Gå til innhald
06/02/2010 / kjersti70

Oldemors appelsinhyse

«JIPPI, appelsin til middag!» , ropte min 4-åring i dag.

Islendingen, min mann, har ofte snakka om hysemiddagane hos si bestemor på Island (hyse er for østlendingar kolje). Han er ingen stor kokk (i det heile tatt), og fekk meg til å prøve å lage det samme. Det var ingen stor sak; for oppskrifta er svært enkel, kvardagsleg, og svært god. Dette er veldig barnevennlig mat; fisken er krittkvit og delikat når den er steikt, skorpa rundt er sprø og fin, og kombinasjonen med appelsin vil dei fleste barn like. Dessutan vil eg meine at hysa er fastare enn f.eks torsk, og vil derfor tåle steiking betre. Den flakar seg mindre. For cøliakeren er denne oppskrifta eit godt alternativ til fiskepinnar; ja, eg vil seie eit mykje BETRE alternativ. Fiskepinnar er nå fiskepinnar – på grensa til kva ein kan kalle fisk. I oppskrifta under er fisken kombinert med appelsin, men du kan sjølvsagt kombinere som du vil, t.d. remulade.

Det du treng til denne middagen:

Hyse (kolje), nok til alle som skal ha
Poteter
Appelsiner, ca 1/2 pro pers

Panering laga eg av:

4 ss. glutenfritt mjøl (eller vanlig mjøl om du ikkje treng glutenfritt)
2 tss salt
1 tss paprikapulver (kan utelatast)
2 nevar knust glutenfritt cornflakes (la det i ein pose og knuste det)
1/2 ts. pepper

Først sette eg på potetene, deretter blanda eg paneringa og skar opp fisken. Eg smelta smør i ei godt varm steikepanne og panerte deretter fisken. Dette er IKKJE vanskelig! Sjå bildet under; min 6-åring panerte all fisken sjølv, utan hjelp, og kan ho så kan alle! Sørg berre for at fiskestykka er tørka lett med papir slik at dei ikkje er altfor våte. Paner like før du legg dei på panna.

Og steik i rikelig olje /smør (eg brukte berre smør), på ganske sterk varme. Det tar berre nokre få minutt på kvar side før fisken får fin farge.

Du SER vel at dette er sprø panering?

Server fisken med kokte poteter (eller det du måtte like), appelsiner skorne i skiver (med skal og det heile, det plukkar ein av under måltidet), grøne salatblad og ein saus om du vil. Det kan vere remulade, smelta smør, eller denne appelsinsausen som vi hadde i dag.

Og fleire bilde tok eg ikkje, for vi var opptekne av å ete! Diabetikeren foretrakk å ete berre hyse og appelsiner, utan potet. Fire-åringen ville gjerne ha fleire fiskestykke, og oss to voksne angra på at vi ikkje hadde steikt ein filet til 😀

5 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Birgit / Feb 7 2010 11:21

    Dette så kjempegodt ut! Og jeg har aldri sett/tenkt over kombinasjonen kolje/appelsin. Spennende. I butikken her har de bare røkt kolje. Har hverken sett eller smakt annet enn røkt, når jeg tenker meg om. Er det noen annen fisk jeg kan bruke, tro? Sei, kanskje?

  2. May Hege / Feb 10 2010 19:23

    Hei Kjersti.

    Så fin blogg!
    Kjempemessig for meg som har fått påvist hveteintoleranse.
    Et skattkammer her jo!

    Fantastisk nydelige dise barna dine !

  3. kjersti70 / Feb 10 2010 19:59

    ja, eg vil tru sei kan gå, sjølv om eg helst forbind sei med seibiff 🙂 Rødspette går sikkert veldig bra, og du kan nok prøve deg med torsk også. Den flakar seg lettare da. Hyse er ein torskefisk 🙂

  4. kjersti70 / Feb 10 2010 20:06

    Så kjekt 🙂 Berre pass på; det kan vere hvetestivelse i enkelte ting her; tåler du det? . Eg sjekkar ikkje for dette, fordi jenta mi tåler det. Mange glutenfrie mjølblandingar har hvetestivelse.

  5. Islendingen som ikkje kan lage mat / Mai 8 2010 18:46

    Eg brukte oppskrifta på ein torsk eg og borna fanga no i ettermiddag. Den var på ingen måte for laus i kjøtet.

    Fisken var 1,15 kilo, 450 gramm filitert. Dei siste stykka vart ikkje panerte fordi oppskrifta var litt for lita.

    Dette er framleis ein av borna sine favorittmiddagar så det var godt du ikkje var heime denne helga ettersom det ikkje var nok til fire 🙂

Kommenter innlegget