Skip to content
10/09/2009 / kjersti70

Nytt produkt – skyr!

Endelig! Nokon har tatt til vettet og tatt «skyr» tilbake til Norge» Eg har tidligare blogga om den islandske skyren. Det er ein ost (nei, dette er IKKJE yogurt) som er propp full av protein, har nesten ingen fett og ingen sukker. Opprinnelig heilt sikkert laga i Norge også, i hin hårde vikingdager, men har kun overlevd på Island. Skyr er perfekt for ein diabetiker sidan det nesten ikkje gir blodsukkerstigning. Det er også perfekt slankemat. Den høge andelen protein i skyr gjer at ein held seg god og behagelig mett leeeenge. Mannen min (som er islandsk), pleide å ete eit halvt kilo skyr til frokost, og det holdt han mett til ettermiddagen. Ikkje rart han var tynn…

At ingen norske produsentar av melkeprodukt har fatta for ein skatt skyr er, før nå, er meg ei gåte. Mannen min har sendt epost til både q-meieriene og Tine, men aldri fått svar. Eller er det på grunn av desse epostane at Q-meieriene nå er i gang? 😀 Ikkje veit eg; dei har i alle fall komme med dette:

(bilde frå Q-meieriene)

skyr_artikkelbilde

Eg oppdaga dette produktet heilt tilfeldig i går tidlig; eg måtte innom ein butikk før eg gjekk på jobb for eg hadde ete for lite frukost. Eg såg etter frukt og yogurt, og fann desse. Sporenstreks ringde eg mannen min og fortalde den glade nyhet. Og så kjøpte eg meg skyr! Fantastisk!! På norsk jord!

Til nå har vi smakt den med skogsbær og vanilje, og den med jordbær og granateple. Den siste av desse to var klart best. Skogsbær’en var temmlig sur og snurpete i munnen. Eg er ikkje så glad for at det er brukt kunstige søtningsmiddel i dette, men det klare ikkje døyve lykken over å ha fått lett tilgang til skyr. Så håpar eg at q-meieriene snart kjem med ein naturell variant. Den syns eg er den beste; rørt med sukker og fløyte. Då er det ingen slankekost lenger, men oi, så deilig dessert! Skyr kan også erstatte mascarpone i alt der mascarpone blir brukt.  Og det geniale er at skyr faktisk smakar litt «fløytete». Den har ein kremaktig, litt fast konsistens, men litt rund fløytesmak.

I følge kjelder på nettet har visst skyr blitt godt mottat så langt. Det stemmer med det eg ser i butikken; eg har til nå funne skyr i tre butikkar, og det har berre vore nokre få igjen i hylla. Eg har funne skyr på Spar, Ica og Meny, men Coop, som berre har Tine-produkt, har det ikkje.

Løp og kjøp!

Advertisements

6 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Dan / Sep 25 2009 10:20

    Islandsk skyr > Norsk skyr

    Den norske skyr-en smaker jo huggorm sammenlignet med den vi kjøpte på Island i fjor. ;-(

  2. kjersti70 / Sep 25 2009 11:15

    Eg er heilt enig i at den islandske er ein god del betre ja. Sidan posten min har eg også smakt den med bringebær – den hadde ein underlig parfymesmak. Det er noko ved aromaen som er feil. Så eg er glad for at det har komme skyr, men eg syns det er leit at den ikkje var så god som den burde ha vore 😦

    Enn så lenge syns vi nok den suraste er best – den med blåbær. Eg tar gjerne på matfløyte; det runda av smaken. Tippar dei fleste som kjøper skyr i Norge helst ikkje vil ha fett, men for oss som ikkje er så bekymra for fett, så er det ok med fløyte i.

  3. Hallvord R. M. Steen / Sep 29 2009 22:54

    Er samd i det med kunstige søtstoff. Det irriterar meg og..

  4. Jostein Borgen / Nov 23 2009 11:15

    Er dette det samme som tines mager kesam?

  5. kjersti70 / Nov 23 2009 12:49

    Nei, det er ikkje den same bakteriekulturen, og er derfor ein annan ost (kesam er ein slags ost det også). Når det er sagt; mager kesam kjem veldig nær, og når eg spurte Tine om dei hadde planar om skyr dei også, så viste dei til at mager kesam var veldig lik. Og det er den. Masse protein og veldig lite fett. Eg har satt mager kesam i traktefilter for å gjere den fastare (som skyr), og blanda inn bær og litt sukker (her kan ein jo bruke søtstoff om ein heller vil ha det). Det smakte fortreffelig, og i følge mi tunge var det nesten som den islandske skyr’en. Min mann, islendingen, meinte at det nok ikkje var heilt det samme da, men han er berre pirkete. Ergo: mager kesam frå Tine er eit godt alternativ (og sikkert billigare), men då må ein lage miks’en sjølv.

  6. Roger / Feb 7 2010 19:25

    Naturell selges også. se http://q-skyr.no/

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: