Skip to content
21/12/2009 / kjersti70

Orientalsk gryte med smak av jul

Mitt råd for julehelga: lag deg ein liten vri på maten. Eg er veldig glad i norsk julemat (samt islandsk), men etter som romjuledagane går lengtar eg etter noko anna. Denne gryta laga eg i går; og den smakte jul; nellik og kanel! Svært aromatisk, men ikkje sterk. Ungane likte det hos oss i alle fall! Eg tok utgangspunkt i ei gresk gryte på Geirs matblogg, men har tilpassa og lagt til ein del. Eg har lagt inn meir krydder i oppskrifta, så om du vil vere meir forsiktig med smaken så reduserer du på mengden av dette. Og så må du rekne god tid til koking. Du kan nok lage ein lyn-variant, men aller helst skal kjøtet få putre i timesvis under lok.  Oppskrifta under bildet bør passe to vaksne og to småspiste ungar.

(hjerte av Catrine på http://www.catscrap.com)

400 gr. mørbrad eller anna oksekjøt. delt i munnbitar.
3 løk i båtar
salt
pepper
2 ss smør
2 dl. tomatpuré
1 dl rødvin
1 ss rødvinseddik (eg hadde ikkje, og brukte balsamicoeddik)
1 ss brunt sukker
2 hvitløksfedd, hakka
2 laurbærblad
1 kanelstang
1 ts heil nellik
1 ts malt kummin (også kalla spisskarve)
2 gulrøtter i bitar
litt sellerirot om du har
litt persillerot om du har
kikerter, om du har

Kutt opp kjøtet; strø salt og pepper på, og steik det lett i smør i ei god gryte (NB: jerngryter vil reagere med raudvin dersom gryta ikkje emaljert på innsida). Kjøtet skal ikkje brunast. Ha i løk. Bland tomatpure, rødvin, eddik, sukker og kvitløk, og hell dette over. I følge originaloppskrifta skal ein ikkje røre i gryta, noko eg heller ikkje gjorde, men eg veit ikkje heilt om dette var viktig eller ei. Ha til slutt i laurbærblad, kanelstang, nellik og kummin. Legg på lok og la dette putre svakt på låg varme i 2-3-4 timar. Når halve koktetida er gått kan du ha i kutta grønsaker. Server med ris, aller helst basmatiris. Dersom du vil ha det heile enda meir forseggjort kan du smaksette risen med kardemomme, safran eller andre krydder. Oliven passa veldig godt til! Eg tippar også at litt arabisk hommos hadde vore godt tilbehør, samt arabisk brød. Alt dette kan du få i ein innvandrarbutikk. Og dersom du ikkje har slikt nær der du bur så er dette ein god rett berre som den er, med ris 🙂

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. isacathrine / Des 24 2009 15:02

    God jul:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: