Skip to content
28/08/2009 / kjersti70

Skulestart

Då har vi skulejente! Overgangen frå barnehage til skule har gått veldig bra. Vi hadde førebudd oss litt, og det hjalp nok.

Skulen vart kontakta i vår, der vi fortalte om at jenta vår har diabetes (og cøliaki), og kva dette innebar. Eg trur ikkje at dei heilt forsto kor mykje jobb det er med henne, men det forventa vi i grunn ikkje heller. Sånn sett var det ein «blek men fattet» lærarstab som ved dei første skuledagane forsto at jenta måtte målast ganske ofte, og at det var dei som skulle vurdere kor mykje insulin ho skulle ha i forhold til kva ho nettopp hadde ete; og det også i forhold til kva blodsukkeret var før maten…

Her har vi henne første skuledagen, på veg opp bakken.

påveg

Eg var med dei i tre dagar på skulen, og også den vesle timen vi har for henne på SFO. Heldigvis har eg ein grei jobb som ga velferdspermisjon på grunn av dette. Eg hadde også ein presentasjon for alle lærarane på skulen etter skuletid, der eg fortalte ganske mykje om kva diabetes er, og om korleis vi har valgt å leve med sjukdommen. Overgangen frå barnehagen er stor. Læraryrket er jammen travelt! 19 elevar i klassen, og alle har noko å fortelle, alle treng hjelp til eitkvart. I barnehagen var det lettare å observere ungane og sjå til at alt var i orden. Det er det ikkje på skulen. Ei anna utfordring er at læraren stort sett er aleine med alle ungane, og har ingen å diskutere med. Eg veit at i barnehagen hadde dei tilsette stor nytte av å kunne diskutere med kvarandre og søke råd.

Men likevel har det gått veldig fint. Vi har ei bok der alle mål blir ført, kva ho et og kor mykje insulin blir gitt til kva klokkeslett. Oss foreldre skriv inn frokosten, og læraren fører på ut over dagen. Ho følger tabellen som eg har blogga om tidlegare, og til nå har vi ikkje hatt dei store svingningane. Ho har vore nede i svak føling før lunsj, utan symptom, og opp i noko over 10. Ingen store problem med andre ord, og lærarane verkar å vere fornøgde med «oppskrifta». Det heile har gått betre enn forventa, så vi håpar at dette berre vil halde fram. Til nå har ikkje skulen ringt ein einaste gong, sjølv om vi har sagt at dei sjølvsagt må ta kontakt om dei lurer på noko. Det ser ut til å fungere!

Jenta sjølv har eit avslappa forhold til det heile. Den 2. dagen på skulen spurte eg henne om det var greit at eg fortalde dei andre ungane om diabetes. Det syns ho var fint, og ville vere med fram til kateteret der eg sto. Så då viste vi fram insulinpumpa og fortalde om kva den var til, og vi målte blodsukkeret slik at alle fekk sjå korleis den fungerte. Det var mange spørsmål etterpå, bl.a. om kvifor ein fekk diabetes, og også fortellingar om besteforeldre og andre slektningar som også måtte måle seg i fingeren. I løpet av sommaren har den vesle diabetikeren vår på 5 år også lært seg å måle blodsukkeret sjølv, samt å operere insulinpumpa, så lenge ho får vite kor stor dose ho skal gi. Dette var praktisk nå når ho begynte på skulen. Eg fekk inntrykk av at lærarane syns det var ein lettelse å sleppe å vere den som måtte gjere noko med utstyret, men ha eit litt meir distansert forhold til det.

Så nå håpar vi at denne gode starten berre vil halde fram.

i klassen

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. isacathrine / Sep 4 2009 17:16

    Gratulerer med skolejente! Så bra at skolestart har gått så fint da!

    Måtte inn og lese om tabellen ders, veldig interessant. Sjangsen for at jeg får diabetesbarn i barnehagen er jo ganske stor, så det er spennende å lese her inne om hvordan det funker for dere:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: