Skip to content
11/10/2010 / kjersti70

Etsy-funn, diabetes

Etsy er ein fantastisk markedsplass – her har eg handla mykje fint til både meg sjølv og ungane. Eit søk på «diabetes» gir mange treff – både ting som er fint, og ting som er mindre vakkert, i alle fall i mine auge. Her er noko av det eg fann: (alle bilde er frå Etsy, og bilda er klikkbare).

Belte frå Tallygear, som jo kan brukast til det meste! Insulinpumpe, telefon, ei lita lommebok, og kanskje her også er plass til insulinpenn og blodsukkermålar? Det burde i alle fall gå an å få med boksen med strips, stikkepenn og apparat i alle fall.

Sjølv har eg bestilt dette beltet frå gifts2give (for tida på ferie, så butikken er stengt nå). Vi ventar spent på posten! Det eg likar med desse belta er at dei er litt breie og mjuke. Dei kan ligge fint over brønnen utan å irritere, og beskyttar dermed litt. (Dersom du klikkar på bildet ser du også at ein kan få beltet med diverse rosa fjør på, det har eg da altså IKKJE bestilt).

Så er det jo mulig å berre kjøpe seg ei enkel lomme, slik som denne frå Thehello sunshine shop. Her må ein sjølv sy i knapp på innsida av sine eigne kle, slik at lommen får feste. Kanskje noko ein like gjerne kan sy sjølv?

Ganske fint armband til ei lita jente,frå Madeforujewelry. På tag’en skal det sjølvsagt stå «diabetes».

Så var det dette da frå Voloapparel. Om du har lyst til å fortelle heile verda at du (eller ditt barn) har diabetes, er dette tingen. Fordelen er at dersom du havnar i insulinsjokk BURDE folk ta eit hint.

Denne var litt artig, og ser at dama syr vesker som passar til ditt blodsukkerapparat. Kanskje på tide å «freshe» opp målaren? Frå Cheariefearie

Denne er heller ikkje heilt dum, frå Missmaryjennifer. Ser litt ut som at ting kan dette ut?

Enkelt og greit, frå JetSilverBeads. Symbolet kan ein også få i rødt, og ein kan få lenke i sølv.

Her er kanskje mitt favorittfunn i kveld, eit lekkert armband frå TFDMedID

For den spesielt interesserte… trur ikkje eg ville hatt det på veggen i stova, men kanskje du ville? Kostar i overkant 900 kroner, frå Rmlehman23

Advertisements

2 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Diamamma / Okt 11 2010 22:02

    Åh. Her var det mange fine tips! Takker og bukker og sjekker ut!

  2. line / Okt 13 2010 06:20

    stilig med en slik lomme da! har prøvd å sy noen prototyper av pumpeveske, så kom skolen og alle håndlagde prosjekter ble lagt på hylla 😉
    men det var gode nettbutikktips!
    har også tenkt at smykke er lurt, men snuppa er blitt litt jålete, så vi får se hva hun vil ha 😉
    har tenkt at smykket må være ganske tydelig, dersom det skal oppdages under en krise..har funnet noen i stoff på ebay, men aner ikke hva det blir til.

    og gratulerer så mye med vell overstått 7 årsdag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: