Skip to content
27/09/2009 / kjersti70

Endelig – kjøttkaker

Eg har, som alle andre, ei mor som lagar verdens beste kjøttkaker. Dette har ikkje utan vidare smitta over på meg. Gjentatte gonger har eg prøvd med på kjøttkaker, og fått som resultat nokre tørre, harde, underlige klumpar. Ein kan jo ikkje gi opp sånn utan vidare, og eg innsåg etter kvart at det var ikkje oppskriftene som eg prøvde det var noko gale med; det var steikemåten.

I dag prøvde eg ut kjøttkakene hos Matprat:

400 g kjøttdeig (eg brukte faktisk karbonadedeig)
1 ½ ts salt
¼ ts pepper
¼ ts malt muskat
¼ ts malt ingefær
2 ss potetmel
1 ½ dl vann eller melk

Eg likar eigentleg løk i kjøttkaker, men gløymde det ut. Det skal eg ha i neste gong. Til saus juksa eg og tok to pakkar av Knorr sin GAMLE fløtesaus. Dei klarte det kunststykket i vår å skifte ut sin gamle glutenfrie fløtesaus med ein fløtesaus med kveitemjøl i. Skikkelig smart. Eg ringde og klagde, og dei hadde fått mange klager; men hadde altså gjort dette skiftet utan å tenke på at nokon var allergisk. Nok om det. Eg har sikra meg ein heil kartong med glutenfri saus før den forsvann frå butikkane, så eg har ein del å ta av.

Ingrediensane til kjøttkakene blir lagt i ei matmølle, og frest godt i eit minutt og to. Deretter la eg ei skei farse i glovarm steikepanne. Kakene blei steikt eit par minutt på panna, og deretter plumpa i varm saus. Dei hadde då ei god og mjuk rå-rand. Kjøttkakene fekk trekke medan poteter, gulrøtter og blomkål blei kokt møre.

Og endeleg fekk eg velsmakande, mjuke kjøttkaker (med god steikeskorpe). At dette var ein suksess kan de sjå under:

kjottkaker

Advertisements

5 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Kristine / Sep 28 2009 18:02

    Snikleser med cøliaki melder seg;) Her stod kjøttkaker i brun saus på menyen i dag. Ica brunsås er glutenfri, og har blitt redningen her etter Knorrs tåpelige påfunn…

  2. Birgit / Sep 29 2009 09:09

    Mmmm, kjøttkaker er så godt. Lurer på om det kan lages med kyllingkjøttdeig? Jeg spiser jo ikke rødt kjøtt lenger. Verdt et forsøk! Ellers har jeg dilla på å lage fiskekaker for tiden. Kjører fiskefilet (torsk eller sei) i matmølle med egg, mel og diverse garnityr. I går hadde jeg i soltørkede tomater og oliven. Laget fiskeburgere som vi spiste med brød og salat. Nam!

  3. kjersti70 / Sep 29 2009 09:18

    Hadde du tomat og oliven inne i fiskekakene? Det høyrdes spennande ut, i tilfelle det var det du gjorde 😀

    Kyllingkjøttboller må da i alle fall gå an; det får ein jo kjøpt i butikk. Eg er litt engstelig for den kyllingfarsen eg da; men det er sikkert berre tull. Eg har berre høyrt mannen min fortelle om eit program han såg om korleis ein laga slikt farse; det blei laga av avspylte kyllingskrottar :urk: Sikkert ingenting galt med det egentlig; høyres berre litt ekkelt ut. Ein kan sikkert kjøre kyllingkjøtt i matmølle sjølv og lage farse av det da 🙂

  4. Camilla fra Snøstorm / Okt 30 2009 14:01

    Den elefantboksen var genial, var den fra ebay den også? Je ghar vært fan av bento lenge (er litt japangal). Det er liksom en egen kunstform i japan å lage bentobokser. Helt utrolig kunstferdige kreasjoner hvor plassering og farge er veldig gjennomtenkt. Mine er ikke helt i samme liga, heh… mer matpapir med en gulrot ved siden av er jeg redd. Men, jeg glimter til en sjelden gang i blandt da. 🙂

  5. kjersti70 / Okt 30 2009 14:11

    Ja, fra Ebay 🙂 Den kom i ein pakke med… fire ulike trur eg det var? Forskjellige dyr. Veldig søte! Låsen er litt svak; den kan vippe opp, særlig om den ligg laus og sleng. Men når den er oppi ein tettpakka matboks er det ingen problem.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: