Skip to content
12/06/2009 / kjersti70

«Ta vare på boksar»

Ja, ikkje veit eg kva «oppbevaringsboksar» heiter på nynorsk.

Her er bilde av to av mine pastaboksar, og slik merker eg glutenfritt og glutenhaldeg. Smil og sur munn 🙂 Alt som er utan gluten i vår heim er assosiert med det positive. Lett å forstå for både store og små. NB: når du merker mat; merk på sjølve boksen, ikkje på loket, særleg om du bruker like boksar til glutenfritt/glutenholdig mat. Det er fort gjort å bytte om på lok, særleg når ein kokar to typar pasta.

ja-og-nei-pasta

Kvifor eg brukar boksar? Jo, det stablar seg betre enn ørten ulike typar øskjer og posar. Og kanskje enda viktigare: eg har to gonger fått larvar i kjøkkenskapet. Siste gongen sverga eg på at det ALDRI skulle skje igjen. Eg trur det er noko av det eklaste eg har opplevd!! Fysj! (tips: dersom ein meiner at ein treng oppskrifta bak på produktpakkane kan ein klippe dette ut og dytte ned i boksen. Eg gjer dette for min Geisha grautris. Eg greier aldri å hugse oppskrifta… Er datostempel viktig noterer ein dette på ein bit tape og klistrar på).

Tingen er at eg aldri har gått til innkjøp av større system for å ta vare på matvarer i boksar. Mange meiner Tupperware er det beste. Desse trur eg fungerer veldig bra, og eg har fått ein del slike av mor mi, og syns dei er ok. Eg har sett Tupperware sitt system for «å ta vare på» mjøl, pasta, korn og diverse slikt. Det heiter Modular mates og ser ut til å vere veldig bra, men spesielt spennande design er det ikkje, og prisen er svært høg. Eg syns dei er litt… triste…

Som nevnt over har eg nokre småboksar frå IKEA sin 365-serie, og desse syns eg verkeleg er fine. Dei låge er supre til pålegg; skinke eller røykt laks t.d. Dei stablar seg fint i kjøleskapet og det viktigaste av alt er at ein kan sjå gjennom loket. Gjer ein ikkje det kan ein berre gløyme heile pålegget; eg ser det ikkje, ergo eksisterer det ikkje, ergo går det surt. Serien har også boksar i gjennomsiktig plast, meir meint for mjøl og pasta. Desse har eg ikkje kjøpt, men dei ser veldig fine ut! Einaste er at eg er litt skeptisk til den litt avrunda formen. Vil dei «stacke» seg fint inn i skapet? Blir det gliper mellom boksane? Vil dei velte i ei hylle som blir trekt ut? Hmm… skeptisk, men prisen er fantastisk! 29 kroner for ein boks som tar over 2 liter! Forresten har eg tre slike boksar. Ein har eg glutenfrie knekkebrød i; desse frå Semper i vanlig knekkebrød-storleik. Slik er eg sikker på at dei ikkje blir forurensa av glutensmular på kjøkkenet. Så har eg ein der eg har tatt ut skilleveggene i. Her har eg pålegg og diverse som vi brukar dagleg. Eg har heile boksen i kjøleskapet, og når vi skal ha pålegg dreg vi fram denne boksen og forsyner oss av innhaldet. Den siste boksen av denne typen som eg har er også utan skilleveggene. Denne er i kjøleskapet i barnehagen og rommar jentungen sitt pålegg.

I det siste har gått til innkjøp av fleire boksar av merket OXO som eg fann på Jernia. Dei er heilt klart dyrare enn IKEA sine, men eg likte veldig godt opne- og lukkemekanismen. Veldig enkelt med ei deigete hand! Ein dyttar lett på feltet øverst, og det klikkar seg opp og løsnar loket frå boksen. Ein kan berre løfte det av. Enkelt, også for 4-åringen i huset!

oxo

Boksane kjem i mange storleikar, står ganske tett saman i skapet (ei lita glipe er det riktig nok), og kan lett stablast. Me like. Eg trur eg må ha fleire.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: