Gå til innhald
30/11/2009 / kjersti70

Glutenfrie julekaker

Vi inviterte ein liten venn til kakebaking i går, og eg hadde egentlig tenkt å lage pepperkaker. Desverre var skapet tomt for sirup (det brukar vi verkeleg ikkje ofte), så det passa veldig bra å få telefon frå Jannhild der ho gledesstrålande kunne fortelle at ho hadde funne fram til ei super god oppskrift på glutenfrie kakemenn. Denne noterte eg sjølvsagt ned, og julekakebakedagen var redda. Takk Jannhild 🙂

Kakene var fine å bake ut. Deigen var temmelig våt i bollen, men etter ei natt i kjøleskap var den god og fast å jobbe med. Tre par ivrige hender trylla fram 4 brett kakemenn av denne deigen. (eg syns ikkje dei smakte heilt som kakemenn, men meir som sånne skotske smørkjeks, og DET er det ingenting gale med. Dei var rett og slett gode! (Jannhild: eg syns ikkje mine blei spesielt tørre; kanskje det er betre å kutte ut potetmjølet ja)

GLUTENFRIE KAKEMENN / SMØRKAKER
200 gr. smør
300 gr. sukker (yes, I know, men ein kan nok erstatte ein del med erstatning)
3 dl rømme
700 gr. glutenfritt mjøl (eg brukte Semper fin mix)
4 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Rør smør og sukker kvitt, gjerne i ein kjøkkenmaskin. Rør inn rømmen, og ha deretter i det tørre. Slå det heile samen nokre minutt i maskina. Dekk til og sett kjølig i minst ein halv time. Min deig sto over natta. Kjevle, stikk ut, steik ved 200 grader i ca. 8 minutt.

2 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Line / Nov 8 2010 20:01

    Hei, jeg lurer på om det er i orden at jeg bruker denne oppskriften i skoleavisen på BI Trondheim? 🙂
    Jeg refererer selvfølgelig til bloggen din! 🙂

  2. kjersti70 / Nov 8 2010 21:29

    Sjølvsagt kan du det 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: