Beste eplekaka i verda
Ja, den trur eg at eg laga for litt sidan. Tingen var at det var ei lita forsinka markering av jentungen sin fødselsdag – saman med familie. Vi hadde lakseburgerar til middag, etterfulgt av eplekake med is. Du verden den var god! Kaka forsvann på eit blunk! Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift eg fann på nettet, og kan skrive under på at dette er god, saftig kake.
5 små eple 5 ss. sukker3 ss kanel 250 gr. sukker 250 gr. romtemperert smør 5 egg
250 gr. glutenfritt mjøl 1,5 ts. bakepulver Perlesukker Hakka mandler
Sett omnen på 180 grader. Finn fram ei kakeform (ca. 24 cm i diameter), og smør denne. Eg pleier også ofte å ha i bakepapir. Skrell epla og del dei i båtar. Legg dei i ein pose med 5 ss. sukker og 3 ss. kanel. Rist godt slik at epla vert dekt. Legg til side. Ha smør og sukker i ei matmølle. Pisk lyst. Ha deretter i eit og eit egg og pisk godt mellom kvar gong du har i egg. Sikt mjølg og bakepulver over, og vend med ein slikkepott. Hell halve røra i forma og legg i halparten av epla. Ha deretter i resten av røra og resten av epla på toppen. Dryss perlesukker og hakka mandler over. Steik midt i omnen i 50 minutt. Stikk med ei kakenål for å sjekke om kaka er ferdig. Mi kake trong å stå litt lenger.
One Comment
Kommenter innleggetTrackbacks