Havreavkok – omgangssjuke
Her i huset har diabetesbarnet hatt ein dag med omgangssjuke. I dag har ho vore mykje betre, men trengte å vere heime frå skulen for å få magen i gjenge igjen.
Alt som ho putta i seg i går kom opp igjen i løpet av eit kvarter. Likevel er det viktig å få inn væske og næring; for kroppen greier å ta til seg litt likevel. Ein av dei tinga som ho greide å få i seg var litt havreavkok. Dette fekk eg sjølv som barn, og det pleier stort sett å bli akseptert av den sjuke.

Kok gryn i vatn ca. 10 minutt. Hell blandinga gjennom ein sil/sikt og ned i ei skål. Smak til avkoket med litt saft; det gir ein finare farge (rååsa! ) og søtare smak. Eg har brukt saft med sukker, men sukkerfri saft går jo også fint.
Blodsukkeret holdt seg fint og stabilt heile dagen. Det plar gjere det når ho er sjuk. Det er vanlig at det styrer seg sjølv heilt; pumpa er kobla på og gir basisdosen, og sidan ho ikkje et noko særleg får ho svært sjeldan bolusdosar. Som regel er ho nesten lettare å regulere når ho er sjuk, og ikkje et, enn når ho har vanlege dagar med måltider.
Denne gongen med omgangssjuke fekk vi derimot problem. Årsaka var at brønnen til pumpa slutta å fungere. Det får ein kalle dårlig timing, for slikt er vanskelig å oppdage når diabetikeren ikkje tar bolusdosar. Detvar først seint på kvelden, lenge etter at vi tok forrige mål, at vi oppdaga at ho hadde for høgt blodsukker. Då ga vi med penn, og skifta brønn, men det tok likevel tid før blodsukkeret vart normalt. Kombinasjonen oppkast – dehydrering – høgt blodsukker var også uheldig. Faren for alvorlig uttørking er sjølvsagt langt større når den som har omgangssjuke også har høgt blodsukker! Så eg sat med henne i fleire timar og ga henne jevnlig små munnar vatn. Eit glas med sugerør fungerte fint, og ho drakk i halvsøvne. Elles verka formen hennar bra; ho var både fornuftig og samarbeidsvillig mellom bøtteslaga, og ettersom sjukdommen slapp taket og blodsukkeret havna der det skulle vere, sovna både mor og barn ganske utmatta på morgonkvisten 😉
Hei og hå!!
Omgangssyke….huff og huff, det er noe drit!! Håper B har kommet over det nå, og at dere andre i heimen har sluppet unna!!
Jeg hørte rykter om at du skulle komme i kveld?? Det hadde vært kjempekos!!
Klem og ha en flott dag!
Jannhild