Skip to content
07/05/2009 / kjersti70

Rask snack

Eg har nettopp momsa i meg siste bit av ein slik ein:

cmdc

Eg kjøpte den til meg sjølv, nysgjerrig på kva dette var for noko. Produsenten er «Eat Natural«, britisk, og svært mange av produkta er på nettsidene markert som glutenfrie. Denne bar’en inkludert. Kjøpt på Safari, Veskanten i Bergen, og er kanskje mulig å få tak i andre stader også? Min bar var med mørk sjokolade, makademianøtter, tranebær, kokos og diverse anna snadder. Den var veldig god! Eg trur ganske sikkert at Snuppa vil like dette her; og ein slik bar er veldig fin glutenfri følingsmat, eller berre ein snack når ein treng å pumpe opp blodsukkeret litt. Mengden karbohydrat er høg; heile 47, så sunn er den IKKJE. Likevel; nøtter og bær kan vi godt ete meir av, og det er eit godt alternativ til meir usunne variantar av sjokolade.

Produsenten har også lunsjpakkar til barn – med over 70  prosent karbohydrat, mykje av dette er sukker. Nå er dette Storbritannia da, så ein kan kanskje ikkje forvente så mykje 😉

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: