Festfin glutenfri sjokoladekake
Dette er ei GOD glutenfri kake. Ei sånn kake som du trygt kan servere til eit festbord. Ikkje la deg skremme av oppskrifta – det er verkeleg ikkje særlig hokus pokus dette her. I botn er ein eggedosisbasert sjokoladekake som kan minne om brownies. Over dette eit lag vaniljekrem, og på toppen er det sjokolademousse. Hos oss er kaka populær både hos besteforeldre, tanter og barnebarn.
Og min kollega Irene skal ha kreditt for å ha gitt meg oppskrifta. Den var opprinnelig med gluten, men eg har berre bytta ut med glutenfritt mjøl.
FESTFIN SJOKOLADEKAKE (glutenfri)
2 egg 2,5 dl. sukker 1 1/4 dl. smelta og avkjølt smør 1,5 dl. glutenfritt mjøl (eller vanlig om du tåler det)4 ss kakao 1 pk. vaniljekrem (IKKJE saus!)
Smelt smør og sett til avkjøling. Sett steikomnen på 175 grader. Klem eit bakepapir fast i ei springform på ca. 22 cm. i diameter. Klipp av papiret som stikk ut langs kanten. Smør forma, og gjerne litt i botn også. Pisk egg og sukker til eggedosis. Rør i smøret og sikt inn mjøl med kakao. Hell røra i forma og steik i 30. minutt, nedste rille. Botnen kan godt vere litt fuktig når du tar han ut. Avkjøl i forma.
Når kaka er blitt avkjølt tar du bort ringen og floppar den på hovdet på eit serveringsfat. Ta bort metallbotnen og dra bakepapiret av. Sett ringen tilbake rundt kaka, og legg i vaniljekrem. Legg det slik at det ligg mest krem i midten av kaka, og tynnare ut på kanten.
150 gr. mørk kokesjokolade 2 eggeplommer 1 eggekvite 2 ss melis 1 ss kald sterk kaffe 1 ss konjakk (i mangel av dette brukte eg sherry) 2 dl kremfløyteLag mousse: brekk sjokoladen og smelt den over vassbad. Dette er lettast om du lar vatn koke lett i ein kjele, og smeltar sjokoladen i ein bolle som er litt større enn kjelen. Viktig å ikkje få vatn i sjokoladen! Avkjøl sjokoladen litt.
Skil eggeplommene frå kviten (du tar vare på berre ein kvite). Dette syns eg er lettast å gjere med reine hender – knekk egget og la plommen skli frå ei hand til ei annan medan kviten renn ned i ei skål under. Visp eggeplommene med melis til det er luftig. Ha i kaffe og konjakk. Stivpisk fløyten. Og stivpisk eggekviten. Du har nå fire blandingar:
a) smelta sjokolade b) melis og eggeplomme c) kremfløyte d) eggekvite, stivpiskaHa sjokoladen (a) i melis- og eggeplommeblandinga (b) og rør dette saman. Ved deretter kremen (c) inn og til slutt eggekviten (d). Vend dei to siste inn med rolige bevegelsar slik at du ikkje slår ut lufta. Bruk slikkepott, og vend redskapen rundt i blandinga utan å piske eller røre for hardt. Hell dette over vaniljekremen (kaka altså). Dekk med folie og sett kaldt til fyllet har stivna (det tar nokre timar).
Før kaka skal serverast skjer du forsiktig langs kanten av ringen. Løft den av og pynt med f.eks mokkabønner og sjokoladerasp. Eller kva du måtte like.
Ajajaja, denne må prøvast! Ser supergod ut! Eg elskar mokkabønner, så det må i alle fall bli pynten:-)
Hei! Kaka er virkelig god! Men du har glemt å skrive hvor mye mel som skal være med, så jeg måtte bare ta en sjanse. Hvor mye skal det være, egentlig 🙂 ?
Nei, har eg gløymt mjøl? Det skal eg rette opp, takk skal du ha!
Fin blogg du har 🙂