Skip to content
12/03/2010 / kjersti70

Fiskegrateng – glutenfri åff kårs

Det var på høg tid å gi seg i kast med fiskegratengen. Eg voks opp med dette som ein av dei vanlige fiskerettane  på vårt bord. Eg var aldri særlig glad i fisk – men dette likte eg. Sidan jenta vår fekk cøliaki har det blitt litt puslete rundt denne fiskegratengen. Eg pleide ofte jukse før og kjøpe ferdige gratengar frå frysedisken. Det måtte vi jo slutte med. Og eg kom aldri dit at eg prøvde å lage min eigen utan mjøl. Men nå har eg gjort det, og den blei god!

Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta frå Godfisk.no . Sidan eg ville ha ein veldig rask, enkel oppskrift utan fiksfakseri, droppa eg å stivpiske eggekviter og slike meir kompliserte ting. Fort og gale ville eg ha det! Eg skal ikkje seie at eg fulgte oppskrifta til punkt og prikke – eg laga nok mykje meir saus enn der står, men elles var innhaldet det same. Eg brukte sjølvsagt glutenfritt mjøl i min saus, og eg brukte ferdig paneringsmjøl frå Schär. Min fisk var rå hyse, og eg laga derfor sausen ekstra tjukk.

Skeptiske barn som aldri hadde smakt fiskegrateng før, men dei forsynte seg bra likevel!

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. anne Marit / Mar 24 2010 09:15

    så koslig blogg du har. fine oppskrifter ,så bra du deler med andre som har de samme utfordringene

    inspirerende

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: