Skip to content
17/12/2010 / kjersti70

Insulinviderverdigheter

Da fekk vi ei ny erfaring med diabetes.

For to dagar sidan skifta vi brønn, alltid på ein onsdag ettermiddag. Vi har syns det har vore greit å gjere det etter skuletid, slik at eventuelle feil og komplikasjonar på grunn av dette ikkje kjem i skuletida. Aberet er at vi ofte har skifta litt seint på ettermiddagen, og har vore i fare for å ikkje fange opp dei feila som kan oppstå. Nåvel, denne dagen skifta vi slange i sju-tida på kvelden. Ho trong ny kolbe også (den som ligg inne i pumpa), og det blei åpna ein ny ampull med insulin, sidan forrige var så godt som tom. Sidan ho hadde ete ein stor middag, åt ho ikkje kveldsmat. Det blei dermed ikkje satt bolusdose med den nye slangen. Ho var som vanleg i seng rundt halv ni. Kveldsmålet før vi vaksne la oss var greit –  litt i øvre skikt av kva vi syns er ok, men sikkert like greit sidan ho tross alt ikkje hadde ete kveldsmat, og det skulle holde til neste dag.

Eg vaknar i fire-tida på morgonen av at jenta kastar opp på toalettet (er jammen flink som greier å komme seg hit sjøl). Vi måler, og blodsukker er i 18. I slike situasjonar skal ein gå ut i frå ketonforgifting, og det verka også logisk sidan ny brønn var satt kvelden før – og det var nok denne som var problemet. Ho fekk velge mellom å sette penn med insulin, eller sette ny brønn utan bedøvelse først. Ho valgte det siste – sprøyteskrekk som ho har. Vi skulle sjølvsagt ikkje gitt det valget, men satt med sprøyte med ein gong (lærdom #1 Sett alltid penn) (som vi jo har blitt fortalt av legane). Vel, å skifte gjekk fint, vi ga ein saftig dose insulin, og gjekk til sengs igjen. Eg visste at eg skulle opp om mindre enn to timar, og ville kontrollmåle då (Lærdom #2, ignorer at du er trøtt og febersjuk sjølv, sov ei anna natt).

Når eg står opp klokka 06 heng ho over toalettet igjen. Da blir pennen tatt fram og ein dose satt, utan at ho rekk å protestere. Vi trekk av den gamle brønnen, og syns den ser knekt ut. Vi måler ketoner, og får tydelige utslag. Legg på emla-krem, og belagar oss på ein dag heime frå skulen (poden er også heime med øyre- og halsbetennelse). Dei følgane timane går med gjentatte blodsukkermålingar, ketonmålingar, bruk av penn og pumpe, og skifte av brønn. Vi skiftar brønn 4 gonger, og gir insulin med penn i alt 5 gonger. Store dosar. Eg ser ingen store endringar i blodsukkeret, eg får det i alle fall ikkje under 10. Ketonmålingane går tregt nedover. Vi veit at vi kan dra til sjukehuset, og det blir vurdert. Men ho er pigg og sprek; allmenntilstanden er heilt normal, og vi har drøfta dette med legane tidlegare. Vi har fått beskjed om at så lenge vi føler at vi har kontroll over situasjonen, og jenta verkar å vere i ok form, kan vi handtere dette heime.

Her var vår første hovedhypotese; knekt dippedutt på brønnen (den vesle tappen står inn under huden):

Eg kjenner meg usikker på den biten. For eg har ikkje for vane å studere brønnar som har fungert tilfredsstillande. Ser dei alle slik ut? Eg ser berre etter når vi har hatt ein brønn som ikkje har fungert. Det har hendt at denne tappen har bøyd seg, og ikkje gått inn i huden. Då manglar stikkstaden, men denne dagen såg det ut til at huden hadde blitt perforert kvar gong. Derimot var alle dei tre brønnane som blei fjerna knekt på denne måten. For meg blei det nesten utrulig at så mange brønnar skulle svikte på samme dag, og begynte å fabulere om boksen dei kom frå var ein feilproduksjon? Men etter kvart demra det for meg at eg fekk heller ikkje særlig god verknad av insulinpennen. Og kva hadde den til felles med pumpa? Jo, insulinen. Frå samme ampull (ein trekk insulin til pumpa frå den ampullen som blir brukt i pennen). Vi reiv opp ein ny ampull, lada pennen på nytt og ga ein god dose (forøvrig: Lærdom #3: sprøyteskrekk går jammen meg raskt over – «gjer’sje vondt mamma»). I staden for å rive ut nok ein brønn (som sikkert var ok), skifta vi berre slange, prima pumpa på nytt og kobla på brønnen som allereie var satt. Med den nye insulinen fekk vi blodsukkeret ned! Ikkje lenge etter fekk vi fine utslag på ketonmålingane også. (Lærdom #4: ja, insulin kan bli ødelagt). Vi veit ikkje kva som var gale med ampullen vi hadde. Vi veit berre at den var siste ampull i boksen, og dei forrige har vore normale. Vi hugsar ikkje om ein av oss har funne den i ein sekk, for så å ha lagt den i boksen. Kanskje var den med på flyet til Frankrike i sommar, og hadde det for kald? Låg den i ein bag som blei gløymt i bilen ei frostnatt? Eller hadde den det for varmt i sommar? Eller er den feilproduksjon?

Legg ved eit bilde som viser jentungen si løysing på problematikken – ho prøvde å springe blodsukkeret ned. Ho tok av sokkane, og sprang rundt i leiligheten med katten etter seg. Veslebror-løfting skal også vere effektivt 😀

Så vi har altså lært ein del den siste tida. Det viktigaste for jenta var kanskje å oppleve at det å få insulin med penn faktisk ikkje var så forferdelig som ho hadde tenkt. Vi lærte at ein kan faktisk ikkje stole på at insulin verkar som den skal.

Advertisements

4 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. line / Des 18 2010 10:19

    dette høres slitsomt ut, ja! vi har hatt lignende opplevelser med «gammel» insulin, og plastrøret vårt har også bøyd seg noen ganger, så denne pumpa er ikke heelt feilfri! godt at sykehuset bare er en telefon unna 🙂

  2. Karoline / Des 19 2010 16:14

    Huff, det er ikke kjekt! Har opplevd det et par ganger selv, bare at jeg våkner om morgningen med pumpen på gulvet, og at jeg har dradd ut «nålen» i løpet av natten.

    Så søt hun er! 🙂

  3. Karoline / Des 19 2010 23:17

    Tusen takk for kommentaren!
    Jeg skjønner hva du mener! Jeg har gitt litt opplæring til venninnene mine, som også er veldig obs på at jeg ikke må spise noe godteri eller sånt i bursdagsbesøk. Hehe!

    Jeg tror det kommer til å gå kjempe bra, jeg! Hun kommer nok til å bli kjempe flink
    å takle det alene når hun blir eldre. Det at hun «løper vekk» de høye verdiene lover jo godt! Hun vet tydligvis hva hun gjør! Heheh 😉

    Hvor gammel var hun når hun fikk diabetes?

  4. Underveis / Jan 5 2011 12:07

    Å – dere har litt av hvert i livet! Så flinke dere er til å takle ting.
    Godt nytt år!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: