Gå til innhald
21/01/2010 / kjersti70

Pirog

Pirogar er super nistemat, turmat og snack. Ikkje spesielt sundt, med tanke på det fine brødet med mykje fett i, men betre enn mykje anna. Her er tross alt kjøt og grønsaker også! Eg har googla meg fram til ei grei oppskrift der deigen er laga på smør, melk, mjøl og salt, og meste nytte fann eg i oppskrifta til Liselotte (forøvrig ein veldig fin blog) Eg trur eg neste gong skal prøve å erstatte smøret med noko olje. Smaken av olivenolje vil passe godt med fyllet inni. Det tar littegranne tid å lage pirogar, på grunn av utbaking og bretting og diverse, men sett av litt tid og lag ein stor deig. Pirogane er nemmelig fine å fryse, og er gode i matpakken!

For å lage desse:

treng ein:

kjøtt (f.eks kjøttdeig, kjøttrestar, skinkebitar, kyllingrester el.likn, men du kan også droppe kjøtt)
grønsaker (løk, gulrot, selleri, paprika, tomat etc etc)
krydder (det du likar)
riven ost (kan utelatast)
100 gr. smelta smør
3 dl. melk
50 gr gjær
eit lite dryss salt
2 egg + 1 til pensling
350 gr. glutenfritt mjøl

Du lagar først fyllet, og tar det du  har i kjøleskapet. Eg lagde to ulike blandingar. Eg tok rester av gårsdagens kylling og steikte med løk og kvitløk, gulrot, hot madras curry pulver og masse ingefærpulver. Denne blandinga blei naturlig nok mest til oss voksne.

Den andre blandinga var av kjøttdeig, løk, kvitløk, selleri og gulrot. Grønsakene blei kutta fint opp slik at ingen hadde grunn til å protestere. Eg hadde i litt tacopulver. I begge blandingane hadde eg i litt creme fraiche for å «samle» blandinga litt

Blandingane vart satt til avkjøling medan eg lagde deigane (eg lagde to, ein glutenfri og ein med kveitemjøl i). Smøret vart smelta ei ei gryte og melka kvelt i. Når blandinga var litt meir enn fingervarm rørde eg egga inn (dei var kalde, så måtte ha litt varme i melkeblandinga). Når væska var ca. fingervarm hadde eg i gjær, salt og mjøl. Mjølet slumpa eg berre oppi til eg fekk ein grei deig. Den slapp bollen fint, men var ganske laus. Deigane satte eg til heving i eit lite kvarter medan eg rydda på kjøkkene og satte steikomnen på 200 grader.

Deretter bakte eg ut deigane. Eg tok ein klump med deig og kjevla ut (eller trykte med hendene) små leivar, om lag 10 cm. store i diameter. Den glutenfrie deigen var mykje lettare å jobbe med!

Eg la litt fyll på midten, hadde i litt riven ost, pensla langs kanten på eine halvdelen og bretta over. Langs kanten klemde eg litt til med ein gaffel.

Så fine atte! Dette skal ikkje sjå perfekt ut; når pirog’ane blir steikte blir dei fine uansett! Så pensla eg dei godt med egg.

Kjøkkenhjelper med pumpesekk på snei!

Pirogane blei steikt ved 200 grader i 15 minutt. Deretter vart dei testa, og godkjendt. Dei er gode med salat til, men meir treng ein ikkje. På grunn av det fine brødet i kombinasjon med smør, treng ein mykje insulin for dette, og kanskje ein gjentatt dose nokre timar seinare. Det er likevel lettare å justere enn pizza, som gir høgt blodsukker i mange timar etter måltidet.

7 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Birgit / Jan 21 2010 19:24

    Jeg laget sånne i går, bare med pizzadeig. Brukte kvernet kyllingkjøtt, bønner og tomatsaus som fyll.Det rant ut litt fyll, jeg tenkte ikke på å bruke egg som lim langs kanten. Skal prøve det neste gang. Eller kanskje det uansett blir trøbbel med tomatsaus inni…? Prøver med egg likevel!

  2. Jorunn / Jan 23 2010 12:54

    Hva med å lage de med grovt mel ? Etter at jenta vår fikk diabetes så lager jeg bare grove pizzabunner og piroger. Ungene våre elsker de . Er også veldig greie å ha med som skoleniste ;o)

  3. Jorunn / Jan 23 2010 13:01

    Eller finnes det gjerne ikke grovt mel for de med cøliaki ? Er nok litt uviten om hvilke alternativ dere har til vanlig mel ;o)

  4. kjersti70 / Jan 23 2010 14:17

    Jo, absolutt, men dessverre finst det ikkje spesielt grovt glutenfritt mjøl 🙂 (og nå ser eg at du allereie har svart på ditt eige innlegg). Der finst eit grovare alternativ, sjølv om ein neppe kan kalle det spesielt grovt. Likevel, neste gong skal eg prøve dette 🙂

  5. Turid / Sep 3 2010 13:35

    Nå kan jeg veldig lite om glutenfritt mel – men ser at det har kommet glutenfrie havregryn, disse kan en vel «male» til mel som kan gjøre en melblanding litt grovere kanskje? Eller vil ikke det glutenfrie melet tåle dette mtp bake-/heveegenskaper?

  6. kjersti70 / Sep 3 2010 14:21

    Jo, absolutt; det er ein god ide! Eg har «malt» havregryn til mjøl i matmølle (foodprocessor). Går veldig greit det 🙂

  7. Kanilla / Feb 5 2012 14:23

    Takk for fin oppskrift! Denne skal jeg prøve i dag 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: