Skip to content
01/10/2011 / kjersti70

Familiehelg – diabetes

For ikkje så lenge sidan deltok eg og jentungen på treff for familiar i Hordaland som har diabetes som del av sin kvardag. Det var både inspirerande, lærerikt og tankevekkande. Fint for jenta, som ser andre barn med pumpe, fint for mor å få litt perspektiv. For kva har egentlig vi å slåss med, i forhold til familien der tre av fire har diabetes, og nå har fått beskjed om at minsten på 2 også har cøliaki? Og sjokkerande nok er vi visst heldige som har pumpe – der finst barn som har venta eit år på å få. Dei har foreldre som kastar lange blikk etter den vesle vidunder-maskinen dei berre har høyrt om. Perspektiv får ein også når den 19-årige diabetikaren uttalar at han ikkje ville levd utan diabetes, om han kunne velge. For dette er blitt del av den han er og livet han lever. Han ønsker det slik. Det blir stille i salen av slikt – alle grublar. Går slikt an? For enkelte – kanskje ja. For mange andre unge – nei. For ei diabetikermor – aldri. Men det er nyttig å vite at for nokon blir dette ein livsstil, ein «annerledeshet» som ein vil vere i, ei rolle å fylle, noko meiningsfylt å vere i.

Det var kjekt å møte andre, og befriande. Ein far uttalte at det var fantastisk å møte andre som var oppriktig interessert i å høyre om dottera hans sin diabetes. Heilt riktig sagt! Eit av høgdepunkta var foredraget til Line Merethe Østenstad frå Medtronic, firmaet som står bak diabetespumpa. Det var svært nyttig frå A til Å. Vi har allereie begynt å snuse på å bruke pumpa slik ho eigentleg skal brukast. Vi øver oss på heimebane. Etter denne helga har vi gjort nye skritt. I dag er det lørdag. Eg har skumle tankar om å justere opp basalen – tenke seg til!

Alt i alt – eit vellykka treff. Inspirerande, lærerikt og godt. Vi kjem meir mannsterke neste gong. Tusen takk til barn- og familieutvalget i Diabetesforbundet Hordaland!

(foto: interflora.no)

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. Vala / Okt 1 2011 22:49

    Ja det var en flott samling i år!! Jeg håper at det fra neste år blir enda lettere å komme i kontakt med hverandre, utover de gruppene som kjenner hverandre godt fra tidligere 🙂 Det er noe med praten på kveldstid som også er gull verdt.

    Etter foredraget har vi forsøkt oss frem på kombinasjonsbolus – noe vi ikke hadde turt før. Men jeg har fremdeles veldig lyst til å ta i bruk bolus wizard…. men er veldig usikker på om jeg tør la oss hoppe ut på dypet uten at det har blitt ordnet/sett på av barneklinikken eller noe..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: