Skip to content
12/06/2009 / kjersti70

Kveldssnack

kveldssnack

I dag var vi i barnebursdag igjen. Og det blei to store skåler med gele og vaniljesaus, ein muffin og snopepose når vi gjekk. Når ho var klar for å legge seg var blodsukkeret på 4,5. Jenta var ikkje nett sulten, så far foreslo ein liten kveldssnack: Whiskeypinne med hjertesalat.

Ja: whiskeypinne frå Fersk as. I følge reklamen er dette «Kaldrøkt og lufttørket ølpølse med smak av skotsk whiskey». Ikkje nett det ein pleier kjøpe til sine barn, men vi har nå gjort det. Og jenta vår likar dei veldig godt! Til forskjell frå dei andre ølpølsene i same merke er det lite sterke krydder i denne pølsa, men her er rikelig kvitløk. Smaken er kraftig, svært aromatisk, men ikkje skarp. Eg puttar gjerne ein snei av denne pølsa i matboksen. Ho gomlar det med glede. Er du opptatt av å unngå fett så er nok ikkje denne pølsa det beste, men enn så lenge har ikkje dette hatt noko sterkt fokus hos oss (jentungen har faktisk blitt tynnare det siste året).

Rulla i salatblad blir dette ein fin liten snack 🙂 Og der kom eg på ideen om at vi kan jo ha hjertesalat med i bursdagar, så kan ho surre den obligatoriske pølsa si i dette. Ho bryr seg lite om brød til pølsa, og eg ser at dei små vennene hennar er blitt inpirert til å droppe pølsebrødet dei også….

kveldssnack2

blid

Advertisements

One Comment

Kommenter innlegget
  1. Fhung / Jun 23 2009 15:18

    Hi Kjersti… just wanted to say how Birna (and Brynjar too) has grown so much! Beautiful happy children! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: