Skip to content
10/09/2009 / kjersti70

Varierte matpakkar

Vi er godt i gang med skulen. Det går veldig bra! Lærarane har tatt utfordringa på strak arm, dei vurderer matinntak og gir insulindose over ein lav sko. Jenta har fine blodsukkermål; er vel nesten jevnare på skulen enn det ho er heime. Og ikkje blir vi nedringt heller; lærarane følgjer tabellen, og alt verkar å fungere supert. I dag hadde vi rett nok eit uhell med at brønnen vart reven ut, og ho måtte hentast litt tidlig frå SFO. Slikt skjer av og til, men sjeldan.

På bildet under ser de henne sitte og ete sin nye favoritt; tomater, basilikum, cottage cheese, olivenolje  og eit lite dryss salt.

basilikum-og-tomat

Det starta med at ho spurde meg om basilikumplanten i kjøkenvindauget. Om ho kunne smake? Ho har smakt det før, og ikkje likt det, men ho er velsigna med ein medfødt nysgjerrighet på nye matvarer. Så nå smakte ho på nytt, og likte det! Så då laga eg denne salaten til henne. Nå har eg begynt å sende slik salat med henne til skulen av og til. Eg har tenkt å kjøpe inn mozarellaost, som det jo egentlig skal vere i slik salat, og sjå om ho likar den.

Matpakkane til skulen prøver eg å gjere varierte og innhaldsrike. Eg har kjøpt ein ny matboks til henne (meir om den i ein planlagt blogpost), og denne fyller eg til randen med mat ho likar. Her har vi typiske matpakkar:

A)
Spekeskinke og agurkbitar
Cherrytomater
Salatblad og sukkererter
Bitar av karbonade (frå middag i går)
Kokt egg
Nøtter
Ei skive med smør og ost
1/2 knekkebrød med ost, 1/2 knekkebrød med makrell i tomat
Ein riskjeks med smør og ost

B)
Ei plomme
Tomatsalat med basilikum, cottage cheese, olivenolje
Ferskenbåtar surra i spekeskinke
Nøtter
Eplebåtar surra i ost
Nokre pølsebitar frå i går – tomatbitar
Ei skive med leverpostei og agurk
Ei riskake
….
C)
Kyllingklubber (frå middag i går)
Yogurt
To skorper med smør og ost
Ei halv pære
Tomatsalat med skinkebitar
Ei skive med makrell i tomat
…..

Berre for å vise litt av kva den rare ungen et. Eg veit godt at dette er ikkje noko som alle 5-åringar vil finne på å putte i munnen. Ho seier «Sander sier at han liker isje nåkke av min mat» (til gjengjeld et han visstnok fint polarbrød med prim heile tida… )

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: