enn å tviholde på dette glutenfrie brødet som er ei utfordring å få bra nok ernæringsmessig, og som stort sett berre gir trøbbel i forhold til diabetes.
Så vi strøyk brødet ut av vår meny; alle fire, oss tre utan cøliaki også. Omtrent samtidig begynte vi (endelig) å få pleiepenger og hjelpestønad. Dette blei nokre tusen kroner inn på konto i månaden. Alt gjekk til mat, ikkje spesialmat for cøliakere, men masser av grønt, bønner, egg, kjøtt og fisk. Vi kjøpte jordbær tre gonger i veka, fleire korger, slik at ein kunne proppe seg full av jordbær! Jenta fekk alt ho ville av dei beste cherrytomatene (som ho elskar). Til frokost åt vi egg; enten kokt, steikt eller som omelett, og alltid masse salat til. Vi bytta poteter ut med kikerter eller bønner. Vi brukte naturris i staden for vanlig ris. Og vi slutta heilt å sjå på prislappen. Det kosta meir, men vi sparte mykje på redusere mengden av snop og kaker i huset. Og vi satt igjen var masse matglede i familien. Baksida av medaljen var at mykje av denne maten tok lenger tid å lage. Frokost gjekk stort sett like raskt som før, men middagen blei det brukt meir tid på. Etter ein seks vekers tid avslutta vi eksperiementet og dreide litt tilbake til gamle vanar med brød til frokost. Likevel: vi har ikkje gått heilt tilbake til kostholdet vi hadde, for nå hadde vi fått smaken på salat og linser!
Eg bakar sjølvsagt glutenfritt brød til henne, vi er på ingen måte motstanderar av karbohydrat. Som 3-åring åt ho ca. 1-2 skiver for dag, nå når ho er 5 et ho 2-3 per dag, og kanskje eit glutenfritt knekkebrød. Eg likar å bake for henne, så dette er ikkje eit stort problem, men vi meiner sjølv vi har god gevinst i at vi tilbyr henne andre alternativ også. I matpakken sin får ho gjerne 3-4 tomater, salatblader, agurkpinnar rulla i kalkunskinke, og kokt egg. Ein annan dag har ho kanskje med seg cottage cheese med bær og ein neve nøtter/mandler. Det er også populert med ostebitar, skinkebitar, agurk og tomat. Rester av middag er populært, særlig kjøttboller. Ho likar også røykt laks som ho slurpar i seg saman med egg.
Vi er på ingen måte fanatiske. Der er både potet og brød i huset, men eg vil seie at kostholdet vårt er meir variert og balansert enn før. DET er eg overbevist om at har vore bra for henne, og det kan ha bidratt til at ho har ein diabetes som er relativt enkel å regulere. Og så er det deilig at vi alle et den samme maten! Det å sleppe å lage spesialmat til henne heile tida har vore befriande! Den naturlig glutenfrie maten tar tid å lage, men vi syns det har vore verdt det.
Eg kan legge til at vi er ikkje redde for sukker. Eller fett for den del. Vi har ikkje sukkererstatningar i hus. Ho får vanlig sukker på grauten, og alt eg bakar som skal vere søtt er laga med sukker. Vi syns ikkje dette er vanskelig å regulere: vi gir ein god dose insulin etter at vi har sett kor mykje ho åt, og etter det er vi kvitt det «problemet». Barnehagen opplever det samme; der blir det feira med kake for kvar bursdag. Det krev ei ekstra måling eller to i etterkant for å halde blodsukkeret under oppsyn, men det er i grunn det heile. Pumpe er fantastisk!!
I brunn og grunn lever jenta med eit stort «JA» til mat. Dette er vår matfilosofi!
Bravo, bravo, jeg glæder mig veldig att komme paa besök og ete den spennande maten hos dere. Good luck – keep it going!