Skip to content
23/10/2010 / kjersti70

Småkaker med appelsin og mandler

Joda, nok eit søtt innslag frå meg, men det er nå slik det er – med cøliaki å forholde seg til er et helst bakverk som er utfordinga. Middagane er lette å få glutenfrie. Desse kakene fann eg på bloggen «Mat på bordet«, og eg måtte prøve å lage ein glutenfri variant. Eg ser at dette blir basis for julekakene i år! Veldig gode kaker utan den typiske, tørre glutenfri-smaken i munnen.


Ingrediensane er som følger:

 

200g mandler (uten skal)
140 gr melis
finreve skall av tre appelsiner
1 stort egg, romtemperert
170 gr romtemperert smør
1 ss fersk pressa appelsinjuice
250 gr glutenfritt mjøl
perlesukker
Start med å skolde mandlene i kokande vatn. Dvs. du kokar opp vatn og har mandlene i. La dei ligge i eit minutt, og skyll så av. Enkelt-penkelt. Sjølv 7-åringen greier å få av skalet (du klemmer i den butte enden til mandelen poppar ut). Veldig gøy når dei sprett rundt i kjøkenet!
Dei kvite mandlene tørkar du ved 50 grader i ovnen. Sett ovnsdøra på gløtt. Dei treng ikkje så lang tid.
Deretter heller du mandlene med melis i ei matmølle og kjører dei til ein grov masse. Ganske fin (sjå bilde på bloggen som vart linka til over).
Så skrubbar du appelsinene og riv skalet. Pisk skalet saman med egg, og hell det i mandlene og melisen. Bland. Ha i det mjuke smøret og appelsinjuice, bland på nytt. Ha til slutt i mjølet og bland lett – ikkje lenge. Skrap deigen ut på plastfolie og rull den saman til ei stor pølse (du kan også lage to pølser). Dersom deigen er klissete kan du rulle den i melis.
(minstemann har kasta seg over appelsinene).
Når du har laga rullen legg du den i kjøleskapet. Her skal han ligge i minst 3 timar. Når du er klar til å bake, skjer du skiver av pølsa, ca. 1,5 cm. tjukke. Legg dei ut over eit bakebrett med bakepapir.
Og så strør ein perlesukker på må vite.
Mmmm… perlesukker…
Nammenam! Og så SER ein at det er appelsin i!
Og her er dei ferdige kakene. Smakar litt jul, på grunn av appelsiner og mandler, og skal absolutt testast ut med andre smakar. Kakao og sjokolade f.eks, mandeldråpar, og kanskje nokre spennande krydder?
Advertisements

5 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. tøybleiemamma? / Okt 24 2010 09:46

    Mmmm, de så gode ut. Kan man bare bytte ut mengden glutenfritt mel med vanlig mel?

  2. kjersti70 / Okt 24 2010 12:05

    Joda 🙂 sjekk bloggen eg linka til – der er oppskrifta litt mindre, og med mjøl som har gluten. Elles er der ein liten feil i den bloggen – smør er utelatt i beskrivelsen, berre så du er klar over det 🙂

  3. Ragnhild / Nov 15 2010 22:26

    Nam! Såg gode ut! Skal testast ut!

  4. fisefornemme Pernille / Des 5 2010 11:42

    Nøj, de ser gode ud! Mums 🙂

  5. Torill / Des 11 2010 06:44

    Ungane dine e so skjønne… 🙂 Du he oppdratt dei godt som e so flinke å hjelpe ho mor med bakinga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: