Gå til innhald
18/06/2011 / kjersti70

Grisinni, eller brødpinnar om du vil

For eit par dagar sidan fekk vi lyst på tomatsuppe, men til suppe syns eg at brød høyrer til. Dette måtte sjølvsagt tilpassast cøliakeren i familien, men i tillegg hadde vi besøk av bestemor som ikkje tåler gjær. Da laga eg glutenfrie, gjærfrie grisinni til oss alle, og dei blei svært gode. Om du sjølv gjerne vil ha gjær, kan du ha i dette, men eg mistenker da at pinnane ikkje blir like gode! I tillegg så er gjærfritt langt raskare å lage – ein slepp å vente på heving! Oppskrifta er nok til 3-4 personar.

4 dl. glutenfritt mjøl
1,5 dl. vatn
2 ts bakepulver
0,5 ts salt
havsalt
olje
 

Bland saman mjøl, bakepulver, salt og vatn til ein deig. Del deigen i små emner – omtrent så store som ei valnøtt

Trill fingertjukke pølser av kvart emne og legg på steikebrett med bakepapir. Pensle med olje og dryss på havsalt. Steik ved 200 grader i ca 10 minutt. Følg med at dei ikkje brenn seg! Eg tok altfor mykje havsalt på (sjå bildet), og måtte skrape av ein del. Om du ønsker godt med saltstrø oppå, kan du droppe salt i deigen.

 
 

 

 

3 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Diamamma / Jun 18 2011 20:49

    Så smart! Hva blir karbotallene her?

  2. kjersti70 / Jun 19 2011 22:36

    Ja, sei det – for dette ga eg ein sånn «passe dose» for mitt barn, og veit ikkje karbotalet. Her må ein gjere ei utrekning, basert på 4 dl. mjøl, og deretter dele på talet grisinni. Om dei er svært ulike i storleiken, må ei kanskje dele på den samla vekta, for deretter vege kvar enklet og gange ut… LItt komplisert med andre ord.

    Det er dette eg likar minst med det å telle karbohydrat og bruke wizard. Ein er plutselig litt handicappa når ein baker sjølv. Det er jo lettare når det står på pakken, og alle enheter i bakken er like store….

  3. Ingvild S / Jun 25 2011 22:58

    åååh, så fin blogg! masse fine tips.
    Jeg har diabetes selv, og endelig fant jeg en blogg om det også 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: