Skip to content
10/12/2010 / kjersti70

Glutenfrie lussekattar

Sjeldan er vel barne-cøliakeren meir aleine enn når det blir servert lussekattar. Det er som regel ingen andre ting servert – det er lussekattar ein et til Luciafesten, og ingenting anna. Pepperkakehappenings før jul kan også vere ei utfordring, men her er løysinga at ein kan vere førebudd med ein pakke glutenfrie kjeks på lur. Men lussekattar får ein ikkje kjøpt glutefrie frå frysedisken. Derfor vil nok dei fleste fedre og mødre til barn med cøliaki ha ønske om å bake glutenfrie lussekattar.

Eg har tatt utgangspunkt i svigermor si oppskrift på gode, svenske lussekattar; opprinnelig med vanlig kveitemjøl, men endra av meg. Bollene blir heilt som dei skal vere med masse safran (og kom ikkje her med gurkemeie altså; om det i det heile tatt gir smak til kattane, så er det bittert). Lussekattar skal vere solgule og med vidunderlig safransmak. Visstnok er dei gule for å skremme bort Lucifer («Lussi»), og grunnforma skal visstnok vere dei vakre augene til den italienske helgen St. Lucia, som reiv augene sine ut og ga til kjærasten, berre fordi han syns dei var så fine. Ein smule dramatisk spør du meg, men heldigvis ordna Vårherre opp, og ga Lucia nye auge, enda vakrare enn før.

LUSSEKATTAR, GLUTENFRIE (2 brett, eller ca. 25-30 stk)
(dersom du vil lage lussekattar med gluten følgjer du oppskrifta, men kuttar ut fiberhusk og brukar vanleg mjøl)
50 gr. gjær
5 dl. melk
200 gr. smør
1 ss fiberhusk
1 ts. salt
1,5 dl. sukker
1 egg (pluss eit til å pensle med).
1 gr. safran (ein boks frå apoteket er normalt 0,7 gram, det er ok)
13 dl semper fin
Rosiner, ein neve, lagt i ei skål med vatn (hindrar at rosinene blir brent)

Støyt safranen saman med litt sukker. Smelt smøret og slå over melka. La det bli godt varmt. Ha i fiberhusk og la stå nokre minutt. Sjekk temperaturen – den skal vere om lag fingervarm. Rør ut gjæren i væska. Ha i salt, sukker, egg og safranblandinga i ein bolle. Kvell over det våte, og ha deretter i det meste av mjølet. Arbeid deigen godt saman – den skal vere temmelig våt. Her er min Kenwood i full aksjon (eg bakte halv oppskrift i dag). Eg lot maskina gå i ca. 5 minutt.

La deigen heve i bollen i ein halv time, eller til deigen har dobbel storleik. Plump den deretter på eit bakebord. Sjå så fin og gul! Som de ser er deigen også ganske våt – og ein treng å ha ein del mjøl på bord og hender når ein bakar ut.


Del deigen i passande bitar – eg lagde 25 små deigklumpar. Trill/trykk desse ut til pølser som er ca. 2 cm. tjukke. Form dette til dei lussekattane du vil ha. Sjølv lagde eg berre «Julgaltar», dvs s-former. Der finst mange andre former også: søk på «julkuse», «gullvagn» eller «lilja».


Glutenfri deig er litt «rar» å jobbe med dersom du er van med vanleg deig. Den er ikkje elastisk, og oppfører seg meir som ein mørdeig. Det går fint å trille, men pølsene har lettare for å brekke opp enn vanleg deig. Det er også litt meir utfordrande å få overflata jevn og glatt. Sjå på det som ein treningssak, og trøst deg med at smaken betyr mest!

Legg lussekattane på plate og la heve i minst 30 minutt.

Pensle med egg og dytt rosiner inn i endane av spiralane.

Steik ved 250 grader i 7 minutt, og resultatet bør bli noko som liknar dette:

Eg syns at lussekattar bør etast litt varme. Derfor et vi dei når dei er heilt ferske frå omnen. Veldig gode med smør på, og kanskje kvitost. Resten frys vi ned, og varmar forsiktig opp ved behov (tiner dei først før oppvarming i omn). Lussekattar et ein sjølvsagt på Luciadagen, men det er ingen grunn til å ikkje nyte safransmaken vidare inn mot jul!

 

Advertisements

8 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Underveis / Des 10 2010 09:52

    Takk!! Det må vi prøve!

  2. charlottepanda / Des 10 2010 14:27

    Takk for oppskriten! Men jeg lurer på hvor mange lussekatter det ble av oppskriften?

  3. kjersti70 / Des 10 2010 15:52

    Ja, eg gløymde å telle, men eg bakte halv oppskrift, og fekk da eit brett. Eg har 9 igjen i frysen ser eg, og så åt vi jo ein del da 😀 Eg tippar det må ha vore ein ca. 13-15 stk. Eit brett i alle fall. Eg har oppdatert i oppskrifta – takk skal du ha 🙂

  4. Torill / Des 11 2010 06:42

    Vidunderlig deilig! Safran e en viktig ingrediens, men det e veldig dyrt dessverre. Ej he aldri laga lussekatta, men forstår jo at det kan vere greit å ha med sej på Luciadagen.

  5. Lotte / Des 13 2010 18:30

    Tusen takk for oppskrift, de står for øyeblikket og hever. Mannen hadde bare kjøpt 250mg safran, men det holder sikkert. Betalte forresten 38kr for den lille dærten!!!

  6. Snupsey / Des 17 2010 10:48

    Tuusen takk for knall god oppskrift 🙂

    å bake med glutenfritt gikk jo som en lek med denne deigen:)

  7. kjersti70 / Des 17 2010 12:29

    Så kjekt å høyre 🙂

  8. birna hjaltadottir / Des 17 2010 21:03

    Så flott! Gratulerer med dessa fina Lussekatter!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: