Skip to content
13/02/2011 / kjersti70

Ny blodsukkermålar: Bayer Contour usb

Det er så mykje eg kunne ha blogga om, men eg veit med meg sjølv at eg ønsker ikkje la bloggen bli ei tvangstrøye, der eg stadig må oppdatere. Så det blir nok litt tilfeldig – etter når eg har tid og lyst, og etter om eg har noko spesielt å dele med andre. Eg kunne sjølvsagt fortald om episoden før jul, der ei forveksling mellom glutenfri og glutenholdig burger frå Mac Donalds (fullstendig min eigen feil), gjorde jentungen veldig sjuk. Da fekk vi i alle fall erfart kva eit burgerbrød kan ha av effekt! Vi drog rett heimover, ho kasta opp 5 gonger (i pose i bilen – flinke jenta!), og sovna utmatta på badegolvet. Og fekk sjølvsagt føling av det – noko vi reparerte med honning i halvsøvne. Eg kunne ha fortald om eitpar-tre netter med alarm på klokka kvar 2-3 time, eller første gongen ho gjekk i barnebursdag aleine 🙂 Det gjekk strålande, men eg må seie at eg syns synd på bursdagsbarnet si mor som ikkje var klar over at jenta hadde diabetes. I sånne situasjonar har eg ofte meir vondt av dei som blir overlatt ansvaret, enn oss sjølv og diabetikeren. Eg visste jo at det ville gå fint. Men eg har forståelse for at det kan kjennast overveldande for andre. Og så kunne eg ha blogga om min samtale med Jannhild, som var veldig inspirerande! Ho har gått over til å bruke insulinpumpa slik den EGENTLIG skal brukast, men som ingen ved Haukeland blir lært opp til. Det å telle karbohydrat, og la pumpa foreslå ein dose i forhold til kor høgt karbohydratinntaket er. Vi har enno ikkje tatt det skrittet sjølv. Vi snuser på tanken, og er vel enige om at dette må vi prøve ut, men vi har ikkje funne tida til å sette oss ned og gå gjennom systemet. Eg ser for meg at det vil kreve ein kveld nemmelig. Til sist kunne eg ha blogga om alle responsane på forrige blogpost. Takk skal de ha alle saman! Eg trur ein må kunne seie at norske legar og sjukepleiarar (kanskje legane er værst her), har ei utfordring når det gjeld det å forstå livet med diabetes. Dei er fantastiske til det dei er gode på, men så kjem dei til kort på ein del andre ting. Då får vi heller søke forståing og hjelp hos kvarandre. Og for dei som sit aleine i natta og våkar over blodsukker – vi får tenke på at vi er fleire – i den grad det er ei trøst.

Men det eg vil blogge om i dag er denne herligheten: Bayer Contour usb.

Det har seg slik at mannen for eitpar veker sidan var på apoteket for å fylle på av utstyr. Da blei han og jentungen spurt om vi ville teste ut den nye (?) målaren frå Bayer. Eg setter spørsmålstegn ved «nye», for eg trur egentlig den har vore på markedet ei god stund, men er forholdsvis dyr. Uansett, denne skulle vi få gratis i posten, til odel og eige. Ja takk, sa min kloke mann (som er over normalen nerd i tillegg), og jenta fekk velge farge, som jo blei lilla (rosa hadde dei visst ikkje). Den kom i posten for to dagar sidan, og har vore i bruk sidan.

Alt i alt er vi litt imponert. Det har kanskje mest å gjere med at den er fin – og det syns eg faktisk betyr ein del. Jenta er veldig stolt, og viser den fram til alle små venner. Ho gler seg til å vise den til alle på skulen på mandag. Den er også ein minnepenn! Ja, faktisk! Med 500 MB minne. Her blir alle mål lagra, og det er mulig å legge inn ein del forhåndsdefinerte notater (ser ikkje ut til at ein kan definere desse sjøl). Språket er den bokmålske varianten av norsk. Slik ser kameraten ut når han er klar for måling:

Med to trykk på av/på knapp FØR ein set i strimmel, får ein også lys i opningen. Det er superviktig for oss som ofte måler i mørket! Aberet var at lyset var litt svakt, men det gjekk da. Contour sine strimlar krev også litt blod syns eg. Alt i alt syns eg lys og strimmel er betre hos Freestyle Lite.

Når målet er tatt vises det med store tal over heile skjermen, før det zoomar ut og denne skjermen kjem:

Etter at målet er tatt kan ein trykke på ein knapp for å markere om det er før eller etter eit måltid. Ein kan også trykke på «påminn», som gjer at aparatet gir eit signal etter ei bestemt tid, slik at ein kan måle på nytt og sjekke at alt er ok. Tenkte først at den biten ikkje var så viktig, men ser at det faktisk er nyttig å måle to timar etter eit måltid, for å sjekke om dosen som blei satt var ok.

Sjølv om eg syns Freestyle lite sine strimlar er betre (mindre blod, og kan også tilføre meir dersom det første ikkje var nok), så legg jo denne nye smarte målaren opp til at ein må halde seg til denne eine målaren. Eg må innrømme at vi i alle år har sjonglert mellom mange blodsukkermålarar. Både ulike typar, og med mange av kvar. Vi har til ei kvar tid 4-5 målarar liggande. Har ikkje opplevd dette som eit stort problem i forhold til å få korrekte mål. Men nå som vi har fått oss denne nye frå Contour, må vi holde oss til ein einaste målar, og grunnen er denne:

Ein pin med andre ord. Som går inn i USB-greia i PC. Og ein får eit lite dataprogram som heiter noko så vakkert som Glucofacts Deluxe. Det kunne nok ha hatt eit litt meir stilig design, men det gir i alle fall oversikt over blodsukkermål og trendar. Ein kan lage pdf’ar av det, og ha med seg til kontroll. Eg veit at mange brukar nettsider der ein legg inn blodsukkermål og får opp slike grafar. Det er smart, men vi har liksom aldri komme å slangt vi da. Er fornøgd med at vi nå kan få dette på ein enkel måte.

Og her ser vi jentungen si helg 😀 Ein liten, uheldig topp her lørdags kveld – sånn kan det gå når sjokolade og chips blir servert. Som de ser målte vi ganske tett, og eg kan love at eg pøste på med insulin. Ikkje nok tydeligvis… Men ho har ikkje lagt høgt lenge heldigvis. Siste målet før den blå heiltrukne loddrette streken er når vi voksne la oss. Da var ho på litt over 10, eg ga ein forsiktig dæsj til (0,3), og ho vakna i 4,4 neste dag. … Og så ga eg tydeligvis litt for lite til frokost. Akk ja, sånn går no dagan 😀

Denne minnepin-blodsukkermålaren ser eg kostar nesten 700 kroner! Litt forundra over at vi har fått han gratis, men så var vi vel heldige da. Må sei at vi er godt fornøgd, sjølv om eg syns sjølve programvaren på pc ikkje var ein fryd for øyet. Eg trur vi kjem til å ha glede av denne målaren, og håpar på at vi skal greie å berre bruke denne eine målaren, slik at vi får ein komplett graf å forholde oss til. Det løyser også vårt dokumentasjonsproblem i forhold til sjukehuset. Dei er jo ikkje heilt fornøgd med dagboka vår. Og når ein ikkje gidd å føre dagbok, så er det jo bra å ha eit system som fører for ein!

Og her er forresten ein annan test.

Advertisements

5 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Ragnhild / Feb 14 2011 00:05

    Wow, dette var interessant å lesa! Eg har FreeStyle Lite og er kjempenøgd, men no blei eg jammen nyfiken på denne vesle duppeditten:-) Så heldige de var som fekk han! Kanskje eg bør hinta litt neste gong eg er på apoteket. Vil forresten tru at det kjem til å koma fleire og fleire apparat av denne typen i framtida. Nesten rart det ikkje finst fleire allereie. Skjønar uansett at jentungen blei i ekstase!

  2. Vala / Feb 14 2011 23:52

    Tøtto har også hatt muligheten til å forsøke denne nå gratis i flere måneder. Og jeg må si at jeg elsker den! Greit nok at jeg skriver logg ved siden av men når hun er mindre hjelpsom og jeg må skrive alt selv, så er denne hakket mer ok å håndtere når jeg vil hente ut og lage grafer osv osv … MEN, jeg tror ikke at jeg bruker den like mye som jeg faktisk burde- eller i det minste, har mulighet til 🙂

    En annen ting er at jeg synes batteriet holder seg utrolig lenge! Nå kjøpte vi en vi kunne sette i stikkontakt i desember fordi jeg syntes det var litt risikosport å måtte ha pc i nærheten for å få den ladet, selv om det er helt tullete siden vi har hakket for mange pc’er i hus.

    Eneste aberet er at jeg ikke tror at vår lyser i mørket? Mener du at du bare trykker to kjappe ganger på av/påknappen eller slår du den først på (holde inne knappen til den reagerer) også en gang til før du setter i stick’en?

    Jeg vil tro at tøtto misunner datteren din litt når det kommer til den lilla bekledningen 🙂 Men kanskje Bayer har noe vi kan bestille nå sånn i ettertid.

  3. Heidi / Feb 17 2011 17:50

    Jeg ble så misunnelig på den lilla bekledningen selv, så jeg sendte mail til Bayer for å høre hvor jeg kunne få tak i en slik. Dagen etter hadde jeg en i postkassen, så send Bayer en mail Vala!! Sjekk ut adressen under –

    http://www.bayercontourusb.no/Kontakt-oss/

    🙂

  4. Vala / Feb 18 2011 08:23

    Tusen takk Heidi!! Genialt 🙂 Jeg skal sende dem en mail, må bare bestemme meg for hvilken av mailadressene som er best.

  5. kjersti70 / Feb 26 2011 20:49

    Vala – sorry at eg ikkje har svart deg når det gjeld lyset! Eg trykker to gonger på av- og påknappen. Deretter setter eg i strimmel. Som sagt; lyset er ganske dårlig, men det hjelper litt. Eg skulle gjerne hatt det gode i Freestyle lite!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: