Skip to content
28/05/2009 / kjersti70

Blomkålsuppe!

Rask, god, enkel og billig middag i dag. Blomkålsuppe 🙂

suppe

Når suppe skal serverast til middag syns eg ikkje at ein kjem utanom brød. Vi har droppa brød til mange middagar, men nettopp til suppe så høyrer det med. I dag henta eg kvitløksbaguetter frå frysedisken til oss som tolererer gluten, og kjøpte Semper sine (dyre) små rundstykker til jenta. Deretter kjøpte eg ein boks med ferdig kvitløkssmør som eg dytta inn i dei glutenfrie rundstykkene. Mine ungar er veldig glad i kvitløk 🙂

I dag hadde vi steikt flesk til (av enkelte også kjent som bacon). Eg likar best å kjøpe flesk i heile stykke og kutte opp sjølv i terningar. Det treng litt steiketid for å bli sprøtt og brunt, men eg syns det smakar betre enn ferdig skiva flesk. Andre ting du kan ha til suppa er ostesmørbrød og/eller strødd ost på toppen og/eller eit dryss med friske urter.

Blomkålsuppe:
1 liter buljong eller vatn +  grønsaksbuljong
1 blomkålhovud, helst økologisk så er du sikker på at det er reint og fint
3 dl melk eller matfløyte
2 ss glutenfritt fint mjøl, f.eks Toro fin
Kok opp buljong. Vask blomkålhovudet og kutt det i fire. Legg det i buljongen og la det koke i 10 minutt. Bruk stavmiksaren din (som alle møblerte hjem bør ha) og kjør blomkålhovudet heilt til mos (dersom du vil ha bitar av blomkål i suppa kan du sjølvsagt ta ut noko før du brukar stavmiksar). Pisk saman melk med mjøl og ha dette i suppa. La det koke nokre minutt og smak til med pepper. Har du brukt buljongterningar er suppa som regel salt nok, og i alle fall om du har stekt flesk til.
Blomkål kan gjerne byttast ut med brokkoli!

Heile familien hadde glede av dette måltidet. Minsten konsentrerte seg nok helst om kvitløksbaguettane da, men han dyppa litt i suppa av og til, og det sneik seg inn ein fleskebit i ny og ne. Snuppa forsynte seg godt av alt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: