Skip to content
01/03/2010 / kjersti70

Kyllingnuggets

Poden utan cøliaki likar kyllingnuggets frå Mac Donalds. Og jenta kan jo ikkje ete det. Ho er ikkje spesielt opptatt av alt ho ikkje kan ete (enda), men eg ville gjerne prøve å lage ein glutenfri variant. Eg har hatt godt hell med å bruke glutenfritt corn flakes til panering tidlegare. Derfor har vi  corn flakes i hus, sjølv om ingen får lov å ete dette til frokost (tullemat). Til panering derimot er det suverent, og mine kyllingnuggets blei veldig, veldig gode! Du må ikkje grue deg for panering – det er veldig lett, og barn kan gjerne hjelpe til! Slike nuggets er gode kalde også. Dei egnar seg fint som nistemat til eit diabetesbarn (eller ein voksen). Gode, sunne, magre protein!

Man tager:

4 kyllingbryst

PANERING TØRR:
2 dl glutenfritt mjøl
1/2 ts salt
1/4 ts pepper (om du vil )
1 ts kvitløkspulver (om du vil)
1/2 dl. riven parmasan (mulig du kan erstatte med vanlig ost – garanterer det ikkje).
3-4 nevar knust glutenfri corn flakes (du knuser det i ein pose først).

PANERING VÅT:
1 egg + 1 ss nøytral olje

Det første du gjer er å banke kyllingfiletane flate. Dersom du ikkje har ein hammar har du kanskje eit kjevle? Du kan også droppe denne bankinga, men det er fint å ha litt flate nuggets – då blir dei raskare gjennomsteikte. Ikkje bank dei pannekakeflate, men gi brystet nokre trøkk. Mine var kanskje 1-2 cm. tjukke. («Mamma, koffer du bråker sånn?» sa min 4-åring i dag)

Deretter kuttar du brysta opp i mindre bitar, ca. 5×5 cm, men dette er ikkje så nøye. Kvart bryst blir kanskje 6 bitar omtrent? Pisk saman det våte til panering i ei skål, og bland den tørre paneringa i ei anna. Ta fram eit fat å legge dei ferdig panerte bitane på. Deretter legg du nokre kyllingbitar i eggeblandinga. Løft ein bit opp og la det dryppe litt av, plump det opp i den tørre paneringa. Dekk kjøttet til med mjøl, dytt litt lett på haugen og grav kjøttet fram igjen. Rist litt av og legg det på fatet. Det er lurt å la ei hand vere den som plukkar opp kjøttet frå paneringa, og ei anna som held på med eggeblandinga. Då får du ei tørr og ei våt hand, og det blir ikkje så «messy».

Når du er ferdig med alle bitane ser det ca. slik ut (tomatene er berre med for å få litt farge i bildet – eg juksar) :

Du kan med fordel sette dette i kjøleskapet i 10-15 minutt, men du MÅ ikkje. I mellomtida set du ei god steikepanne på omnen og har i godt med nøytral olje. Eg brukar rapsolje. Når panna er god og varm, og olja ryk, kan du starte steikinga. Legg kyllingbitane i panna og la dei steike i nokre minutt på kvar side. Fyll på med olje dersom panna steiker tørr. Sjekk ein av dei tjukkare bitane med kylling om dei er gjennomsteikt. Du vil ikkje ha rå kylling inni!

Vi åt dette med salat og agurk til (tomat til snuppa, men vi andre ville berre ha grønt). Dei små fekk kesam å dyppe i (som poden syns var ekkelt, men han prøvde i alle fall), og mor hadde i tillegg  dip med Curry Mango og Mild Smooth Chutney. Deilig!!

For den som absolutt må ha karbohydrat, så finst der jo pommes frites og ris… Og så kunne dei nok også brukast i hamburgerbrød (glutenfrie så klart). Vi syns at dip og grønt var meir enn nok 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: