Skip to content
03/06/2009 / kjersti70

«fordi da spiser vi så god mat»

Det var Snuppa sin uttalelse i dag, når eg spurte kva som var kjekkast med bursdagsfeiring (vi var å veg til bursdag). Det var altså den gode maten som kom først (deretter å sjå på presangane som blei åpna – spennande). Men det at den gode maten kom som nummer ein seier til meg at vi har nå fått til noko da. At jenta med diabetes og cøliaki først og fremst gler seg til barnebursdag på grunn av den gode maten fortel meg at all jobben har gitt resultat 😉

Og bursdagen gjekk heilt fint den; med pølse utan brød, dyppa i ketchup (og veninna ved sida avbestilte sitt brød og ba om ketchup på tallerken ho også). Deretter Almondy daimkake som bursdagsbarnets foreldre hadde kjøpt inn til cøliaki-barnet (og andre som ville ha), masse popcorn, og til sist godtepose som vanlig.

Eg målte blodsukker to gonger i løpet av dei to timane bursdagen foregjekk, ga gode dosar insulin, og ho kom heim med eit blodsukker på 4,5. Eg har nå målt på nytt etter at ho har sovna, og det har stege til 13, på grunn av den store sukkermengden og at bolusdosane eg ga tidligare har slutta å verke. Då ga eg henne nokre forsikte insulin-dytt på pumpa for å senke henne litt nedover. Eg trur blodsukkeret skal holde seg fint i natt. Det hjalp at eg fekk i henne litt mat før vi gjekk til feiringa; eit salatblad og nokre bitar lasagne. I selskapet åt ho to pølser før sukkeret blei servert. Slikt hjelper litt.

I morgon er det førskuledag for jenta, og det blir spennande! Vi har tidlegare i vinter vore i kontakt med rektor, slik at dei er godt informert om at det kjem ei jente med diabetes i klassen. Før sommarferien skal vi ha eit møte mellom oss, rektor, kontaktlærar, helsesøster og avdelingsleiar i barnehagen ho har vore i sidan ho var 1 år. Det trur eg blir bra! Det er litt som ein stafettpinne dette her; nå går den frå barnehagen til skulen, og dei har masse erfaring og kunnskap å formidle. La meg få legge til at vi har hatt ein kjempebra barnehage med fantastiske tilsette. Gull verdt!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: