Skip to content
10/06/2009 / kjersti70

Quinoa II og kylling

Nam!

quinoa-og-kylling

I dag hadde vi restemat; kylling frå to dagar sidan, og ei gryte quinoa med masse godt i. Quinoa var eit nytt produkt for meg fram til for nokre månader sidan. Eg har skreve meir om dette her. I utgangspunktet er quinoa var litt kjedelig (slik som potet), men etter litt prøving og feiling ser eg at dette er fantastisk mat. Oppskrifta under er den vi brukte i dag, og dette var verkeleg godt, særlig om ein likar italiensk smak av olivenolje og parmesan. Eg skal ikkje påstå at dette nødvendigvis vil slå an hos dei aller minste, men jentungen vår smakte på det fleire gonger og syns det var godt.

Quinoa til kjøtt (nok til 3 voksne)
250 gr. quinoa (eg brukte raud quinoa, men andre typar går også fint)
2,5 dl. kyllingkraft eller vatn+buljong
1 ss smør
2 sjallottløk eller 1 liten løk eller 1 liten purre
3-4 ss vatn
1 ss olivenolje
2 små tomater i terningar
1 avocado i terningar
2 ss parmesan
litt hakka basilikum om du har
1 ss sitronsaft, om du har
Skyll quinoa i eit sikt. Vatnet skal vere klart. Kok deretter i ca. 10 minutt i kraft eller buljong. Smelt smør i ei ny gryte og surr løken litt. Ha i quinoa og olje. Rør rundt og la det trekke nokre minutt. Ha deretter i tomater, avocado, parmesan, basilikum og sitronsaft. Smakt til med salt og pepper.

Når det gjeld kyllingen som eg laga for to dagar sidan, så var denne oppskrifta like såre enkel og like god på smak. Eg hadde eit godt utgangspunkt med ein veldig god (og ganske dyr) kylling, men eg trur det vil bli ein bra rett med meir ordinær prior-kylling også. Ikkje fullt så godt, men godt nok 😉 Eg brukte eit bryst og eit lår med bein.


Kylling og tomat
Kyllingstykker, nok til alle, gjerne med bein.
3-5 sjallottløk eller 1-2 vanlig løk
2-4 kvitløksfedd
1-2 boksar hakka tomat
1/2 – 1 glas med artisjokkhjerter i olje (dette kan du droppe) (men er veldig godt)
Varm olje i ei steikepanne og fres kyllingen på ganske god varme slik at den får fin farge. Senk temperaturen og ha i løken. La den surre litt før du tømmer i tomatene (brukar du full oppskrift med mykje kylling bør du nå ha ei diger gryte… ). Legg på lokk, skru ned varmen og la det putre ein halv time medan du lagar resten av maten. Snu kyllingen i ny og ne. Brukar du kylling utan bein kan koketida bli noko kortare. Mot slutten kan du ha i artisjokkhjerter slik at dei får litt varme. Før du serverer bør du sjekke eit lårstykke om det er gjennomkokt.


Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: