Skip to content
12/03/2010 / kjersti70

Kyllingnachos

Nachos og taco er populært hos mine barn. Glutenfritt er det også, så lenge ein held seg til harde mais-chips. Nei, tortilla-lefser er ikkje bakt på berre maismjøl, og kan derfor ikkje brukast. Eg har planar om å eksperimentere med mine eigne glutenfrie, mjuke lefser, men har ikkje  komme så langt.

Det eg derimot har gjort er å teste ut kyllingkjøttdeig med taco/nachos. Deigen lagar eg sjølv ved å mose ferdig fileterte kyllinglår i matmølle. Deretter lagar eg nachos eller taco sånn som vanlig, med tacokrydder (lagar det sjølv – mykje betre og mindre salt), salat og det ein måtte ønske.

Ungane mine likar kidneybønner, så det blei steikt med denne gongen. Eg fordelte nacho-chips i former og dryssa over kjøttblanding. Toppa med reven ost. Med salat, tomat og tacosaus (gjerne frå glas), er dette veldig godt!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: