Skip to content
06/05/2009 / kjersti70

Gilde!

Eg slår eit slag for Gilde i kveld; rett og slett fordi dei gjerne har gode glutenfrie varer der andre merker sviktar. Eit klassisk eksempel er leverpostei. Eg skulle ønske nokon kunne forklare kvifor ein må ha kveitemjøl i leverpostei; det verkar ikkje logisk og ein burde enkelt kunne erstatte dette med t.d potetmjøl. Slik som Gilde har gjort!

Her er ein av dei mange leverposteiane dei har, og så vidt eg kan sjå er alle leverposteiane dei har glutenfrie. Go» og mager-serien til Gilde kan eg anbefale: lite fett og som regel er innhaldet kjøt i produktet høgare enn i andre varer. Slikt kan ein like! Leverposteien under har også Omega 3!

go-og-mager-leverpostein

Og så er denne pakken med kjøttboller som også er Go» og mager. Denne tyr vi til når det er travelt (jada, eg veit ein kan lage betre kjøttboller sjøl og fylle frysen, og det gjer eg av og til, men dog, man er da småbarnsmor). NB: er steikt i palmeolje, og det skulle eg gjerne sett blei endra til eit betre alternativ. Eg syns at kjøttbollene er best steikt på panne, men dei kan også varmast i ein saus. Dei er gode med tomatsaus til pasta, deilige med fløtesaus og grønsaker, er eit mildt og fint alternativ for barn når ein har tapas-liknande rettar, smakar godt med feta og salat i pitabrød, kan serverast berre med salat, tomat, agurk og dip, og er generelt sett veldig anvendelige. Kan erstattast med Gilde sine Stekte kjøttboller (for all del: IKKJE Svenske kjøttboller, dei har kavring og dermed gluten).

go-og-mager-kjc3b8ttboller Og til sist; det «beste kjøttet i verden», i følge 5-åringen. Gilde sin svinekam.  Den varmar eg i vatn i ei gryte medan potetene kokar. Serverer med kvit saus (som eg lagar med fin glutenfri blanding frå Toro) og grøne erter, fortrinnsvis frosne som har fått eit raskt oppkok. Svinekammen er også kjempegod med Waldorffsalat til, det lagar vi av og til om sommaren. Snuppa får gjerne bitar av svinekam med seg i matpakken saman med diverse småtteri av salat og tomat. Min kresne 3-åring et også svinekam, sjølv om han er sjølvpålagt vegetarianer. Han har nemmelig eit viktig unntak: pølser, og når eg kutter svinekam opp, så ser det litt ut som pølser….

rc3b8ykt-svinekamDet var dagens reklame for Gilde! Det er ikkje det at eg meiner at Gilde er uovertruffen alle andre kjøtprodusentar, men dei har fleire gode produkt som er glutenfrie der andre produsentar sviktar. Det fortjener ein post!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: