Skip to content
23/10/2010 / kjersti70

Matplanlegging på Iphone

Eg fekk Iphone for eit år sidan, og må innsjå at eg har heile livet mitt på denne vesle dingsen. Den held orden på alt som eg treng å ha orden på. Fram til nyleg har eg brukt ei enkel handleliste der ein kunne sende lista til andre (les mannen), og krysse ut det som vart kjøpt. Greit nok, men ikkje svar på alle mine behov når det gjeld planlegging av familiens meny. Eg skulle så gjerne hatt ein stad å legge inn matoppskriftene mine – både dei eg brukar jevnleg, men også nye som eg kjem over når eg sit der i kø på tannlegekontoret (f.eks). Og så skulle eg gjerne hatt ein måte å planlegge middagane ei veke om gangen – på Iphone (så slepp eg å hugse kva som står på lista som heng på kjøleskapet heime). Og prikken over i’en ville vere om ingrediensane til middagsplanen ville ordne seg pent og pyntelig i ei handleliste, OG at denne kunne utvekslast med andre (som der og då befant seg nærare ein butikk enn det eg gjorde).

Gleda var stor då eg tilfeldigvis snubla over Mealboard i Iphone store. Einaste skåret er at app’en ikkje aksepterer norske bokstavar i ingredienslista, men det vel eg å oversjå foreløbig. Forhåpentligvis vil dette komme på plass etter kvart.

Sakte men sikkert bygger eg opp oppskriftsamlinga på telefonen. Eg la først inn dei viktigaste basisrettane i familien. Dette tok ikkje lang tid, for her droppa eg framgangsmåten. Eg VEIT liksom korleis ein lagar chili con carne. Vidare har eg etter kvart supplert med ein del spennande rettar som eg har lyst til å prøve. I staden for å taste på telefonen kan ein legge oppskriftene inn på nettsida til Mealboard, og dette fungerer også som ein fin backup av oppskriftssamlinga. Både eg og mannen kan laste opp til og ned frå denne serveren – heilt genialt! Når ein har bygd seg opp ein god base av oppskrifter kan ein lage meny for veka som kjem, og med eit enkelt tastetrykk får ein opp ei pen og pyntelig handleliste, sortert etter seksjon i butikken. Ein definerer sjølv sine eigne kategoriar og i bunn og grunn er heile greia utrulig fleksibelt! Vi gjer storhandel kvar laurdag, og i dag har eg prøvd for 2. gong korleis dette fungerer. Handlinga blir gjort på ein blunk, og det er herlig å vite kva som er til middag alle dei kommande dagane. Det eg likar aller best er at dette fungerer utan større innsats. Det er ikkje så tungt å planlegge meny for neste veke når ein likevel sit i sofaen ein fredags kveld med eit halvt auge til nyhetene. Klikk-klikk-klikk, og menyen for neste veke er klar. Handlelista genererer ein når ein er kommen i butikken.

Thumbs up frå meg!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: