Glutenfri komle / raspeballer
Kva er det med oss mødre, som skal absolutt gjenskape barndommens matrettar? Komle, også kjent som raspeballer, kompe, klubb m.m er ein av dei rettane eg hugsar frå min barndom. Det er ein slik klassisk vestnorsk rett som eg gjerne vil overføre til mine barn. Dei må jo ha komle, liksom! Nei, den er ikkje spesielt sunn, og full av gluten. Ikkje eit ideelt utgangspunkt. Dessutan; det er kanskje ikkje stort poeng å lære cøliaki-barnet å like komle, når ho likevel ikkje kan ete komlene som er å få kjøpt over alt på torsdagar? Eg kunne likevel ikkje dy meg, og MÅTTE prøve meg på glutenfrie komler i går. Eg fekk det til, dei blei kjempegode, og cøliaki-barnet forsynte seg godt.
Og ja, ein må lage komlene frå grunn av. Ferdigposane i butikken er basert på vanleg mjøl. Dessutan blir dei betre om ein lagar dei sjølv. Dersom ein søker på nettet finn ein oppskrift på glutenfrie komler, men mange av dei er basert på potetmospulver. Nei takk, seier nå eg. Eg tok i staden utgangspunkt i eit oppskrift frå ICA som såg heilt ok ut.
GLUTENFRIE KOMLER / RASPEBALL (burde vere nok til 6-7 personar)3 kokte poteter, kalde 8 rå poteter 3 dl. grovt glutenfritt mjøl (t.d. frå Toro) 1 neve glutefrie havregryn 1 ts salt Tilbehør: Kålrot (som du enten koker i skiver i gryta, eller lagar mos av) Gulrot
Salt lammekjøt i skiver Godt steikt flesk (også kalla «bacon» blant enkelte) Ei god, grov pølse (Osterøykorv i vårt tilfelle, vossakorv er også flott) …. eller ei vanlig fin middagspølse til kresne små gutar Svineknoke om du vil (dette brukar aldri vi).
NEI, ein skal ikkje ha poteter i komlegryta!!
Ein startar med å koke opp vatn i den største kjelen du kan finne. Ha i lammekjøtet, og la det trekke i ein time. Skum av ved behov. Skrell og rasp potetene. Eg brukar ei slags rasp etter mi tante Brynhild. I følge mor mi sikrar det eit godt resultat på komlene – vanlig rivjern eller matmølle gir ikkje same gode komlene. Eg trur kanskje det er å overdrive betydningen av denne litt primitive redskapen, men eg tør ikkje prøve andre ting i redsel for at mor mi kan ha litt rett. Og når eg tenker meg om – kanskje det er denne raspa som har gitt opphavet til namnet «raspeball»?
Det går forresten overraskande greit å raspe potetene på jernet. Dei kokte potetene skal mostast og blandast saman med dei rå. Kvell av det meste av potetvatnet i bollen. Ha i resten av ingrediensane og rør godt. Konsistensen skal vere slik at litt masse kan samlast i ei hand, men søkk saman. Om lag som ein bolledeig kanskje? Er massen for laus blandar ein inn meir glutenfritt mjøl. Deretter finn ein seg ei skål med vatn og ei stor skei. Sett opp temperaturen i gryta litt og lag komler med fuktig skei og fuktig hand. Dei skal vere litt mindre enn ein tennisball. Legg ei og ei komle forsiktig ned i det varme vatnet (gjerne svakt boblande), og la dei sette seg litt før du legg i ei ny komle. Det er lettast om du senker heile skeia med komla på ned i gryta og lar den sakte gli av. La komlene trekke i minst 30 minutt, gjerne ein time (syns nå eg da). Ha også i kålrabi og gulrøtter. Du kan også koke kålrabien for seg og lage mos av den. Ha pølsa i mot slutten, og steik flesk.
Server med melk, enten sur eller vanleg.
Takk for tips! Har i lang tid lovet min samboer raspeballer og siden jeg holder meg unna gluten for tiden (for å se om det hjelper) så var det kjekt å finne en glutenfri oppskrift som ser lovende ut 😉
Denne skal jeg prøve. Har cøliaki og flytt til vestlandet. Men jeg aner jo ikke hvordan potetball skal smake siden jeg har spist dette som jente i oppveksten. Har aldri lagd det selv.
Tusen hjertelig takk for oppskrift!
Jeg brukte 2 dl Jytte mjøl, 2sp fiberhusk og en neve med glutenfri havregryn som nevnt!
Komlene ble overraskende gode! 🙆😍👍👍