Skip to content
13/05/2009 / kjersti70

Gjensyn med nåla

Det er fryktelig lenge sidan sist. Jenta hugsar ikkje korleis det var å få insulinsprøyte i magen og låret, dvs. insulinpenn. I dag måtte vi bruke den igjen, og det gjekk ho litt motstrebande med på, men det gjekk heilt fint.

insulinpennTingen var at barnehagen var i Akvariet i Bergen. Og ved eit tur til toalettet greide ho å rive brønnen på pumpa av. Eg tippar ho var tissetrengt, og røska buksene ned 😀 Brønnen er altså der sjølve nåla er, som går inn under huden. Denne skiftar vi 2 gonger i veka.

Ho hadde ikkje insulinpennar med (som ein egentlig skal ha med seg som backup uansett kor ein går). Dei tilsette i barnehagen har aldri gitt henne insulin med penn, så dei kunne uansett ikkje ha hjulpe henne. Dei ringde naturlig nok oss, dvs meg, som befant meg i ei myr, på jobb, langt utanfor byen 😀 Da var det jo veldig greit at mannen min har jobb ikkje langt frå Akvariet, så eg ringde han og han henta jentungen. Dei tok drosje heim. Då var blodsukkeret komme opp i 23, og ho fekk då velge om ho ville ta 2 enheter med penn, eller sette ny brønn utan Emla-krem (den må helst verke ein time, det var det ikkje tid til). Da valgte ho penn, trur det var litt at ho var nysgjerrig på korleis det var.

Eg fomla litt med å sette den saman; har heilt gløymt ut korleis det var. Det var greit å få repetert det!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: