Skip to content
14/09/2009 / kjersti70

Nistepakke, Bento og vårt opplegg med skulen

Det er på tide å vise fram Bento-boksen eg har kjøpt. Eg ramla tilfeldig over dette med Bento, og oppdaga at dette er visstnok ein farsott. Etter litt googling og lesing fann eg ut at det egentlig ikkje er anna enn eit japansk ord for «nistepakke». Enkelt og greit. Det er snakk om medbrakt, nedpakka lunsj, i ein dertil velegna beholdar. Ein treng IKKJE kjøpe ein spesiell bento-boks, ein kan like gjerne vere «bentoianer» med ein boks frå IKEA. Søker du på Bento på nettet vil du raskt finne ut at folk er verkeleg entusiastiske. Der finst ei eiga flickr-gruppe der folk legg ut bilde av nistepakken sin…. Eg skal ikkje kommentere det, anna enn at det kan vere inspirerande. Og det er jo bra!

Eg var nysgjerrig på kva desse Bento-boksane var og handla meg to stk på Ebay, med litt tilbehør. Det fine med mange av Bento-boksane er at dei har fleire rom og ein del smått tilbehør som kan vere praktisk. Eg har f.eks lenge ønska meg ein bitteliten tett beholdar til dressing og ketchup. Det eg bestilte kom i posten for vel ei veke sidan. Det første som slo meg at dette var jammen meg japansk størrelse… for boksen ER liten. Når boksen kom i bruk viste det seg at den rommar meir enn eg trudde. Rett nok vil der aldri vere plass til meir enn maks to skiver, og dei må delast på tvers for å komme ned i den vesle boksen. Men det positive er at der er to hovedrom der eit kan delast med ein justerbar skillevegg.

Bento1

Som de ser på bildet har ho alltid med seg noko ekstra, som ikkje får plass i boksen. Eg kjøpte for ei god stund sidan nokre sydde nisteposar i stoff, som blir lukka med borrelås. Veldig søte! Den eina har eg nøtter og mandler i, den andre skal ho ha til SFO og inneheld ei skive eller ei riskake. Ofte har ho også yogurt, skyr eller ekstra frukt (ho får frukt på SFO).

Her eit nærbilde av elefanten; ein bitte-bitteliten boks som ho i morgon får ketchup i (til kjøttbollene, rester frå i dag).

Bento1b

Og slik ser boksen ut når den er satt saman. Det er altså to hoverom som står oppå kvarandre. Det nederste er noko smalare enn det øvste. Oppå kvar lag er det eit lok som IKKJE sit fast. Over dette igjen topplokket (under topplokket er det plass til spisepinnar som fulgte med boksen, desse tok eg naturleg nok bort, og pleier putte agurkskiver her). Boksen blir lukka med ein strikk, som også fulgte med. Den kjem garantert til å komme bort, men ein kan like gjerne bruke ein syltestrikk eller hårstrikk.  I tillegg blir boksen plassert i ein pose. Posen fulgte med (på denne Bentoen, den andre eg kjøpte kom uten), men eg kjøpte ein ekstra bag som har folie inni – og dermed held den maten kjølig litt lenger kanskje?

Bento2

Og slik er bag’en eg kjøpte; syns den var veldig søt! Bag’en til poden er lik, men i blågrønt. Oppi her er det plass til boksen og dei to ekstra posane i rosa. Skyr får ikkje plass. Bildet under viser «isolasjonen» i bag’en. Den er ok, men tviler vel egentlig på at den vil ha stor effekt for kor lenge maten held seg kjølig…

Bento3

Bento4

Og til sist; bildet av lappen eg lar følge med i matboksen. Det er ikkje så lett for læraren å få med seg kva ho et. Læraren sit gjerne og les høgt for ungane medan dei et maten sin. Ho kan derfor ikkje følgje nøye med på kva jenta vår puttar i munnen. Derfor denne lappen. Den blir holdt oppdatert utover dagen ved at lærarane stryk over det som blir oppete. Dei snakkar sjølvsagt med jenta kva ho har ete, men kan i tillegg ved hjelp av lappen sjekke kva mat som er blitt borte. Vi har i tillegg lagt inn nokre tips om insulinmengde til kvar mattype. Det har vore viktig nå i starten når lærarane skal lære kva type mat har mykje karbohydrat og motsatt.

lapp

Advertisements

4 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Birgit / Sep 18 2009 19:27

    Synes dette var kjempelurt, matboks med flere rom. Snuppa har med brødskiver, men litt av ditt og litt av datt i tillegg. Litt Rugfras, litt paprika, litt rødbeter, litt agurk osv. Skal kjøpe sånn matboks til henne. Forresten, hun var kjempebegeistret for Skyr.

  2. Birgit / Sep 19 2009 12:34

    Hva er forresten disse riskakene du snakker om?

  3. kjersti70 / Sep 19 2009 12:42

    Det er sånne runde… ser ut som sammanpressa puffa ris. Inneheld absolutt ingenting nyttig og bra, men med smør og skinke /ost gir dei eit greit dytt i blodsukkeret når ho skal på SFO

  4. Solveig / Sep 23 2009 12:34

    Hei Kjersti 🙂
    Noe så lurt! Skal huske på det.

    Kom til å huske på at jeg i en annen av innleggene dine leste noe om ketcup. Vår (dvs jeg og barna hvertfall.. 😉 absolutte favoritt er Heinz – økologiske. Ikke direkte usunn – og veeeldig god. Av sennep er Bergeby veldig god. Har ikke smakt ketchupen.

    klem, S.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: