Gå til innhald
11/10/2010 / kjersti70

Vi har feira sju år – glutenfri pizza og kake

Da er sukkerbarnet feira som seg hør og bør! Vi hadde ti glade barn her, som alle fekk glutenfri pizza og kake, og sukkerfri brus. Dei gjorde reint bord! Seinare i veka kom familie på besøk, og vi hadde ei meir «voksen» kake med vaniljekrem og kaffesmak i sjokoladekremen. Den får få ein eigen post seinare.

Mykje har skjedd sidan forrige post i bloggen, men eg kan ikkje ta alt her og nå. Men det kan nevnast at vi har vore til ny kontroll på sjukehuset og konstantert at langtidsmålet har gått litt opp, dvs. 7,6, og dermed så vidt over grensa for kva dei syns er ok for barn (7,5). Vi veit kva det skuldast – høge mål på kveldstid etter ho har sovna. Det har vore ein tendens i fleire veker, og på tide vi fekk justert. Nå har vi endra på basaldosen på pumpa, og dei siste måla er gode! Nå prøver vi å jobbe oss nedover mot 6-talet.

 

Feiringa av fødselsdagen og festmaten var planlagt veker i forvegen. Valet fall på pizza og sjokoladekake med pyntelokk bestilt frå Picture on Cake.  Når det gjeld kaka juksa vi fryktelig, og valgte Toro langpannekake som vart steikt som rund kake i form. Vi la på sjokoladekrem inni og på toppen, og la på sukkerlokket med ponny-motiv.

 

Spart tid på komplisert kake-baking, vart i staden brukt på å lage glutenfri pizza. Det er opplagt at pizza i barnebursdag krev meir førebuing enn den meir tradisjonelle hotdog-varianten. Likevel syns vi at det var enklare når sjølve selskapet var i gang. Ungane kunne forsyne seg sjølv, og ein slapp å følge opp ungane med meir pølse, med og uten brød, ketchup, sennep,  løk + diverse. Mindre søl blei det egentlig også.

GLUTENFRI PIZZA
1 pk. gjær
1 dl olivenolje
1 ts salt
2 ss fiberhusk (kan utelatast)
5 dl lunka vatn
10 dl. glutenfritt mjøl (gjerne blanding av fint og grovt)
Rør gjæren ut i vatn og tilsett alt det andre. Elt i maskin og hev til dobbel storleik.
Medan deigen hevar lagar du fyll:
2-3 sjallottløk (eller 1/2 vanlig
1 kvitløksfedd, hakka
olje
1 boks hakka tomater.
Steik løk i olje. Ha i tomatene og knus dei godt. La dette småkoke i 20 minutt. Avkjøl.
Når deigen har heva ferdig heller du den over på eit bakebrett med bakepapir. Oppskrifta skal vere nok til to brett. Klem deigen utover med mjølete hender – så tynn som du vil ha den. Du kan nå forsteike pizzabotnane, og la dei stå til seinare, eventuelt fryse ned (genialt). Forsteik ved 250 grader midt i ovnen, i ca. 8 minutt.



Når du er klar til å lage, smører du dei med tomatsaus og legg på det du ønsker av fyll. Steik ved 250 grader i 10-15 minutt.

Det blei eit flott selskap med glade ungar og mykje moro.

 

Gjengen under: (og mor sine batteri til blitz var utlada… )


Og blodsukkeret? Det gjekk heilt fint det. Vi pleier i grunn ha god kontroll på slike festdagar. Det krev tette målingar, og også oppfølging om kvelden etter at ungen har sovna.


 

 

17/09/2010 / kjersti70

Sånn i tilfelle (glucagon step-by-step)

Alle med diabetes skal ha slike orange pakkar. I dei er det ei sprøyte med væske i, og ein kolbe med mirakelpulver, og saman skal dette redde livet til ein diabetiker som har gått i insulinsjokk. Skumle greier, men viktig å vite litt om.

Vi blei vist denne sprøyta like før vi reiste frå sjukehuset. Det er nå 4 år sidan. Vi har aldri hatt bruk for sprøyta (eit tilfelle av alvorlig føling, men ho var i stand til å ete druer i staden). Eg har dermed aldri fått sett innhaldet igjen, for eg, i min enkelhet, har trudd at pakkane kunne ikkje åpnast – at det hadde noko med at dei skulle vere sterile å gjere. Kunnskapen om denne sprøyta var etter kvart blitt ganske dårlig. Eg visste at det var noko flytande som skulle sprøytast inn i noko anna, og så skulle ein snu og vende, suge opp og eg veit ikkje kva. Ikkje har vi vore så flinke å ha med glucagonsprøyta over alt heller. Den skal jo ligge kaldt, og er lett å gløyme sidan vi aldri har hatt bruk for ho. Men vi prøver, vi prøver. Eg veit at sprøyta er viktigare å ha for den som brukar insulinpenn, men ein er ikkje trygg for insulinsjokk med pumpe heller.

Nå hadde vi ei sprøyte som var utgått på dato, og da tok eg litt sjølvkurs på dette. Veldokumentert, med bilder og det heile. Jepp. Altså:

Man tager boksen med sprøyta i og åpnar. Voila! Endeleg ser eg innhaldet. Ikkje spesielt avskrekkande var det heller.

Eg las litt på det kvite arket som låg inni, men fann raskt ut at dette har ein jo ikkje tid til å stå å studere når situasjonen med besvimte barn i krampe oppstår. Bak papiret låg ei lita tegneseriestripe som var litt lettare å forholde seg til i farten. Da var det berre å begynne å mekke.

Først tar ein opp den vesle kolben med pulver i og tar av den orange hatten. Easy peasy. Dette går jo strålande.

Så tar ein tak i dette «skrekkens redskap», som alle ikkje-diabetikerar grøssar ved når dei tenker «diabetes». Mitt forhold til nåler har endra seg, men eg skal glatt innrømme at tanken på å dytte dette inn i meg sjølv ikkje har endra seg. Etter at vi begynte med pumpe syns heller ikkje snuppelure at det er ein god ide å sette sprøyter, så vi slit litt når pumpa har svikta og ho MÅ ha insulin.

Men tilbake til tema: ein tar altså tak i sprøyta og drar av denne hetta. Den satt litt fast, og var voldsom stor, og dobbel. Eg anar ikkje kvifor. Men den gjekk av greit. Stooor heRRRRlig nål inni.

Stikk nåla ned i gummien på kolben. Det var eit lite merke midt på gummien, og eg satte nåla inn der – veit ikkje om det var viktig eller ikkje. Det såg liksom ut som at det var det ein skulle. Sikkert ikkje viktig. Eg ber elles publikum om forståing for at ein er arkeolog, og ikkje har perfekt fransk manikyre. Berre ver glad eg ikkje hadde jord under neglene.

Sånn…klar. Pulveret i botten av kolben, spissen i kolben, klar til innsprøyting.

Så pressar ein stempelet på sprøyta inn i rolig tempo. Pulveret får seg ein dusj…

..og løyser seg opp ganske raskt! Kult!

Og så skal ein IKKJE gjere slik som eg gjorde her – riste. Eg trur at ein skal vende om på kolben eitpar gonger, for å unngå skum og bobler i væska. Men eg var litt fomlete og ny på dette her, så det får gå for denne gongen (tross alt, når ein er komme til dette trinnet har vel barnet på golvet fått enda eit nytt krampeanfall. Er lett å riste litt panisk da kan eg tenke meg).

Slik såg kolben ut nå, merk boblene etter mi febrilske, feilslåtte risting… Men ellers ser det jo fint ut. Blank livsnødvendig væske. «…berre vent litt vennen min, mamma skal berre dytte og snu og dille med denne dippedutten først…».

Og nå må denne væska opp i sprøyta igjen. Basic suge-prinsipp, som i alle fall pumpebrukarar kjenner til (når ein sug insulin frå kolben til pumpekolben). VIKTIG! Sjå til at stempelet er dytta heilt inn i sprøyta før du begynner å suge væske.


Dum-di-dum. Dette gjekk veldig greit ei stund, heilt til ein kom til siste skvetten. Den rulla rundt inne i kolben, utan at sprøytespissen fekk heilt tak, og eg sugde i staden inn mykje luft. Det er grenser for i kva grad ein kan vri og brekke rundt med nålespissen for å komme til siste dråpane, men litt fekk eg da tak i mot slutten. Det er vel også grenser for kor lenge ein har nerver til å dille rundt med dette når diabetikeren syng på siste verset (beklager ærligheten her, men la oss kalle ein spade for ein spade). Og ein ting til – pass på at ein ikkje dreg stempelet heilt ut av sprøyta. Eg antar at ein da risikerer å tømme ut heile innholdet, og det må vere RIMELIG dumt å sjå livnødvendig væske forsvinne mellom fingrane.

Når ein gir opp å få med seg alt (med mindre du er dyktigare enn meg), må ein halde sprøyta rett opp og trykke stempelet forsiktig inn slik at lufta blir pressa ut. Også dette er veldig basic kunnskap hos diabetikerar (men ikkje dei som skal hjelpe diabetikeren). Som de ser på bildet under var det masse luft i mi sprøyte – luft eg hadde sugd inn frå kolben i mi jakt på den siste glucagon-skvetten. Press stempelet inn til du ser at sprøyta er tom for luft, og det kjem væske og ikkje bobler ut av nåla.

Og så må ein dunke og knipse litt. Sjå etter bobler. Knips-knips, og føl deg som ein ekte sjukepleiar. Dytt i stempelet og få ut dei siste boblene. Det er ei lita boble like i knekken over peikefingeren min.

Slik såg mi livgivande sprøyte ut (derav hjertet). Som de ser er ikkje sprøyta full, men eg ser av bruksanvisninga at eit lite barn, som eg har, skal ha halv dose. Dette ville altså vere meir enn nok til henne. Kva ein voksen mann på 90 kilo skal gjere veit eg jammen meg ikkje – han må kanskje ha ei sprøyte til? Vi fekk beskjed om at sprøyta kunne settast omtrent kor som helst, men eg hadde nok satsa på eit lår eller ein bakende. Og ein stikk gjennom kle og bukser og det heile. Og ein treng ikkje vaske med sprit liksom. Den biten der tar ein ikkje så nøye ved insulinsjokk.

Det var dagens leksjon i å redde ein diabetiker i insulinsjokk. Eg håpar aldri vi kjem i denne situasjonen, men der er heilt klart ein risiko for at det kan skje. Vi har enno ikkje gjort det slik at ho går rundt med glucagonsprøyte over alt. Vanlige folk vil ikkje greie å mekke dette saman, utan å ha øvd på førehand. Eg kan ikkje ta kurs på dette til alle mennske som ho møter på sin veg. Dessutan kan jo ikkje ha kjøleskap i sekken heller… Vi klamrar oss fast i tanken på at honning vil redde henne (det har ho alltid i sekken), og tanken på at ambulansepersonale vil vite kva dei skal gjere.


05/09/2010 / kjersti70

Ut på tur med sjokoladekjeks

I dag fekk vi oss ein flott tur til Ulriken (ja, Bergen du veit).

Vi tok banen opp, og så gjekk vi ned. Begge ungane sprang i full iver bortover stien. Vi tok fleire matpausar på vegen – først med brødskiver, og seinare med nokre sjokoladekjeks som eg bakte i går. Dei viste seg nyttige. Kroppen trong ekstra brennstoff for å unngå dei låge måla, og på slike turar pleier vi ikkje legge særlege restriksjonar på inntak av karbohydrat. Vi gir mindre dosar insulin enn vi pleier, og det hender at vi droppar insulin heilt.

Sjokoladekjeksa har vore pop i heile familien denne helga. Oppskrifta er basert på nokre kjøpekaker der oppskrifta er trykt på sida av pakken. Eg kjem dessverre ikkje på merket i farten. Bruken av såpass mykje havregryn, og litt smør, gjer at kjeksa ikkje får den utprega, tørre glutenfri smaken som ofte kjem i andre kaker. Dei smakar rett og slett berre godt og saftig. Og sidan havregryn er bra for diabetikerar, så kan ein jo lure seg til å tru at desse kakene er litt sunnare enn andre kjeks?

GLUTENFRIE SJOKOLADEKJEKS , ca. 25 stk  (passar for alle, cøliaker eller ei)
175 gram fint glutenfritt mjøl (eg brukte det frå Toro)
200 gram glutenfri havregryn
140 gram smør (helst romtemperert)
50 gram sukker (men 70 gram dersom du droppar kake i deigen)
2 ss sirup (eg brukte mørk)
1/2 salt
2 ts bakepulver
200 gr. hakka mørk sjokolade (eg brukte Hersheys’s semi-sweet chocolate chips)
70 gr. hakka hasselnøtter
2 nevar mislykka glutenfri sjokoladekake frå frysaren (kan utelastast, eg hadde det tilfeldigvis)
1/2 dl. vatn

Bland mjøl, bakepulver, smør, sukker, salt, kakerester (om du  har) og havregryn i eit matmølle (foodprocessor). Tilsett så sirup og vatn, og kjør til ein deig. Bland deretter inn sjokoladebitane og nøtter.
Rull deigen til nokre lange rullar, pakk i plastfolie og legg i kjøleskapet ei stund (10-30 minutt, alt etter som). Sett omnen på 200 grader. Skjer deigen i ca. 1,5 cm. tjukke skiver og legg på brett med bakepapir. Steik kjeksa i 10-15 minutt og avkjøl på rist.



01/09/2010 / kjersti70

Glutenfri komle / raspeballer

Kva er det med oss mødre, som skal absolutt gjenskape barndommens matrettar? Komle, også kjent som raspeballer, kompe, klubb m.m er ein av dei rettane eg hugsar frå min barndom. Det er ein slik klassisk vestnorsk rett som eg gjerne vil overføre til mine barn. Dei må jo ha komle, liksom! Nei, den er ikkje spesielt sunn, og full av gluten. Ikkje eit ideelt utgangspunkt. Dessutan; det er kanskje ikkje stort poeng å lære cøliaki-barnet å like komle, når ho likevel ikkje kan ete komlene som er å få kjøpt over alt på torsdagar? Eg kunne likevel ikkje dy meg, og MÅTTE prøve meg på glutenfrie komler i går. Eg fekk det til, dei blei kjempegode, og cøliaki-barnet forsynte seg godt.

Og ja, ein må lage komlene frå grunn av. Ferdigposane i butikken er basert på vanleg mjøl. Dessutan blir dei betre om ein lagar dei sjølv. Dersom ein søker på nettet finn ein oppskrift på glutenfrie komler, men mange av dei er basert på potetmospulver. Nei takk, seier nå eg. Eg tok i staden utgangspunkt i eit oppskrift frå ICA som såg heilt ok ut.

GLUTENFRIE KOMLER / RASPEBALL  (burde vere nok til 6-7 personar)
3 kokte poteter, kalde
8 rå poteter
3 dl. grovt glutenfritt mjøl (t.d. frå Toro)
1 neve glutefrie havregryn
1 ts salt
Tilbehør:
Kålrot (som du enten koker i skiver i gryta, eller lagar mos av)
Gulrot
Salt lammekjøt i skiver
Godt steikt flesk (også kalla «bacon» blant enkelte)
Ei god, grov pølse (Osterøykorv i vårt tilfelle, vossakorv er også flott)
…. eller ei vanlig fin middagspølse til kresne små gutar
Svineknoke om du vil (dette brukar aldri vi).

NEI, ein skal ikkje ha poteter i komlegryta!!

Ein startar med å koke opp vatn i den største kjelen du kan finne. Ha i lammekjøtet, og la det trekke i ein time. Skum av ved behov. Skrell og rasp potetene. Eg brukar ei slags rasp etter mi tante Brynhild. I følge mor mi sikrar det eit godt resultat på komlene – vanlig rivjern eller matmølle gir ikkje same gode komlene. Eg trur kanskje det er å overdrive betydningen av denne litt primitive redskapen, men eg tør ikkje prøve andre ting i redsel for at mor mi kan ha litt rett. Og når eg tenker meg om – kanskje det er denne raspa som har gitt opphavet til namnet «raspeball»?

Det går forresten overraskande greit å raspe potetene på jernet. Dei kokte potetene skal mostast og blandast saman med dei rå. Kvell av det meste av potetvatnet i bollen. Ha i resten av ingrediensane og rør godt. Konsistensen skal vere slik at litt masse kan samlast i ei hand, men søkk saman. Om lag som ein bolledeig kanskje? Er massen for laus blandar ein inn meir glutenfritt mjøl. Deretter finn ein seg ei skål med vatn og ei stor skei. Sett opp temperaturen i gryta litt og lag komler med fuktig skei og fuktig hand. Dei skal vere litt mindre enn ein tennisball. Legg ei og ei komle forsiktig ned i det varme vatnet (gjerne svakt boblande), og la dei sette seg litt før du legg i ei ny komle. Det er lettast om du senker heile skeia med komla på ned i gryta og lar den sakte gli av. La komlene trekke i minst 30 minutt, gjerne ein time (syns nå eg da). Ha også i kålrabi og gulrøtter. Du kan også koke kålrabien for seg og lage mos av den. Ha pølsa i mot slutten, og steik flesk.

Server med melk, enten sur eller vanleg.

01/09/2010 / kjersti70

Pusterom

Det er ikkje det at det å ha eit diabetesbarn berre er stress og kav. Men innimellom får ein likevel eit lite pusterom som gjer at ein blir merksam på den vesle spenninga ein normalt sett har i kroppen. Den ligg der alltid i mellomgolvet. Ikkje sterkt plagsom egentlig, men der murrar litt. Eg tenkte på det når eg tok dette bildet av friske veslebror. Storesøster er godt plassert hos ein kamerat med ei mor som var beredt og klar til å ta imot. Ho var i trygge hender, og eg kunne hente veslebror til ein fredeleg middag saman berre eg og han. Så surrar han litt på vegen frå barnehagen, og måtte prøve desse kreative styltene. «Ja, vi har tid», tenkte eg da. Her er ikkje noko blodsukker som er på veg den eine eller andre vegen. Kanksje litt sulten, men ingen krise. Han kjem ikkje til å besvime, og han treng ingen sprøyter. Berre litt sulten og ingen problem. Og i dag treng vi berre ei gryte med pasta. Eg er glad for denne friske ungen; det er godt å ha ein som ein ikkje treng å passe på på denne måten. All respekt for dei som har fleire barn med diabetes!

01/08/2010 / kjersti70

På tur

Då har vi vore på tur – nærmare bestemt Frankrike. Ein veldig fin tur blei det – saman med to stk. besteforeldre. Vi leigde eit lite hus i ein liten, fin fransk by, og feira runde dagar for nokre franske venner av familien. Masse god mat og drikke, masse moro, masse som skjer.

Når ein er ute og reiser og har diabetes og cøliaki å tenke på er det ein del ekstra. Vi har frå før av ei mappe med diabetesutstyr for reiser. Her ligg det vi treng av ekstra stæsj; ein ekstra innskytar til pumpebrønn, fleire pakkar med brønnar, emlakrem, plaster til emlakrem, eingangssprøyter, desifiserande middel, ekstra strips og stæsj til målarar, ekstra kolbar til pumpa etc, etc. Så må ein sjølvsagt også hugse insulinpennar og insulin. Så langt har vi ikkje gjort noko ekstra for å halde dette kaldt. På flyet, inne i kofferten, er temperaturen ok. Når vi har oppholdt oss i varme strøk har vi hatt tilgang til kjøleskap, og latt insulinen ligge her. Når pennen er med på dagturar i 30 grader, har vi hatt insulinet godt innpakka i ein sekk, og dette har holdt heilt fint. Elles må vi sjølvsagt hugse å ha med fleire målarar og utstyr til desse. Vi tok også med glucagonsprøyte. Når det gjeld cøliaki har vi gjerne tatt med litt nødproviant. På Frankriketuren tok vi med eit frose brød, og hadde dette i kjøleskapet den veka vi var der. Elles tar vi med litt knekkebrød, ein neve pasta sånn i tilfelle, samt nokre søte kjeks. Glutenfrie havregryn kan også vere nyttig å ha. Og ja, det er ganske greit å bu i leilighet med mulighet for å lage eigen mat kontra det å bu på hotel.

Så langt i livet har 6-åringen tatt fly 30 gonger – berre ut av landet. Når det pip i kontrollen på flyplassen drar ho opp genseren og viser fram insulinpumpa 😀 Ho er også van med bli undersøkt, og ler når eg forklarer at dei må finne ut om ho har med seg kniv eller farlige ting. Det er forresten ikkje alltid at pumpa slår ut, så neimen om eg veit korleis desse maskinene fungerer.

Frankrike var eit flott land å reise i. Over alt forsto ein (via vår stotrande fransk), kva som var problemet til jentungen, og at ho ikkje kunne ha gluten. Ein fann alltid ei løysing, men det vart dessverre mykje karbonader og pommes frites når vi gjekk ut og åt. Men elles vart ikkje menyen så ille likevel. På picnic i parken åt ho gladelig kylling og tomater, og på bursdagsfesten var kaka glutenfri! (og veldig god).

Sjølv om vi var mykje på farten gjekk det fint å regulere blodsukkeret. Vi fekk dei vanlege toppane og dalbotnane som vi elles får i kvardagen – heilt normalt med andre ord. Det einaste uhellet vi var ute for var den morgonen vi skifta brønn. Då slo tydeligvis ikkje nåla inn i huden. Vi la i veg på biltur, men ut over dagen vart blodsukkeret høgare og høgare. Ikkje fekk vi det ned heller. Heldigvis hadde vi med pennen (som jo alltid skal vere med, vi pleier å hugse, men det hender det glipper), og vi fekk satt insulin. Jentungen var svært fortvila over dette, for ho er ikkje glad å å få insulin via penn. Det gjekk nå på eit vis likevel, med lovnad om belønning i leikebutikk. Som sagt så gjort. Blodsukkeret gjekk pent nedover, vi kjørte heim og la ny emlakrem, deretter ny brønn. Puh! Dagen vart litt kortare enn planlagt, men slikt tar ein som det kjem. Vi fekk ein fin ettermiddag i vår lokale landsby i staden – det var også verdt å ta med seg.

Elles måtte eg gjere meg streng på flyplassen på Gatwick på veg heimover. Det var på kvelden, og knapt med tid før flyavgang. Og vi måtte ha mat. Flymat er ikkje vanlig lenger, og er uansett ikkje egna for ein cøliaker. Så vi sprang litt rundt og las menyar, utan å finne noko som passa så veldig godt. Då kom vi til Mac Donalds, og tenkte «shit au» – dei har i alle fall glutenfrie hamburgerbrød, og det går raskt. Lite visste eg at det tydeligvis berre er i Norge. For når eg sto i disken for å bestille, så såg vedkommande ganske blank ut i ansiktet når eg spurte om glutenfri barnemeny. Då ba eg om å få ein burger utan brød, men fekk beskjed om at slikt gjorde ein altså ikkje. Neihei? «She’s 6 years old, she’s diabetic, and she’s hungry», sa eg da, litt strengt. Da kom det ein kollega og sa at det skulle vel gå greit likevel. Eg opplyste ganske vennlig at ein faktisk får glutenfrie burgerar på Mac Donalds i Norge, så det var berre å bli inspirert til å innføre dette her også (det burde da vere fleire besøkande med cøliaki på Gatwick enn på ein liten lokal Mac Donalds i Åsane, Bergen). Uansett, jenta fekk altså ein barnemeny utan brød likevel. Ho slukte den, og syns det var godt 😀 Vel, vi er heldige som har ei jente som nokså greit aksepterer mat som ikkje er heilt som andre sin mat. Det er ikkje sjølvsagt.

Alt i alt var ferien vår veldig fin med gode opplevelsar saman med gode folk. Diabetes og cøliaki hadde vi med på lasset, men hindra oss ikkje i vesentleg grad. Mat fann vi over alt, og mykje aktivitet og god varme gjorde at insulinbehovet ikkje var så stort. Vi gler oss til neste tur!

22/07/2010 / kjersti70

Diabetesfri

Ti dagar har vi hatt nå, utan ungane. Mine svigerforeldre kom nemmelig og henta ungane, tok dei med seg og forlot landet. Det er 6 år sidan vi var utan ungar. Aldri har vi hatt barnevakt, og i alle fall ikkje etter at den eine fekk diabetes. Det var derfor fantastisk å få desse dagane aleine, berre oss to vaksne i familien. Vi har fått sett slike ting som bildet under – vi fekk lagt inn ein rask liten tur til nordlegare trakter.

Ungane har hatt det flott saman med sine besteforeldre. Første skift at utstyret for pumpa tok vi over Skype. Kamera og internett er ein flott ting! Svigermor holdt tunga rett i munnen, og vi fekk vist korleis det heile skulle foregå (hadde øvd litt på førehand da). Jentungen hjalp til ho også, og ny brønn vart satt utan problem. Hurra for moderne teknologi! 🙂

Så nå er vi voksne godt utsovne, har gått på kino, ete ute, vore på lang fisketur, vore på miniferie, har gått på salg og fornya voksen-garderobane, har rydda i skap og hyller, gjort reint leiligheten, laga kruttsterk mat, og generelt berre hatt det bra. Ikkje har vi savna ungane så veldig heller – mulig det er galt å seie? 🙂 I morgon møter vi dei igjen, og det gler vi oss sjølvsagt til. Det er nå tid for to veker ferie SAMAN med ungane. Det trur eg blir veldig kjekt!

27/06/2010 / kjersti70

Ei heil sukkerhelg

Minstemann på 4 blei 5 i helga. Vår friske gut som har gått klar for alle allergiar og sjukdommar. Det var nok ein prøvelse når han i alder av 1 år fekk ei storesøster med diabetes og hamna i skyggen ei tid. Heldigvis var han såpass liten at han krevde sin rett til ein viss grad. Likevel kan eg hugse mange gonger at han blei føysa vekk fordi han gjekk i vegen når blod skulle målast, eller insulin skulle settast. Storesøster var heller ikkje særleg velvillig til å bli stukken hol på, og som regel blei det ein del støy. Den første tida er alltid den vanskeligaste. Det første året. Og litt til.

Men veslebror har klart seg bra han! Det hender han seier høgt og tydelig: «dette kan EG spise, det kan ISJE du!» Da får han ein leksjon i at glutenmat ikkje er bra for kroppen, og at storesøster sin mat faktisk er både sunnare OG betre. Han pleier gi seg då. Og ingen roper høgare etter (glutenfrie) pannekaker enn veslebror. Snart skal dei to ut og reise med amma og afi (farmor og farfar). Vi har snakka om at dei skal ta fly, og mamma og pappa skal ikkje vere med. Vi har snakka om at dei kan ta med seg Nintendo og bilar på flyet. «Ja, og så må vi ha med blodsukkerapparat», seier veslebror. God ide!

I helga blei fødselsdagen hans feira i tre dagar til endre. Glutenfritt frå A til Å (med unntak av pølsebrød). Maten blei fortært av 10 barn, 5 foreldre, ei tante, ein onkel, ei mormor og ein morfar, samt eit søskenbarn. Der var sjørøverkake, muffins, pølser, godteposar, jordbær- og sjokoladetrifle, lasagne, salat, og enda meir jordbær. Her følgjer oppskrifta på jordbærtrifle, og den fann eg på nettet etter at eg sat med ei mislykka langpannekake som egentlig skulle ha blitt eit sjørøverskip. Ein kan jo ikkje kaste 1 kilo (mislykka) kake!

JORDBÆRTRIFLE
Lag sjokoladekake i langpanne (f.eks Toro sin eller Møllerens – eller lag av eiga oppskrift)
Lag sjokolademousse (enten frå pose, eller eiga oppskrift). Hugs at denne treng tid til å stivne.
Lag Créme Fraîche-krem (2 dl. Créme Fraîche og 2 ss melis piska saman)
Lag piska krem av 2 dl. kremfløyte
Skyll og rens jordbær, del dei i to eller mindre

Finn ein gjennomsiktig bolle og bygg opp triflen i ulike lag:
a) eit lag kake.
b) all sjokolademoussen
c) halvparten av bæra
d) all Créme Fraîche’en
e) eit lag kake til
f) all den piska kremen
g) resten av bæra


Diabetesbarnet gjennomgjekk denne sukkerhelga utan større problem. Vi fekk eit høgt mål både i går og i dag, men «reparerte» raskt med insulin. Maten vi serverte er stort sett grei i forhold til blodsukkerkontroll. Kake og sjokolade er relativt uproblematisk å kontrollere hos oss. Dette kan nok variere frå diabetiker til diabetiker.

Og minstemann som er utan diagnosar av noko slag hadde ei lykkelig helg. Eg lurer av og til på om hans barndom blir mykje annleis enn andre sin barndom, nå når han har diabetes og cøliaki så tett inn på livet sitt. Han er ein type 3’er , og ein som er van med at storesøster ikkje kan ete alt mulig. Eg tenker av og til på at fokus blir mykje på storesøster. Alltid når vi skal ete, alltid når vi er ute og les menyar. Alltid når blodsukker skal målast. Alltid når vi lurer på kva forrige mål er, kor mykje ho fekk i insulin, for ikkje å snakke om kva som står på varedeklarasjonen på maten ho skal ete. Men han greier seg tydeligvis. Han er blitt ein fredeleg tass som kjem godt ut av det med andre barn. Ein grei gut som alle likar å vere med. Han som andre ungar gjerne søker til, fordi han er så fin, og som leikar utan å styre og bråke, og som tilpassar seg dei ungane han er med. Heldigvis gir han tydelig beskjed når noko ikkje er greit. Han passar på seg sjølv også.

Her i ei stille stund mellom slaga. Han likar å leike aleine også denne guten. Han er verdens beste.



22/06/2010 / kjersti70

HbA1C og året på skulen

Det er lenge sidan forrige innlegg, men vi heng nå med i svingane utanfor blogglandia 🙂

I dag var det kontroll på sjukehuset. Eit langtidsmål på 7,2 er vi svært godt fornøgd med (og det var legen også). Det kunne med fordel vore enda lågare, men eg ser at det ville koste oss enda meir målingar, enda meir jobb, og føre til meir slitasje og gnag på jentungen. Sånn som ting er nå er ho fornøgd og blid, og syns at det å ha diabetes er heilt ok. Då held vi oss der og kjører løpet slik det er nå.

Mannen min (som var med henne på kontrollen), spurte om legane helst ville ha HbA1C ned mot 5 – det må jo vere ideelt helsemessig. Legen sa at dette anbefalte ein ikkje. Det er eit slit å få til, og medfører ofte stress og uro i familien. Mykje mas om mat og mål, og ein kjem lett inn i ein veldig negativ sirkel som til sjuande og sist ikkje er bra for diabetikeren.

Denne gode meldinga får vi gi tilbake til skulen og SFO. Målet har gått ned sidan forrige måling, og det vitnar om at dei tar ansvar og følger opp på ein god måte. Mykje av fortensten ligg jo hos dei! Vi føler at vi har fått til eit godt samarbeid med skule og SFO, sjølv om det går farlig fort til tider. Det største savnet frå barnehagetida er at ein får ikkje snakka saman eller enkelt gitt beskjedar. Når ungen blir henta er læraren borte. Ikkje får vi snakka med noko om morgonen heller. Etter kvart har vi løyst det med å legge lappar inn i boka som blir brukt til å skrive ned alle mål og insulindosar. Dette «rapporteringssystemet» har fungert veldig bra, og heldigvis har lærarane sjølv syns at det har vore nyttig. Eg var ei stund redd dei skulle føle det som veldig kontrollerande, men det verkar ikkje å ha vore eit problem.

Dette første året på skulen har vore utfordrande og veldig spennande. Skulen har slitt med at der har vore mange lærarar (eller tilsette på SFO) som har veksla mellom å ha klassen. Der har vore mykje sjukemeldingar og mange vikarar. Stadig nye ansikt som dukkar opp, og ingen fast person som har fulgt diabetikeren. Ho har heller ikkje hatt assistent. I klasserommet med 19 elevar (1. og 2. går saman) har det stort sett berre vore ein lærar til stades. Heldigvis har vi hatt rektor som ein raud tråd gjennom heile året. Ho måtte trø til i vinter når bemanninga var i kneståande. Då tok ho ansvar for målingar og insulindosar. Skulen har sjølv ordna opplæring til nye tilsette, og lært og fortalt vidare det som vi har lært og fortalt dei første vi møtte. Dette har faktisk fungert overraskande greit. Vi syns dei har gjort ein strålande jobb. Der har vore trong for tilbakemeldingar og justeringar her og der, men dette har vore uproblematisk. Seinast nå i starten på juni tok eg eit eige møte med SFO der vi diskuterte insulindosane – ho fekk gjerne litt for lite på ettermiddagane. Dette har ein nå justert, og blodsukkermåla er blitt betre.

Så, mot alle odds – ein fattig kommune, ingen assistent, to foreldre i full jobb, vikarar og vikar for vikaren – så har mestringa av diabetes gått bra. Eg er sikker på at det skuldast ein god dialog i forkant av skulestart, samt at ho er omkransa av gode, ansvarsbevisste voksne.  Jo, og la meg legge til at maten har vore viktig også. Gode matpakkar som gir moderat blodsukkerstiging, og jamn fordeling, betyr mykje!

24/03/2010 / kjersti70

Emla på blå resept

For kort tid sidan fekk vi brev frå NAV – vi får nå Emla på blå resept. Det er fint, for dei små tubane med «englekrem» er forholdsvis dyre. Etter kvart har vi lært oss at ein tube rekk til 4-5 slangeskift, men likevel er det ein viss kostnad.

Og til sist bilde av vottar frå mormor som har vore i bruk i vinter. Nå ser det ut til at det endeleg går mot vår!