Skip to content
13/05/2009 / kjersti70

Det er snart tid for rømmegraut!

Ei av utfordringane for ein cøliaker i samband med 17. mai er rømmegrauten. Denne  har kveitemjøl i seg! Jenta mi likte godt rømmegraut, men etter at ho fekk påvist cøliaki har ho naturlig nok ikkje fått det. Ho hugsar likevel grauten; og det syns eg er ganske bra; ein femåring hugsar graut ho ikkje har fått på over to år! 😀

For to dagar sidan fann eg ut at eg ville prøve å lage glutenfri rømmegraut til henne. Eg skal først berre innrømme ein sak: eg har ALDRI laga rømmegraut frå grunn av. Eg har.. ahem.. kjøpt pose frå Toro, eller brukt Fjordland sin ferdige. Det var på tide å lære seg dette skikkelig! Sidan eg helst ikkje ville lage to typar graut, og vurderte den glutenfrie som eit eksperiment, kjøpte eg ferdiggraut til oss i familien som tåler gluten. Til jenta sin graut googla eg «rømmegrøt» og plukka ei heilt vanlig oppskrift som såg grei ut. Eg brukte framgangsmåten som blei beskreve, og erstatta kveitemjøl med samme mengde fin glutenfri mjølblanding frå Toro.

Det funka suverent! Å lage grauten var lett, og smaken var riktig god! Mengden mjøl er tross alt liten, så den vesle smaken av glutenfritt mjøl var på ingen måte framtredande. Denne kan alle ete, utan at ein rynker på nasen. Det gjer vi neste gong!

Og i forhold til diabetes er sjølvsagt ikkje rømmegraut å anbefale. (Det er veldig som eg bloggar om usunn mat for tida, men det er jo 17. snart!) Mykje sukker, både i rømmen og i sukkeret oppå (vi bruker vanlig sukker på maten hennar), og så er det jo godt med FETT i dette også. Likevel gjekk det heilt fint å kontrollere med insulin. Eg ga henne ein god dose, og blodsukkeret resten av kvelden og natta var jevnt og fint. Det hjalp nok litt at ho åt ein god del spekeskinke til 🙂

rommegr

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: