Skip to content
03/06/2009 / kjersti70

Basic lasagne

Korleis ein snur og vender på det er ikkje lasagne spesielt bra for blodsukkeret, men det hjelper på om ein har ein del grønsaker i og serverer (og faktisk et) salat til. Brød som tilbehør bør ein droppe; det er meir enn nok karbohydrat i lasagneplatene og i den kvite ostesausen. Eg brukar alltid ei veldig enkel og veldig nøytral oppskrift på lasagne. Den er god og aromatisk, men har lite futt. Ergo kan den serverast til både 3-åringen og til farfar. Oss andre gir eit ekstra dryss med pepper og salt, og det gjer at lasagnen smakar godt! Ikkje gløym salaten; den syns eg er heilt sjølvsagt til lasagne. Faktisk er det godt med feta og oliven i salaten, og eg veit det høyres litt rart ut. Men eg syns altså det.

Lasagne:
1 pakke glutenfrie lasagneplater; Semper sine er veldig gode!

Til kjøttsaus:
4-500 gr. karbonadedeig, gjerne økologisk
1 stor løk
2 fedd kvitløk
det du har av grønsaker, f.eks ei stor gulerot og/eller litt hakka sopp og/eller ein stilk selleri
2 boksar hakka tomater + litt vatn til å skylle boksane reine
4 ss tomatpuré (tube er praktisk)
1 buljongterning (sjekk at den er glutenfri)
1 ss tørka oregano eller anna krydder du måtte ha

Til ostesaus:
ca. 3 ss smør
ca. 3 ss glutenfritt mjøl, t.d. Toro fin mix (ikkje kakemiks!)
nok melk (det tar eg på slump, men ca. 7 dl. kanskje?)
1/2 pose riven ost, eg brukar blanding av cheddar og mozarella. Resten av osten går på toppen
riven muskat – smak til
salt

Hakk grønsakene og steik både dei og karbonadedeigen. Ha deretter i tomater, tomatpure, nokre få vass-skvettar frå tomatboksane (for å skylle ut alt), buljong og oregano. La dette stå å putre medan du lagar ostesausen:

Smelt smøret og rør inn det glutenfrie mjølet. Spe med melk til ein passe tjukk saus. Rør inn osten; sausen vil nå tjukne, så du kan kanskje spe inn litt meir melk. Ha i riven muskatnøtt (nam nam) og litt salt.

Sett steikomnen på 220 grader og finn fram ei eldfast form på ca. 40 x 40 cm. Andre storleikar kan også fungere, men dersom forma blir for stor blir lasagnen for tynn!

Start med eit lag kvit saus; ikkje meir enn at det dekker ca. 0,5 cm i botn. Legg lasagneplater over, og knekk dei forsiktig til slik at du får dekka det meste. Aus over litt kjøttsaus og dytt det forsiktig rundt slik at det meste av platene er dekka. Over kjøttsausen legg du eit nytt lag med kvit saus; pass på at du får nok i kantane slik at lasagnen ikkje blir tørr her. Legg deretter eit nytt lag med plater, deretter kjøttsaus osv. Eg fekk nok til tre lag plater (og då hadde eg ikkje fleire plater igjen). Det er fint om du kan avslutte med eit lag kvit saus, men det går greit med kjøttsaus også. Dryss på ost til slutt.

Steik i ein time midt i omnen. La lasagnen kvile i 10 minutt før du serverer, den er varm! Desse minutta brukar du til å lage ein enkel grøn salat, kuttar litt tomater for den som vil ha det, og dekker bordet 🙂

Retten tar tid å lage, så den er ikkje egna for kvardagar. Har du derimot restar, som ein ofte får av denne oppskrifta, så er den veldig god oppvarma frå frysaren!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: