Skip to content
14/08/2009 / kjersti70

Opp av frysedisken og ut av pølsekøen

Tittelen på denne posten er henta frå kronikken til Sjur Holsen i Bergens Tidene i dag. Eg oppfordrar alle til å lese den; den er heilt tatt på kornet (han har forresten alltid gode kronikkar). No håpar eg at nye krav til merking av fisk vil bli brukande, og vil kunne påverke bransjen, slik at det er mulig å få tak i god fisk i dette landet. Islendingane får det til forresten.

Når min islandske svigerfamilie er på besøk serverer vi aldri fisk. Og vi slit med fiskemiddagane i familien. Eg, som nordmann, greier å svelge ned dei tørre, lett transmakande fiskebitane, men mannen min, som er van med god fisk frå sitt heimland, har eit klart problem. Og ikkje kan vi forvente at ungane vil ha det heller! Men O lykke! Nå har vi oppdaga Salma-laksen!

(bildet er henta frå Salma sine nettsider)

salma2

Eg har tidlegare blogga om bekymringar rundt norsk oppdrettslaks, og den gjeld enno. Problemet er at eg gjerne vil ha ungane til å ete fisk, og jammen meg har dei fått smaken på Salma-laksen. «Godt» uttaler dei, og mor stråler av lykke. Islendingen nikkar også fornøgd. Så enn så lenge har vi slått oss på Salma-laksen og har hatt mange fantastiske fiskemiddagar i sommar – basert på Salma-laks. Og den ER fersk! Den er slakta og pakka minimum 4 timar etter at den blei tatt opp, og ved dette rekk ein å sløye fisken før han blir døds-stiv (eller kva det no heiter.. rigo mortis?) . Ei slik behandling av fisken er ikkje vanleg etter kva eg forstår; det er meir vanleg å ta fisken opp, la den henge til han ikkje lenger er stiv, for så å filetere. Deretter skal fisken pakkast og sendast, og med det har det allereie gått mange dagar før den er presentert som fersk i kjøledisken.

Ein pakke Salma er med andre ord LANGT ferskare enn laksen du ser i frysedisken. Berre prøv! På Salma sine sider finn du liste over kva butikkar som har Salma laks. Vi spør i butikken når dei får den inn, og handlar fisken same dag som den kjem, normalt onsdag og fredag i vårt distrikt. Den kan gjerne ligge nokre dagar i kjøleskapet heime utan at ein merkar noko på kvaliteten. Genialt! Kanskje laks nå kan erstatte den obligatoriske kjøttdeigpakka i kjøleskapet?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: