Skip to content
02/02/2010 / kjersti70

Kyllingkebab, og litt om utbeina kyllinglår

Det har komme eit nytt produkt på marknaden! Dvs, min vesle lokale nærbutikk har fått det, men eg finn svært lite opplysningar på nett. Det eg har fått tak i er utbeina kyllinglår, frå Prior. Kanskje er eg så tidlig ute at dei har ikkje rukke å få i gang annonseringa? Kyllinglåra brukte eg til å lage dette: gode, saftige, deilige, kyllingkebabs, denne gong med indisk smak

Eg har lenge ønskt meg utbeina kyllinglår i butikkane. Grunnen er at eg er ikkje så veldig glad i MUK-kjøt, dvs. kyllingkjøttdeig. Det har ikkje med smaken å gjere, men med tanken. MUK står for maskinelt utbeinet kjøtt, og du kan lese meir om det i linken eg ga. Det er ikkje spesielt festelig lesning, men når det er sagt så er eg i utgangspunktet positiv til at mest mulig av eit dyr skal brukast som mat. Vi moderne mennesker er blitt litt for godt van med filetmat. Når det er sagt; mat som er laga av noko det ikkje ein gong er lov å kalle «kjøt», høyres ikkje bra ut. Eg har derfor unngått pakkane med kyllingkjøttdeig, sjølv om kylling er både godt og sundt. Eg har prøvd å lage min eigen kyllingkjøttdeig med kyllingfilet, og resultatet blei akseptabelt, men litt for tørt. Eg trong låra! Nå kan ein sjølvsagt kjøpe rå kylling og plukke av kjøtet sjølv, men kor mykje tid skal ei tobarnsmor bruke på matlaging da?? Derfor, gleden over dette produktet! For å lage gode, muk-frie, glutenfrie kyllingkebabs tager man:

2 pakkar utbeina kyllinglår
1-2 kyllingfiletar om du vil (eg tok dette fordi eg hadde i frysen)
3 ss potetmel (ca)
3 ss nøytral olje (ca, eg berre plumpa opp noko)

Ha alt dette i ei matmølle (foodprocessor), og kjør det til kjøttdeig. Det er nesten like raskt som å opne pakken med MUK-masse!

Deretter smaksetter du kjøttet med det du måtte like. For ein indisk variant tok eg:

1 fedd kvitløk, pressa
1 valnøttstor klump fersk ingefær, hakka smått
1 ts. salt
1 vårløk hakka smått
2 ts karripulver
2 ts garam masala
1/2 dl + pluss litt meir korianderblad (dette kjøper eg i buntar, hakkar opp og fryser i glas)

Som de ser: ingenting sterkt her. Dersom eg laga dette til vaksne hadde eg nok hatt i litt chilipulver. Sett steikomnen på 220 grader, om du då ikkje har vore klok og gjort det tidlegare. Dersom du brukar trespidd så legg dei i vatn nå.  Ta fram eit bakebrett med bakepapir (eg hadde ikkje det, og måtte bruke olja folie i staden, gjekk bra det også). Finn fram ei skei og ein kopp vatn. Form «pølser» med skei og ei fuktig hand. Det går overraskande greit. Mine blei kanskje litt tjukke; skal prøve å lage dei tynnare neste gong.

Her er rullane i rå versjon. Etter at eg tok bildet stakk eg eit spidd inn i kvar pølse. Dei skal deretter inn i omen i berre 5 minutt, for å stivne litt. Ta deretter brettet ut, og la det kjølne medan du lagar tilbehøret (faktisk kan du nå også fryse dei ned om du vil). Eg satte på ris, og lagde ein grønsakscurry. Då tok det eg fann i kjøleskapet:  1/2 blomkålhovud, ein rødløk og eitpar skrella poteter i bitar. Eg kunne også hatt i gulrot, kikerter, eller andre grønsaker. Deretter brukte eg sauspasta frå glas, og her kan du nesten velge kva indisk saus du vil. Om du orkar kan du sjølvsag lage eigen saus frå grunn av, men det orka ikkje eg, i alle fall ikkje denne dagen. Pastaen eg brukte skulle blandast med 1 boks tomater. Grønsakene fekk stå å putre seg gjennomkokt medan eg steikte spidda ferdig.

Her er curry’en in process. Eg freste grønsakene litt rundt før tomatene vart satt i gryta.

Kyllingspidda steikte eg på grillpanne (vanlig panne går også), i olje. Dei trengde litt tid for å bli heilt gjennomsteikt, kanskje 10 minutt eller så. Sjekk med å stikke i dei med kniv. Servert med ris, grønsaker med saus, papadums (desse er naturleg glutenfrie) og ein god klatt mango chutney. Heile familien åt så vi holdt på å sprekke. Kyllingspidda er også fin restemat. Jentungen har eit spidd med seg på skulen i dag, og har med creme fraiche som dip i eit lite beger. Alt i alt; suverent god, glutenfri diabetesmat. Eg tippar dei er gode med tacopulver også; det prøver vi neste gong!



Advertisements

2 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Birgit / Feb 2 2010 18:09

    Genialt, takk for tipset! Må sjekke om de har fått det i butikken her.

  2. Jorunn / Feb 5 2010 14:05

    Dette skal prøves i morgen !!
    ( og ingen kyllingkjøttdeig hos oss mer ….) Takk for tipset fra meg også;o)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: