Skip to content
24/03/2010 / kjersti70

Endeleg naturell skyr!

Endeleg kan ein få tak i skyr naturell i norske butikkar. Produktet har vore på marknaden ei stund, men det var først i går at eg greide å få kloa i fire boksar.

Skyr er ein ost, utan fett, utan karbohydrat og med masse protein som gjer deg mett. Og slik ser boksane ut :

Nei, skyr er ikkje revolusjonerande annleis enn norsk mager kesam. Eg syns likevel at det smakar betre, og eg likar konsistensen. Eg er ikkje begeistra for den ferdig smakssatte skyr’en frå Q-meieriene, og er derfor glad for å ha fått ein naturell variant i handel. Eg vil nemmelig ha skyr utan smak, rørt med sukker og med fløyte på. Veldig godt mellommåltid, og døyver sulten godt. Tilsetting av sukker kan ein sjølvsagt diskutere, men skyr i seg sjølv er og blir nokså surt og snerpete i munnen. Ein treng litt tilsatt søtt. Det eg nå ser fram til er å eksperimentere med skyr i mat og det er allereie fleire oppskrifter på Skyr.no. Produktet er naturlig nok glutenfritt, og svært godt egna for diabetikerar. Blir det brukt i mat aukar det proteininnhaldet utan å påverke karbohydratmengden. Om ein brukar det i bakverk vil det også gi saftigare bakst – noko som alltid er viktig når ein bakar glutenfritt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: