Skip to content
27/05/2009 / kjersti70

Squash og tomater

Middag i går: steikt laks med squash og tomat-form. Det var veldig godt!

squash

Fisken lagde eg heilt enkel: fiskestykker i form, inn i ovn på 200 grader. Ved sida av fiskeforma var det plass til squash-forma. Til denne brukte eg to tomater, ein squash, litt matfløyte, litt ost, samt salt og pepper. Eg skar opp squash og tomater i skiver og la dei i forma. Deretter hadde eg på litt matfløyte; ikkje slik at det dekka grønsakene, men nok til at dei hadde tærne i væske. Deretter dryss av salt, pepper og riven ost (ikkje mykje). Dette steikte eg ved sida av fisken; eg tippar det tok ein 15-20 minutt.

Med nokre grøne blad til, samt rømme, var det unødvendig med poteter eller ris. Kjempegodt! Squash- og tomatforma trur eg vil passe godt til lyst kjøtt også, samt grillmat 🙂 Og ein til var veldig gledelig: eldstebarnet åt mange bitar med laks for første gong; påsto til og med at det var godt! Endelig er vi der 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: