Skip to content
18/05/2009 / kjersti70

Ketchup – sundt eller usundt?

Hadde du ketchup på pølsa den 17?

ketc

Eg har vokse opp med at ketchup ikkje er bra for ein. Ein visste ikkje heilt kva det var, men det var ikkje bra. Ein kunne til nøds ha ei tynn stripe ketchup på pølsa. Mulig dette kom som ein reaksjon på at «alle» pøste ketchup på all mulig slags mat?

Eg har gjort bittelitt useriøs forskning på ketchup, og innholdet i flaskene varierer veldig. Er du skeptisk til tilsetningsstoffer (noko som vi alle bør vere), er det mykje å sette fingeren på, men det er ikkje meir usunne ting her enn det vi finn i svært mange heilt vanlige matvarer i butikken. Sukkerinnholdet varierer veldig, så dette bør ein vere bevisst på. Det positive er at ketchup inneheld masse lycopen, ein antioksidant som er krefthemmande. Tomat er bra saker og ketchup er ei antioksidant-bombe. Sånn sett kan ein seie at den er litt usunn, men jammen meg sunn også. I vanlige, moderate mengder meiner eg at ketchup er bra. Og derfor er ketchup ja-mat i vår familie, men vi har reglar for kva ketchup passar til. Ein av dei matrettene som skal ha ketcup er pølser, og sidan ingen av oss orkar pølser mange gonger i veka, så begrensar dette ketchup-bruken.

Men kva er god ketchup? Eg googla og fann bl. a denne testen i Aftenposten. Eg las testen med stor interesse, og såg at eg hadde ein av testens taperar. Så eg gjekk sporensstreks og kjøpte meg Bergbys ketchup, ein av testen sine vinnerar. Stor var forundringa når eg kunne konstantere at eg var heilt uenig med testpanelet. Eg syns den smakte dårligare enn den eg hadde i skapet frå før. Og for første gong slo deg meg kor ulik smak ketchup frå ulike produsentar er! Eg er forresten på jakt etter Heinz sin som blei nr. 2 i testen; den med mindre sukker i. Den må eg prøve!

Men EGENTLIG burde eg heller lage min eigen ketchup, då slepp ein jo alle tilsetningsstoffene. Oppskrift finn du bl.a hos Matoppskrifter.no, hos Din mat  her og  Har du prøvd å lage din eigen ketchup; fortell meg om det! 🙂

Advertisements

2 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Eirin / Mai 20 2009 09:31

    Den fra Heinz synes jeg er litt syrligere, den handlet jeg inn for en uke siden rettogslett fordi jeg ble litt lei av Idun sin tradisjonelle. 🙂 Helt ålreit smak, men Heinz synes jeg det er litt mer pang i. 😉

  2. annetten / Jun 3 2009 14:32

    Jeg har ikke laget tomatketchup, men derimot mangoketchup, og det ble veldig godt. Supert som tilbehør til kyllingburger.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: