Skip to content
21/06/2009 / kjersti70

På eiga hand

Nå er ho snart 6 år, og vil ut! Ut etter barnehagen, ut for å møte dei andre ungane i blokkene rundt her, ut når jenta i nabolaget ringer på og spør «Ska» eg vere me deg?».

armband

Som diabetesmamma skal ein ha litt is i magen. Dersom ein har lyst til å seie nei må ein spørre seg om dette er fordi ho har diabetes, eller om det er ein annan grunn. Er det diabetes som er grunnen, så er det egentlig ingen grunn.

Eg las ein gong eit intervju med ei mor til ein gut på 12-13 som  hadde diabetes. Han var veldig glad i dataspel, så ho sa ho lot han spele så mykje som mulig, slik at han ikkje gjekk ut. Det var best at han alltid var inne. Eg vil ikkje at sjukdommen skal ta slik kontroll på våre liv, og ikkje minst kontroll over henne. Eg vil tilrettelegge slik at ho skal kunne gjere som andre barn.

Sjølvsagt må ein sørge for at ein minimerer sjangsen for at noko skal skje.  Å måle før ein går ut er sjølvsagt. I dag var ho i 10, og eg lot henne springe ut med dette litt høge målet. Eg gir sjølvsagt ikkje insulin når ho skal ut på eiga hand og springe rundt. Det er fint med ein liten buffer i slike situasjonar. Dersom  ho har eit mål på 4-5 får ho eit eple i handa med beskjed om å knaske i seg litt; dette går greit. Eg har også fleire gonger utstyrt henne med min mobiltelefon og beskjed om å komme heim når den ringer. Det har fungert  bra.  Som for alle andre barn er der også reglar for kor ho kan gå, og stort sett held ho seg nedafor blokka vi bur i, og eg kan sjå henne store deler av tida. Og som andre barn har ho formaningar om kva ein ikkje kan gjere; bli med andre heim, bli med andre voksne, ikkje la seg lokke av at dei har søte kattungar i bilen eller snop på kjøkkenet.

Eg har enda ikkje kjøpt eit smykke som seier at ho har diabetes,, men eg har eit armband til henne som eg kjøpte på SO jewlery hos Etsy; her kan ein be om kva tekst som helst. Det vanlige er berre navnet. Eg tenker som så at om ho besvimer der ute ein stad så vil folk kikke på armbandet, etter navn, og få den viktige informasjon om at ho har diabetes. Sjølvsagt burde vi også skaffe noko med navn og nummer, men eg stoler på at folk i det minste greier å få henne til lege om noko skulle skje.

Her er bilde av henne i dag:

utforske1

utforske2

Advertisements

2 kommentarar

Kommenter innlegget
  1. Lotte / Jun 22 2009 07:44

    Heisan
    Har vært inne og lest på sidene dine – kjempeflotte! Fikk tips via min søster som hadde fanget opp adressen din på Jannhild sine sider.

    Vi har en jente, Kaja, som fikk diabetes for 6 uker siden. Hun er 6 år akkurat som din jente! Det hjelper virkelig å lese på disse sidene. Du skriver så «positivt» om ting, og det gir håp om at dette ikke er en umulig oppgave.

    Jeg kjenner meg så igjen i alt du skriver…

    Ønsker dere fortsatt lykke til og jeg kommer til å følge med på sidene for å hente tips og inspirasjon.

    Ha en fin sommer! Hilsen fra Lotte

  2. Jannhild / Jun 22 2009 14:16

    Hei på deg!!
    Ja her inne er det alltid kjekt å komme inn å lese!! Du har alltid noko på lur 🙂 Og så skriver du så bra!! Og om alt mulig!!

    Ja eg kvir meg til eg skal begynne å sleppe mi ut på eiga hand meir og meir….men så er jo mi lille bare snart 5 år, så eg har vel lov til å halde litt igjen!!?? Men merker allerede nå at ho vil meir og meir, og det er ikkje alltid det passer å følge ho ned på lekeplassen… Meiner å huske at dei to eldste fekk lov til å gå ned der aleine i den alderen, og så kikka en etter dei. Merker eg er litt meir reservert over for Maren….
    Kanskje eg skal få tak i et slikt fint armbånd til mi og, det var så søtt!!

    Eg prøver å ringe deg i kveld, så får eg høre mer om mengder mat i forhold til hva dåke bruker for ingen, lite, moderat, mykje og masse 😉

    Klem og snakkes 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: