Gå til innhald
10/06/2009 / kjersti70

Slik gjer vi det

Her er heile grunnprinsippet for vår behandling av jenta vår sin diabetes. Ein liten tabell i lommeformat som i dei aller, aller fleste tilfelle gir god indikasjon på kva som er riktig insulindose til ei kvar tid. Tabellen blir brukt av oss alle; meg, mannen min og alle dei tilsette i barnehagen som gir henne insulin (dei er vel 4-5 stk). Barnehagen ringer oss ikkje for å vite dosen; dei berre følger tabellen.

tabell

tabell2

Æra for tabellen skal mannen min ha. Han gjekk gjennom våre eigne og barnehagen sine blodsukkermål over nokre veker og brukte dette som grunnlag. Den er basert på observasjonar over kva ho åt, kva ho fekk i insulin, og kva neste blodsukker var på (altså, om dosen som blei gitt var riktig eller gal). Sidan første tabell vart laga for nokre år sidan har vi justert den to gonger. Meir har det ikkje vore trong for; det verkar som at når ein først har funne doseringa så held den ei god stund.

Det aller beste med denne tabellen er at den gir frihet; det blir ikkje slik at det er eit menneske som kjenner den hemmelige trylleformelen til å halde jenta i balanse. Tabellen kan brukast av alle, med litt opplæring i kor mykje karbohydrat det er i ulike typar mat.

Merk altså at tabellen har fleire ulike kolonner som går frå «ingen» til «masse». Her dreier det seg om karbohydrat. Og nei, det dreier seg ikkje om sukker eller mengden av mat (som ein lege på sjukehuset trudde). Det dreier seg om karbohydrat  og mengden karbohydrat. Nesten all mat får blodsukkeret til å stige, og potet med smør krev meir insulin enn 2-3 ruter med melkesjokolade.

Tabellen fungerer slik: Vi måler jenta før ho skal ete. Deretter ser vi kor mykje ho et og vurderer om dette er «ingen» karbohydrat (ei stor skål med jordbær), om det er «moderat» (eit knekkebrød med pålegg)  eller «masse» (pommes frites). Så går ein i tabellen og finn blodsukkermål før matinntak og les av dosen i riktig rad / kolonne. Det beste med det heile er at det stort sett fungerer! Barnehagen er også svært fornøgd; dei har ei medisinering å forholde seg til som er gitt av oss, og dei syns tabellen er lett å bruke og ser at ho stort sett held seg på det nivået ho skal ligge.

Merk også at kolonnen for «ingen» blir brukt i tilfeller der ho blir målt til å vere for høg og utan at ho skal ete. For å senke henne ned til eit greit nivå kan ein gi ingen-dosen.

Med lita skrift nederst på tabellen står formelen for nattdosen. Når ho søv treng ho mindre dose insulin. I alle fall vår jente. Min nerdete mann har komme fram til ein formel som verkar svært godt. Det hender vi gir ørlite mindre dersom ho åt litt lite til kveldsmat, eller har vore svært aktiv den dagen.

Døme: i dag før middag var ho i 6,7. Ho åt ein god del kylling (lite karbohydrat), litt quinoa (lite karbohydrat), og ein klatt med potetstappe og spinat (her er ein del karbohydrat). Eg vurderte dette til moderat med karbohydrat og las av i tabellen. Ho fekk med andre ord 1 enhet med insulin. Deretter blei ho ikkje målt før nå nylig, etter at ho har sovna. Målet var då 6,2 og ho er godt klar for natta. Truleg vil ho i timane framover nå stige litt, før blodsukkeret senkar seg igjen rundt 04 og utover. Ho vaknar nok rundt 6 ein stad, og oss vaksne kan sove godt 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: