Skip to content
22/06/2009 / kjersti70

Vår standard kylling-rett

Enkel middag i dag. Eg er veldig glad i «rustikk» mat; med enkle råvarer. Vi har ein kyllingrett vi ofte lagar som aldri slår feil. Smaken kan kanskje vere litt uvanlig for enkelte, men om du likar smak av olivenolje og det litt syrlige, så er dette snadder. Våre ungar et også denne maten, men vel ut dei ingrediensene som dei likar.

kylling

Retten kan lagast på mange måtar; både med heil kylling, men kyllingbitar (med bein), eller med filetar. I dag gjekk det fort unna med ferdig fyllte kyllingbryst frå butikken. Desse var surra med ost og bacon inni. Elles når det gjeld tilbehør kan ein variere det etter kva ein finn i  kjøleskapet

HUSMANNSKYLLING
2 boksar kikerter (skyll dei)
2-4 gulrøtter (om du vil)
4-5 heile kvitløksfedd (om du vil)
1 løk i båtar (om du vil)
Oliven (om du vil)
Squash i bitar (om du vil)
Tomatbitar (om du vil)
Sitron i skiver, økologisk (om du vil)
Paprika i bitar (om du vil)
Urter, enten tørka eller friske (om du vil)
Olivenolje

Sett steikomnen på 200 grader. Steik kyllingbitan i panna medan du gjer klar grønsakene (heil kylling treng du ikkje steike først). Ha dei i ei eldfast form og klunk over litt olivenolje. Legg kyllingen over grønsakene og kikertene, og sett i ovnen. Kyllingbryst treng om lag 15-20 minutt for å bli gjennomsteikt, bitar med bein treng noko lenger tid, og ein heil kylling treng ein time. Ved kort steiketid blir ikkje gulrøttene særleg mjuke, men det syns vi er heilt ok i denne familien.
Server med matyogurt eller creme fraiche. Det er også veldig godt med fetaost til!

Raskt, godt og enkelt 🙂 Mine ungar et i hovedsak kylling, kikerter (spennande å stikke med gaffel), løk, gulrøtter og faktisk sitron. Sitronen er jo egentlig ikkje meint for å ete da; berre gi smak, men jenta vår momsar det i seg.

Og under er bilde av ein godt fornøgd veslebror.

ete-kylling2

Advertisements

2 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Jannhild / Jun 23 2009 10:48

    Hei igjen!
    Nam nam nam, det såg godt ut!!
    Skikkelig herlige bilder av B!!! Og hjelpes meg så lik han er på mammaen sin 😉

    Klem og ha en flott dag!!

  2. kjersti70 / Jun 23 2009 11:02

    He he he, jo, han liknar meg. Mange meiner at storesøster liknar meg så veldig, men det er faktisk HAN som liknar meg mest 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: