Skip to content
13/12/2010 / kjersti70

Veslebror

Veslebror har hangla i det siste – feber som kjem og går, hoste og snue. Han er blitt så tynn og bleik. Nå trudde vi han var frisk, men i dag ringde dei frå barnehagen – han klaga over magevondt og at han var så trøtt. Feber hadde han også. Det er mannen min som ringer og gir beskjed at eg må hente. Og kan eg ikkje ta eit blodsukkermål? Og det spør min ellers så ubekymra og avbalanserte mann om. Han har faktisk tenkt tanken. Medan eg kjører til barnehagen (forsiktig, for det er litt glatt), planlegg eg alt. Mannen min må komme heim, for eg har feber sjølv og er heime frå arbeid. Eg kan ikkje ta eit barn med debuterande diabetes til sjukehuset. Ergo må han ta bussen heim, hente poden og dra til sjukehuset. Sjølv må eg komme meg til skulen og hente storesøster, og deretter komme oss tilbake til skulen, fordi der er det juleavslutning med luciatog og 60 stk. lussekattar som eg har baka. Kan vel ikkje ødelegge denne festen, berre fordi veslebror har pådratt seg aldri så lite diabetes? Og så ser eg for meg neste året med gru – det å knekke viljen til nok eit lite barn ved å påtvinge det sprøytestikk, fingermåling og nattlige oppvåkningar med søt saft og kjeks. Eg ser heller ikkje fram til å skulle sjonglere to diabetesbarn gjennom kvardagen. Og så hentar eg poden, drar heim, og forer han med eit stort glas søt saft og ein lussekatt. Når han ligg og ser Tom og Jerry på TV, snik eg meg inn bakvegen og tar eit raskt blodsukkermål. Sjokkert veslebror som er heilt uforeredt (kanskje det var litt slemt gjort), og eit mål på…. 6,8. Puh! Heilt normalt etter ein stor dose sukker. Eg kan stryke diabetes av lista for ei stund i alle fall. Livet fell tilbake til normale folder igjen. Eg kan ta meg ein kaffekopp i ro og mak, og pleie min eigen feber, slumrande på sofaen, med ein halvsjuk pode på armen.
Kanskje eg burde måle meg sjølv også?

Advertisements

6 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. line / Des 13 2010 20:53

    huff! god bedring til dere begge!
    forstår godt at «diabetesfrykten» henger i 😉 den blir vi nok aldri helt kvitt, tror jeg!

  2. Jorunn / Des 14 2010 15:37

    Å som jeg kjente meg igjen… «Diabetesen» ligger alltid å lurer litt i bakgrunnen når en av småsøsknene er uvel eller har magevondt.
    Vi er ennå blitt spart for cøliaki hos oss. Det synes jeg virker vel så skummelt .
    Dere får ha god bedring og en fin førjulstid;o)

  3. Diamamma / Des 15 2010 23:17

    God bedring i heimen!

  4. Torill / Des 16 2010 18:15
  5. Kathrine / Des 16 2010 20:36

    Huff dette hørtes litt skremmende ut – godt alt var ved det normale!

  6. birna hjaltadottir / Des 17 2010 21:02

    Uff, så jobbigt! Det är vid sådana tillfällen som jag blir så ledsen att vi bor så långt borta. Amma och afi ska finnas där när barnbarnen blir sjuka! Stackarna, jag hoppas det går bättre nu. Ni är ett par modiga människor, Kjersti och Hjalti!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: