Prat om mat
Fleire spennande kommentarar på dette med mat og fokus på mat i forrige post 🙂
Astrid påpeikar at det å ete mykje søtsaker ER eit problem. Og det er eg jo enig i, det er eit godt poeng. Eg trur nok at det at vi praktiserer fri tilgang til det ho måtte ønske, har samanheng med at ho ikkje bøtter nedpå med kakestykker uansett. I tillegg har ho cøliaki, og eg trur det også bidrar til at vi er ekstra oppmerksom på å ikkje legge restriksjonar når det faktisk er mulig å ete maten som er servert. Problemstillinga du legg fram har vi ikkje vore oppe i 🙂 Dersom jenta vår hadde forsynt seg med kakestykke nr. 5 hadde eg kanskje sagt nei. Argumentasjonen da ville ha vore at magen får rett og slett vondt av sånne mengder kake, og det er ikkje sunt for kroppen. Det å trekke diabetes-kortet sit langt inne merker eg.
Vi har vore ganske konsekvent på det der – at diabetes skal ikkje brukast som årsak til at mat eller aktivitetar blir nekta henne. Andre grunnar, som alle andre barn også må forholde seg til, blir sjølvsagt brukt som forklaring. Unntaket som har komme det seinaste året, er overnatting hos klassevenner. Her har eg måtte sei at ho kan ikkje utan vidare overnatte hos andre – det er eit ansvar eg ikkje har lyst å pådytte andre foreldre (som eg ikkje kjenner ein gong). Til gjengjeld kan dei små vennene gjerne overnatte hos oss. MEN det å ikkje gjere henne meir oppmerksom på at diabetes gir restriksjonar, er kanskje ein bjørneteneste? Kanskje klok når ein er heilt liten, 4-5 år, men etter kvart som jenta veks til blir det heilt feil å feie diabetes under teppet. Ho har to kroniske sjukdommar, og må lære å forholde seg til det. Når det gjeld cøliaki så ser det ut til at det går greit. Ho blir ikkje satt ut av eit heilt kakebord der ingenting er for henne, så lenge der finst noko for henne i ryggsekken. Oppi dette er eg også opptatt av at ho ikkje skal påta seg ei offer-rolle, å ikkje gå rundt å stakkarslig-gjere seg sjølv (sjølv om det må vere lov å vere frustrert, lei og misunnlig på dei som er heilt friske). Det ER ein vanskelig balanse. Samtidig som at ho skal lære seg å vere ansvarleg, fornuftig, klok, og sterk nok til å vere annleis, skal ho også vere fri, søkande, nysjerrig og uredd. Og så skal ho ha matglede! Mat skal gi positive assosiasjonar.
Eg er elles enig med Vala om at det å ha pumpe gjer forholdet til mat litt meir normalt. Ein treng f.eks ikkje å ete til faste tider. Hos oss er det slik at basaldosen, den dosen som piplar inn jevnt og trutt gjennom heile døgnet, er heilt passe til å holde henne jevn og fin når ho ikkje et mat. Den er berre ein grunndose som kroppen treng uansett, og går det lang tid mellom måltidene, så går ho ikkje i føling av den grunn (med mindre vi satte for høg bolusdose til forrige måltid). Vi opplevde langtdisvirkande insulin som eit stort problem, da måtte ho ete til bestemte tider, og det var ikkje alltid like gjennomførbart i travle helger for ein småbarnsfamilie.
Eg trur i bunn og grunn at her får folk finne ut kva som er best for sitt barn. Det krympar i meg når eg høyrer om foreldre som spesifiserer kor mange saltstenger diabetesbarnet får lov å ete i brusdagsselskap. Og dette er jo eit langt stykke fra å seie nei til kakestykke nr. 5 altså. At diabetes har visse konsekvensar må også lærast.
Må si meg enig med dine tanker rundt dette!
Tror ikke det er en stor fordel å gi barna strenge restriksjoner på søtsaker, og kanskje trigge et anstrengt forhold til mat.
Hvordan trives dere med wissarden egentlig? Vi har fått opplæring på poliklinikken, men vi falt ikke pladask for den. Mulig at det var fordi vi ble vant til å regne manuelt og bestemme dosen selv, for opplæringa fikk vi noen mnd etter diagnosen! Ble tungvindt å registere bs og ant karber i måltidet, iallefall hos en aktiv treåring som ikke sitter stille så lenge om gangen, og spiser plutselig mye mer eller mindre enn planlagt!
Dette er nok, som så mye annet, individuelt. Kanskje vi for opptatt av hva vår sønn spiser, på den annen side må han jo sette insulin i forhold til karbohydrater. Hvetemel opplever vi som en versting når det gjelder høyt blodsukker, så det «slipper» jo dere som har cøliaki i tillegg.
Det viktigste er uansett at barnet har et naturlig forhold til egen sykdom, og synes det er uproblematisk i forhold til omgivelsene. Livskvalitet er viktigere enn om blodsukkeret får noen topper innimellom 🙂
Astrid: ja så absolutt. Kveitemjøl er ikkje særlig bra, og det at vi droppar baguett som tilbehør til middag, til fordel for salat, er bra for heile familien 🙂 Det er eit problem at glutenfrie erstatningsprodukt (f.eks glutenfrie baguettar) er veldig fine. Såkalla «grove» produkt er ikkje grove i det heile tatt egentlig. Derfor prøver vi i stor grad å styre unna bakevarer, enten dei er glutenfrie eller ei.
Line: Vi gjer oss erfaringar, og eg tenkte å poste i morgon når det har gått ei veke. Det har sine postive og sine negative sider. Enn så lenge trur eg at vi eksperimenterer med dette på heimebasis, og vurderer å innføre det for skulen når vi sjølve er blitt meir van. Vi er ikkje sikre på om vi har truffe riktige innstillingar enda.